Sandy Hook-familiar vil no ha 2,75 BILLIONAR dollar i tillegg til ein milliard frå Alex Jones

Henta frå Infowars. Omsett av saksyndig. Alex Jones er eigar og grunnleggjar av Infowars.

Advokatane som representerer Sandy Hook-familiane, som nyleg vart lovt ein milliard dollar i erstatning frå radioverten Alex Jones, søkjer no å få tildelt den «høgste moglege» mengda i erstatning, totalt 2,75 billionar dollar i håp om å ta Jones av lufta for alltid.

[Ein billion (engelsk trillion) er tusen milliardar (billion); oms.komm.]

Den teikneserieaktig digre mengda, som visstnok tek med i reknestykket 550 millionar «eksponeringar på sosiale media» som Infowars ville ha generert på YouTube, Twitter og Facebook i dei tre åra etter masseskytinga og gangar det med 5000 dollar, vart rapportert av Bloomberg sist fredag [21.oktober 2022].

Meir frå Bloomberg:

«Sandy Hook-familiar spurde ein dommar i delstaten Connecticut om å gje Alex Jones ordre om å betale 2,75 billionar i erstatning i tillegg til nesten ein milliard som han vart dømt av juryen til å betale for ærekrenking, og påstod at berre ‘den høgste moglege erstatningssummen’ vil stoppe Infowars-verten frå å halde fram med å skade dei.

Familiane sa at dei har rett på den summen fordi Jones braut ei delstatslov som forbyr salet av produkt ved hjelp av falske påstandar. Dei kom fram til summen ved å gange delstatens 5000 dollar-bot per tilfelle av lovbrot med dei 550 millionar eksponeringane på sosiale media som Jones sitt publikum fekk på kontoane hans på Facebook, YouTube og Twitter i dei tre åra etter ei skuleskyting som kravde liva til 20 fyrsteklassingar og seks lærarar i 2012.

[…]

‘Alex Jones utfører dette åtaket av éin grunn: grådigheit,’ sa advokatane til familiane i samband med begjæringa fredag. ‘Alex Jones vil aldri behandle dei som ekte menneske, fordi dei er for verdifulle for han som mål.’»

«På dette punktet jaktar advokatane til dei fornærma berre etter avisoverskrifter,» svarte Jones sin advokat Norm Pattis på Twitter. «Dei må tru at ambulansane dei jaktar på er laga av platinum. Det får lova til å sjå ut som eit hasardspel. Dei burde skamme seg.»

Rapportane om den mest nylege astronomiske summen – som er større ein BNP-et til dei fleste land – kjem etter at ein dom på ein milliard dollar vart vedteken mot Jones tidlegare i månaden, trass at Infowars hadde søkt om Chapter 11 bankruptcy[når eit selskap søkjer vern mot konkurs for å kunne restrukturere selskapet; oms.an.].

Advokatane til Jones, som vart funnen automatisk skuldig i to Sandy Hook-rettssaker i høvesvis Texas og Connecticut – som var i strid med retten hans til å ha ei rettferdig rettssak – har sagt dei vil anke kjennelsen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s