Kva dreiv Anthony Fauci med i månadene før «pandemien»? Hans offisielle arbeidskalender frå november 2019 til mars 2020 er no offentleggjort

Av Adam Andrzejewski. Henta frå hans Substack. Omsett av saksyndig.

Ei time-for-time-tidslinje over kven dr. Fauci snakka med, kva han dreiv med og kor møta hans fann stad i månadene før og etter offentleggjeringa av pandemien.

Tysdag 14.januar 2020 klokka ni om morgonen, kom dr. Anthony Fauci saman med staben ved National Security Council – presidenten sin rådgjevingsstab for nasjonal tryggleik og utanrikspolitikk – for eit møte i Eisenhower Executive Office-bygningen om det nye koronaviruset. Fauci ville halde fram med å halde møte i konfidensielle settingar resten av den månaden.

Fauci sine kalendernotat inkluderer NSC-møte, Kvite Hus Situation Room-møte, og møte i andre konfidensielle settingar, i det Covid-19 braut ut i Kina. (So vidt vi veit, har ikkje eksistensen av dei møta før 28.januar 2020 blitt offentleggjort tidlegare.)

Fredag 24.januar, fire dagar etter at Kina innrømte menneske-til-menneske-overføring av viruset, byrja Fauci å ta del i ei lita Covid-diskusjonsgruppe som fyrst fann stad i «Anthony sitt kontor» i ein bygning ved sida av Det kvite hus. Anthony, i sitt tilfelle, ser ut til å vere ein NSC-tilsett og ein ekspert på bioforsvar og Kina.

I eit flashback til desember 2019, då pasientar i Wuhan møtte opp på sjukehus med uidentifiserte lungebetennelse-tilfelle, var Fauci til stade på ein middag i regi av National Institutes of Health/Bill og Melinda Gates-stiftinga 19. og 20.desember, det sjette årlege arrangementet for NIH-personale og leiarar i Gates-stiftinga.

Om morgonen 19. sendte milliardær Bill Gates ut ei Twitter-melding om sitt eige håp for dei komande åra, og si no sannspådde føreseiing: «eit av dei beste kjøpa i global helse: vaksinar.»

I dag veit vi berre om desse møta fordi organisasjonen vår i OpenTheBooks.com, i partnarskap med folkeinteresse-jusfirmaet Judicial Watch, saksøkte National Institutes of Health (NIH) i ein føderal domstol. NIH hadde nekta å til og med anerkjenne vår Freedom of Information Act-førespurnad [informasjonsfridomsførespurnad].

So, for fyrste gong, er er vår eksklusive offentleggjering av dr. Anthony Fauci sin offisielle kalender.

Til å vere ein statleg byråkrat har han jammen meg ein tettpakka kalender.

Det at NIH nekta å følgje [den amerikanske] offentleglova, var ein strategi for å forseinke innsyn: NIH tvinga oss til eit dyrt skattepengefinansiert søksmål for å sakte offentleggjere 156 sider av halvklausulert kalenderproduksjon.

Fauci sin kalender har 933 hendingar i løpet av denne femmånadersperioden – inkludert 224 medieintervju og 84 klausulerte hendingar (berre betydeleg sensur som hindra analyse og forståing vart talde med, til dømes klausulering av telefonnummer vart ikkje inkludert).

Det er eit dokument som NIH og Fauci ikkje ville at de skulle sjå…

Kvifor? Kva visste dr. Fauci? Og når visste han om det?

Ifølgje Fauci si tidslinje – høgdepunkt

6.november 2019: Fauci sin kalender listar opp «GPMB Discussion Note». Dette har sannsynlegvis å gjere med Verdas helseorganisasjon (WHO) og Verdsbanken sitt Globale beredskapsovervakingsstyre [Global Preparedness Monitoring Board]. Fauci er tidlegare medlem av GPMB-styret som vart danna for å «sikre beredskap for globale helsekriser.»

