Etter at Liz Truss måtte gå av som statsminister etter berre 45 dagar, står stillinga ledig. Namn som Boris Johnson og Rishi Sunak blir nemnt som mogleg arvtakar. Ein vill artikkel antydar at til og med Donald Trump kan bli statsminister.
Eit namn som har dukka opp på nettsida Wikispooks, er Penelope Mary Mordaunt, eller Penny Mordaunt, som ho som oftast blir kalla. Ho vart av Liz Truss i september utpeikt til leiar av House of Commons og sokalla Lord President of the Council. Før det var ho handelsminister utpeikt av Boris Johnson, forsvarssekretær utpeikt av Theresa May, statssekretær for internasjonal utvikling, og likestillingsminister.
Ho vart skildra som ein «mørk hest-kandidat» for å overta statsministerposten etter Boris Johnson, men vart eliminert frå løpet då ho berre fekk støtte frå 105 Tory-MP-ar, samanlikna med Rishi Sunak (137 kollegaer) og Liz Truss (113). Etter at Truss gjekk av, bekrefta Mordaunt 21.oktober at ho ville stille i leiarvalet til Det konservative partiet. Ho er den einaste som har bekrefta at ho vil stille som kandidat, men ein spekulerer om Rishi Sunak og Boris Johnson òg vil stille.
Ho har vore parlamentsmedlem sidan 2010, då det var val i Storbritannia (sokalla General Election). Ho var fyrste kvinne som hadde tittelen Minister for væpna styrkar ved forsvarsministeriet, og fyrste kvinne som hadde tittelen forsvarssekretær. Ho har erfaring frå marinen, noko ho nemnde då ho erklærte sin intensjon om å erstatte Boris Johnson. Dette skal vere andre forsøket hennar på å bli statsminister.
I sin lidenskapelege tale hevda ho at dersom ho blir statsminister, skal ho gjeninnføre tradisjonelle Tory-verdiar. Diverre var dette berre tomme ord, sidan det viser seg at ho berre er nok ei Klaus Schwab-nikkedokke, ein Young Global Leader. Schwab sa følgjande om desse folka i eit intervju frå 2017: «Det vi er særs stolte av, er at vi har penetrert dei globale kabinetta i land med våre WEF Young Global Leaders.»
Mordaunt skal visstnok ha skrive sin eigen versjon av Schwab sin Great Reset, som har tittelen Great Britain After the Storm. Der kjem ho med liknande påstandar som sin mentor Schwab om verda, samfunnet og økonomien. Telegraph kalla boka «den viktigaste politiske boka som ingen har lese, enno.»
Føreordet til boka er skrive av hennar gode venn Bill Gates.
Wikispooks skriv: «Dersom Mordaunt blir statsminister, vil Storbritannia bli offer for alle dei ny-marxistiske ideologiane som er fremja av Schwab: Total kontroll over pengane dine, mat, straum og Internett. Ikkje lat den fine innpakninga narre deg; Mordaunt representerer ein trugsel mot sjølve demokratiet.»
Ein forfattar og journalist ved namn Clifford Thurlow skriv følgjande om denne Young Global Leader-dama:
«Penny Mordaunt er den pertentlege dama frå landsbygda med eit jordleg smil og eit hjarte av stein. […] Ho vil bli ein fabelaktig statsminister for dei digre konserna, oljeselskapa, dei amerikanske farmasøytiske kjempene som slit NHS i stykke, våpenindustrien og kvar ein tvilsam utleigar, gjengleiar i byggindustrien og kompisar som skjuler pengane sine på hemmelege kontoar og som ikkje betaler skatt.»
Dersom Penny Mordaunt blir statsminister i Storbritannia, vil nok kvardagen i øyriket gå ganske so mange steg nærare det dystopiske marerittet som er skildra i den britiske serien Black Mirror. Og George Orwell vil rotere i grava.