Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.
Europa vil stå overfor straumbrot i vinter, og større medienettverk førebur allereie naudmanus i eit forsøk på å halde befolkninga roleg og under kontroll i uvisse tider. Akkurat no er styresmaktene sin plan å stoppe europearar frå å få panikk. Ein talsperson for BBC sa: «Regjeringa har tillit til at [straumbrot] ikkje er eit scenario vi vil stå overfor i vinter.» Ministrar har gått rundt til folket og forsikra føretak og huseigarar at straumbrot er usannsynleg.
Derimot førebur BBC sitt kringkastingshus i London seg på redusert BBC-radioteneste, og har allereie utpeikt eit naudkringkastingssenter på ein anonym, landleg stad. I tilfelle straumbrot, vil BBC kome med nyheitsoppdateringar kvar halve time på Radio 2, Radio 4 FM og langbølgjefrekvensar, medan dei kjem med spesialsendetid for regjeringstenestepersonar å kome med naudmeldingar.
Rullerande straumbrot er planlagt i Europa denne mørke vinteren
BBC har allereie førebudd manus i tilfelle eit «større tap av kraft» der telefonnettverk, internett, banktenester og trafikklys alle ligg nede. Ifølgje manusa kan England, Wales og Skottland vere dei fyrste som opplever straumbrot, i det Europa prøver å rasjonere og redistribuere straum på ein måte som er «til alle sitt beste».
The Guardian fekk tak i mange av desse «naudstraumbrotsmanusa», som legg ut ein plan der selskap og regjeringstilsette forsikrar folket om at alt vil gå bra under eit større straumbrot.
Naudmanusa gjev folket råd om å bruke bilradioar og batteridrivne mottakarar for å lytte til naudsendingar. Eitt manus åtvarar om eit todagars straumbrot som vil leggje «ekstremt press» på naudpersonell, politi og sjukehus. «Naudtenestene er under ekstremt press. Folk blir tilrådd å ikkje ta kontakt med mindre det er heilt naudsynt.»
Manusa refererer til «naudkoordineringssenter» som blir installert i Wales. Manusa prøver òg å roe ned folket med bulletinar der det står å lese: «Tenestepersonar seier at det ikkje for tida er risiko knytt til matforsyning og -distribusjon. Men dei ber folk om å sjå til sårbare naboar og slektningar.»
Eit anna manus forklarer at straumen vil kome tilbake innan 36-48 timar, og at «ulike delar av Storbritannia vil byrje å motta mellombelse forsyningar før den tid.» Manusa gjev òg spesialsendetid for ein kabinettkontor-minister å kome med ei melding.
Europeiske regjeringar førebur seg på rullerande straumbrot i kveldstimane
Oppsynsorganet for straum i Storbritannia, National Grid, åtvarar om at straumforsyningar er i fare, spesielt dersom Russland stengjer all gassforsyning til Europa. National Grid åtvarar om potensielle straumbrot som vil bli planlangt og utført i tretimars-intervallar. National Grid sin chief executive, John Pettigrew, sa at dei rullerande straumbrota mest sannsynleg vil bli utført mellom klokka 16 og 19, når der er utilstrekkjeleg med vind til å gje kraft til turbinane.
Under den sokalla civil contingencies plan [ei planlagt handling laga for å hjelpe eit organ respondere effektivt på ei betydeleg framtidig hending eller situasjon; oms.komm.], kan den britiske regjeringa erklære nasjonal krise og bruke kringkastingsnettverket til å sende ut naudmeldingar. Kvar ein britisk regjeringsminister kan ta over radiosendingane om behovet melder seg. Ifølgje civil contingencies plan: «Dersom set for ein britisk regjeringsminister ser ut som om ei krise er komen, kan nemnde minister krevje at BBC kringkastar eller på andre måtar distribuerer kvar ei melding eller anna program.» The Guardian greidde ikkje å avdekkje nokon offisielle planlagde proklameringar frå regjeringa, og dei var ute av stand til å vurdere om dei lekne manuskripta var henta frå tenestepersonar i regjeringa.