27.januar 2020 samla GPMB seg på grunn av Covid-19-utbrotet og Fauci signerte på gruppa si melding frå 30.januar 2020, der dei roste WHO og «transparensen til Kina]…]». Judicial Watch sin FOIA-førespurnad avdekte at denne meldinga vart organisert og sirkulert av Wellcome Trust-vitskapsmannen og GPMB-medlemmen Jeremy Farrar (som òg organiserte ein hemmeleg konferansesamtale med Fauci og andre 1.februar 2020).

12.november 2019: Fauci tek flyet til Nederland. Timeplanen, som går over fleire dagar, står ikkje i lista. Nederland er heimstad for faren til «gain-of-function»-forsking, høgrisiko-forskaren dr. Ron Fouchier. Fauci sitt NIH-institutt, NIAID, tok pause i (2014) for so å starte oppatt (januar 2019) finansieringa til den kontroversielle forskaren som (ved bruk av NIH-midlar) skapte ein H5N1-fugleinfluensa med pandemi-potensial i laboratoriet sitt. Han gjorde so ved å passere viruset gjennom ilderar fleire gonger, fram til det fekk ein ny funksjon ved å bli luftbore og infisere ein ilder i eit anna bur.

25.november 2019: Fuaic blir med ambassadør Deborah Birx, den globale AIDS-koordinatoren på eit World AIDS Day (WAD)-arrangement som Business Council for International Understanding (BCIU) var vert for. 27.februar 2020 blir dr.Birx utpeikt til å bli med Fauci på Trumps Covid-19 task force.

Tidlegare den dagen har Fauci ei «før-briefing for US Japan Biodefense Meeting». I 2004, som tidlegare rapportert på Forbes, fekk Fauci ei permanent lønsjustering for sitt «bioforsvarsarbeid». Fauci er den best betalte føderalt tilsette, spesifikt fordi han vart betalt for å hindre den neste pandemien.

25.november 2019: Fauci har ein samtale med sin framtidige biograf-forfattar, Janet Tobias, som seinare produserer dokumentaren «FAUCI».

3.desember 2019: Fauci har ein samtale med Victor Dzau, som er president i National Academy of Medicine, professor ved Duke University, og ein mann med ein kinesisk familie som flykta til Hong Kong for å sleppe unna borgarkrigen i Kina.

19.desember 2019: Fauci er til stade på ein «NIH Gates-stiftingsmiddag» på «The Cloisters», sannsynlegvis den som ligg i Lutherville i delstaten Maryland, ein time frå NIH.

Tidlegare den morgonen publiserte Bill Gates Twitter-meldinga som har blitt ein mykje diskutert spådøm: «Kva er neste steg for stiftinga vår? Eg er spesielt begeistra for kva det neste året kan tyde for eit av dei beste kjøpa innan global helse: vaksinar.»

Fauci og toppar, slik som NIH-direktør Francis Collins og HHS [Health and Human Services] sin assisterande sekretær for helse, Brett Giroir, vart med Bill og Melinda Gates-leiarar under middagen og på panel dagen etter, ifølgje ei pressemelding frå den tida.

17.januar 2020: Fauci har ein samtale for å diskutere «CDC Gao Writing Request». Dette er truleg relatert til George Gao, generaldirektr for det kinesiske Center for Disease Control and Prevention.

23.januar 2020: Fauci hadde eit fysisk møte åtte om morgonen med dr. James LeDuc. LeDuc leia ein av dei få BSL-4-biooppbevaringslaboratoria i landet (tenk: stoff du må ha månedrakt for å handtere), ved University of Texas si medisinske grein, der han lenge har lært kinesiske vitskapsfolk frå Wuhan sitt virologiinstitutt (WIV) sitt laborarotium i prosedyrar knutt til BSL-4-biotryggleik.

E-postar fått tak i via FOIA av den amerikanske Right to Know (USRTK)-organisasjonen avslørte at LeDuc dreiv og sendte bakkanals-e-postar til sine kollegaer i Wuhan for å få informasjon om det nye koronavirusutbrotet, og til og med bad om redigering og korrigering frå Wuhan si sokalla «flaggermusdame» Shi Zhengli for sitt vitnesbyrd i kongressen i april 2020.

LeDuc sine e-postar viser at han kommuniserte med virolog-kollegaen sin Yuan Zhiming, som styrte WIV sitt BSL-4-laboratorium. LeDuc skreiv ein meiningsartikkel publisert 24.januar om arbeidsforholdet hans mellom USA og Kina.

Det er mogleg at LeDuc stakk innom Fauci for å informere han om det han høyrde frå Wuhan, og kanskje, ikkje formidle dei nyheitene via e-post.

Innan halv fem den ettermiddagen vart LeDuc og tidlegare Fort Detrick BSL-4-biolabdirektør Dave Franz med Health and Human Services (HHS) sin Robert Kadlec for ein konferansesamtale, ein samtale avslørt i USRTK sin dokumentproduksjon frå University of Texas (side 3409).

Franz sendte på e-post eit kort notat same dagen «for å forenkle samtalen». E-posten skildra hans og LeDuc sitt arbeid sidan 2007 i å etablere eit forhold med kinesiske vitskapsfolk (side 115).

Med andre ord var LeDuc i byen for å snakke om Kina og Wuhan-laboratoriet topptenestefolk i HHS og tidlegare militære biolaboratorium.

Altso, medan den offentlege diskusjonen var og ville forbli at viruset hadde eit naturleg opphav, vart folk bak sceneteppet briefa om dei amerikansk-kinesiske samhandlingane og sjølve Wuhan-laboratoriet.

Topphemmelege møte

Noko som ikkje har blitt rapportert fram til no, er at Fauci frå slutten av januar og i februar var i møte med National Security Council (NSC) og i topphemmelege settingar – inkludert i Det kvite hus sitt Situation Room. Fauci var òg til stade på små, «avgrensa» møte med NSC.

Kjende presidenten til alle desse topphemmelege møta, og gjev dei inntrykket at dei som visste det trudde at viruset hadde eit naturleg opphav?

14. og 16.januar 2020: Fauci har klokka ni om morgonen eit «Novel Corona Virus PCC/Synch Meeting» med Phil Ferro, NSC og Executive Office of the President 14.januar, og «Novel Corona Virus Touch Base» med Ferro den 16.

20.januar: Kina erklærte til verda at viruset blir overført frå menneske til menneske, ei innrømming at dei hadde eit potensielt pandemisk virus i hende.

21.januar: Fauci sitt NSC-møte får eit nytt namn («nCoV-PCC») og møtet inkluderer no secure video teleconference (SVTC).

21.januar: Fauci blir intervjua av The Wall Street Journal-reporter Betsy McKay om emnet «Coronavirus & HIV Papers». Spør ho Fauci om ein komande vitskapleg artikkel (publisert 31.januar av indiske vitskapsfolk, men raskt tilbaketrekt av forfattarane etter intens kritikk) som bemerka ein «nifs likskap» mellom HIV-viruset og piggproteinet i Covid-19-viruset?

Fordi flaggermus ikkje får HIV ville slik ein likskap peike på at det nye viruset var laboratorieskapt.

Ein time tidlegare hadde Fauci ein samtale med Peter Hotez om ein «anti-SARS vaksinekandidat». Hotez er ein NIH-finansiert, Texas-basert vitskapsmann og vaksineforskar, som hadde eit legat på 6 millionar frå NIH sidan 2012 for å studere ein «SARS-vaksine for bioforsvar». Hotez utvikla ein ikkje-mRNA-vaksinemodell som vann nyleg godkjenning for distribuering i enkelte land, slik som India.

22.januar: Covid-19-møta med Fauci går opp til eit nytt nivå sidan Fauci sin kalender viser han i Det kvite hus sitt Situation Room («WHSR») frå rundt halv to til tre denne dagen for «nCoV PCC».

24.januar: Frå rundt halv to til halv tre har Fauci ein «nCoV Small Group Discussion» ved EEOB, ved sida av Det kvite hus, «på Anthony sitt kontor», rom 381. (nCoV står for novel coronavirus og var referansen gjeven til Covid-19, før det fekk det offisielle namnet SARS-CoV-2). Dette er ein av dei få gongene ingen etternamn står i Fauci sin kalender. Dette møtenotatet i vår FOIA-produksjon er sladda, men inkluderer «***Please». Notatet innheld òg eit vedlegg, som NIH på noverande tidspunkt ikkje har offentleggjort til OpenTheBooks.com.

«Anthony sitt kontor»-spor frå 5.februar: Frå halv tre til halv fire 5.februar viser Fauci sin kalender eit EEOB «Restricted Small Group»-møte med Anthony Ruggierro, som står oppført som tilhøyrande Executive Office of the President/NSC. Anthony Ruggierro, ifølgje si offentlege LinkedIn-side, var NSC «spesialassistent for presidenten, seniordirektør for Counterproliferation and Biodefense» i tida då møtet fann stad. Altso er det sannsynleg at 24.januar-møtet på «Anthony sitt kontor» var med den same mannen som 5.februar-møtet: Anthony Ruggierro.

27.januar 2020: Frå halv tre til halv fire har Fauci ein «NSC Deputy Call» i NIH SCIF (SCIF står for «Sensitive Compartmented Informaton Facility» og er vanlegvis eit rom reservert for sensitive eller konfidensielle møte). Trump sin National Security Council Deputy på den tida var Matthew Pottinger. Temaet for samtalen står ikkje i kalenderen.

«I tillegg møtte Fauci 27.januar direktøren i Moderna, Stephane Bancel.)

28.januar 2020: Eit Fauci/NSC Covid-19-møte vart tidlegare avslørt av Sharri Markson, som rapporterte i boka si What Really Happened in Wuhan at Pottinger kalla inn til 28.januar-møtet med Fauci, HHS-sekretær Azar og CDC-direktør Redfield berre etter at Pottinger høyrde frå den kinesiske dissidenten og menneskerettsaktivisten Wei Jingsheng om virusutbrotet i Kina.

Frå 16.januar til og med 29.januar, viser Fauci sin kalender med få unntak eit Covid-møte, anten via fysisk oppmøte eller via «secure video teleconference» (SVTC) med Phil Farro, som er ved Presidentens kontor og NSC.

22.januar: Fauci har sett av halvannan time for Covid-møtet i Det kvite hus sitt Situation Room.

27.januar: Om han ikkje visste det før, avslører e-postar offentleggjort til U.S. House Oversight and Reform Committee at på denne datoen fekk Fauci bekrefta frå staben sin at NIAID, instituttet hans, finansierte eit flaggermus-koronavirus-legat til EcoHealth Alliance som samarbeidde med Wuhans virologiinstitutt og dr. Ralph Baric. Dersom viruset kom frå WIV, visste Fauci no at han hadde gjeve midlar til det kinesiske laboratoriet.

31.januar: Fauci er på Det ovale kontor, der han truleg har møte med presidenten.

4.februar: Innan denne datoen, ifølgje offentleggjorte e-postar, har Fauci og dei føderalt finansierte vitskapsfolka han konsulterer, bestemt at Covid-19 kom frå naturen via ei flaggermus, gjennom ymse artar. Bak scenene lagar dei utkast til artiklar som argumenterer at kvar ein posisjon bortsett frå eit naturleg opphav er ein konspirasjonsteori.

Likevel held Fauci møte med Anthony Ruggierio, NSC sin bioforsvars- og Kina-ekspert (25.januar og 5.februar). Trur dei at Covid kan ha kome frå ein laboratorielekkasje?

11.februar: Fauci har eit møte med dr. Ralph Baric, koronavirus-vitskapsmannen ved University of North Carolina, landets desidert største ekspert på flaggermus-koronavirus. Møte inkluderer Emily Erbelding, direktør for NIADs avdeling for mikrobiologi og smittsame sjukdommar.

Baric hadde eit langt arbeidsforhold med Wuhan-laboraroriet, og, som seinare vart avslørt, søkte (utan suksess) på eit legat frå DARPA til ein verdi av 14 millionar dollar saman med Wuhans virologiinstitutt og EcoHealth Alliance for å setje ein furin-kløyvingsstad i eit kimerisk flaggermusvirus og late det passere gjennom «menneskeleggjorte» mus for å sjå om det hadde pandemisk potensiale. Somme virologar har kalla det lekne dokumentet ei oppskrift på Covid-19-viruset.

Fauci/Baric-møtet finn stad like før NSC-møtet med Phil Ferro. Det er ikkje klart kor Baric er under møtet, om han er der fysisk eller via telefon. Var Baric med på NSC-samtalen, eller lytta han berre?

(Tidlegare på Forbes skreiv eg om korleis Fauci heldt fram med å finansiere vitskapsfolk slik som Baric og Fouchier ved å gje unntak og trongt definere forsking – og gjekk rundt finansieringsforboda til presidentane Obama og Trump.)

17.februar: «Proximal Origins», ein artikkel som Fauci tydelegvis hjelpte til å redigere og vart organisert av NIH-finansierte Peter Daszak i EcoHealth Alliance, fastslo at Covid-19-viruset kom frå naturen, og kalla alt som føreslo noko anna for ein konspirasjon. Stort sett basert på denne artikkelen føreslo vitskapleg diskusjon og innlegg på sosiale media at laboratorielekkasje vart sensurert som feilinformasjon.

Andre tema av interesse

Mellom 25.november 2019 og 26.februar 2020 utfører Fauci tre hendingar med American Society for Microbiology (AMS): ein «biotrugsel»-diskusjon (25.november 2019); ASM sin biotrugselkonferanse (29.januar 2020); og møte med ASM-styret (26.februar 2020).

7. og 9.januar 2020: Fauci hadde sine fyrste intervju om korona: 1. Med CTV (kanadisk TV) om «lungebetennelseutbrotet i Kina»; og 2. med Voice of America om «Wuhan-lungebetennesle». Vi kunne ikkje finne intervjua nokon stad på Internett.

Medan NIH held eit offentleg arkiv av intervju med Fauci gjort sidan 27.januar 2020, identifiserte vi 34 andre intervju med han der han diskuterte koronaviruset frå 7. til 26.januar 2020.

Mellom 27.januar og 24.februar anten møter Fauci eller har samtale med Stephane Bancel, direktøren i Moderna (27.januar); Jeremy Farrar i Wellcome Trust (ein britisk helse-non-profitt fokusert på vaksinar) (1.februar); Biotech-direktør og tidlegare NIH-stabsmedlem Gary Nabel (6.februar); og Johnson & Johnson toppvitskapsmann Paul Stoffels (24.februar).

7.februar: Fauci får trening i å bruke personleg verneutstyr (personal protective equipment, PPE). Utifrå hans varierande råd om PPE tidleg i pandemien, ville det ha vore interessant å vete kva slags trening han fekk.

18.mars: Fauci logga eit møte med tittelen «code red» med eit oppfølgingsmøte 20.mars. Ingen vidare detaljar stod å lese.

26.mars: Fauci var i fire YouTube-innslag på 15 minutt kvar. Fauci sin kalender gjev desse hendingane tittelen «FDA Califf Request» – og refererer sannsynlegvis til Robert Califf. På den tida var Califf den leiande helseomsorgsstrategein ved Alphabet (morselskapet til Google og YouTube). Robert Califf er no U.S. Commissioner of the Food and Drug Administration og den førre kommisjonæren under Obama.

Samandrag

Den offisielle arbeidskalenderen er ein historisk time-for-time-dokumentasjon av dr. Anthony Fauci i månadene opp til og under den offentleg erklærte Covid-pandemien.

Sjølv med dette overflatiske innsynet i kalenderen, innrømmer NIH å sitje på 60 000 sider med støttedokumentasjon i tillegg. Den føderale retten lèt oss spørje etter spesifikke gjenstandar.

Difor, dersom der finst eit spesifikt dokument av interesse, ver vennleg og send revisorane våre i OpenTheBooks.com ei melding via «kontakt oss»-delen av nettsida vår.

Den historiske offentleggjeringa av dr. Anthony Fauci sin jobbkalender får oss til å sitje igjen med fleire spørsmål enn svar.

Det er opptil Kongressen å hevde retten til innsyn.

Vi tok kontakt med dr. Anthony Fauci, Bill og Melinda Gates-stiftinga og andre vitskaplege toppar som er nemnde i Fauci sin kalender. Ingen gav oss kommentarar før tidsfristen var ute.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s