Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
For si rolle i å bløffe det europeiske folket for milliardar av dollar for å kjøpe enorme mengder av Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar», må presidenten i Europa-kommisjonen, Ursula von der Leyen, «trekkje seg umiddelbart», seier den rumenske Europaparlamentsmedlemmen Cristian Terhes.
Lovgjevaren gav ein lidenskapeleg tale denne veka, der han kravde at von der Leyen trekte seg med éin gong frå stillinga si, etter at det europeiske offentlege påtalekontoret (EPPO; European Public Prosecutor’s Office) bekrefta at ei etterforsking har blitt opna relatert til EU sine kjøp av Fauci-influensa-sprøyter [Covid-19-«vaksinar»].
Terhes, som høyrer til gruppa for europeiske konservative og reformistar (ECR), forklarte at «sidan handlingane hennar blir kriminelt etterforska av EU-påtalestyresmakter», har von der Leyen absolutt ingenting å gjere i stillinga si.
Sjølv om von der Leyen ikkje vart spesifikt nemnt i EPPO-erklæringa, er det vidt kjent basert på omstenda at ho og Pfizer-leiar Albert Bourla kommuniserte ved byrjinga av Operasjon Warp Speed om å kjøpe milliardar av Kina-virus-injeksjonar [Covid-19-«vaksinar»] for milliardar av dollar.
Fleire andre EU-vaktbikkjegrupper har tidlegare uttrykt bekymring for hemmeleg kommunikasjon mellom von der Leyen og Bourla, som visstnok sendte tekstmeldingar til kvarandre om planen. Dei tekstmeldingane har sidan forsvunne, og mange ønskjer å vete: kor vart dei av?
«Ursula @vonderleyen må gå av, sidan handlingane hennar blir kriminelt etterforska av EU-påtalestyresmakt,» skreiv Terhes på Twitter om saka.
«Ho underskreiv kontraktar for å kjøpe 4,6 milliardar Covid-vaksinedosar til ein verdi av 71 euro, kontraktar som framleis ikkje er fullstendig offentleggjorde for folket og MEP-ane [medlemmene av Europaparlamentet]. #UrsulaMustResign #EUCorruption.»
Ursula von der Leyen kjøpte 10 dosar med covid-sprøyter for kvar einaste EU-borgar
Måten kontraktane vart utforma og signert mellom von der Leyen og Bourla, peiker på alvorleg kriminalitet – altso lanseringa av ei full etterforsking gjort av EPPO.
«Ursula von der Leyen må straks og vilkårslaust trekkje seg frå stillinga si som president for Europakommisjonen på grunn av det faktum at handlingane hennar for tida blir kriminelt etterforska av Det europeiske påtalekontoret,» la Terhes til.
«EPPO erklærte for nokre dagar sidan at dei etterforskar måten kontraktane vart signerte mellom Kommisjonen og vaksineprodusentane.»
Dersom du kalkulerer talet sprøyter von der Leyen kjøpte frå Bourla med EU sine skattepengar, blir det 10 dosar injeksjonar for kvar EU-borgar. Og dette, ifølgje Terhes, vart gjort «basert på kontraktar som aldri vart offentleggjort for folket.»
«Dette er måten kontrakten som ho signerte med farmasøytiske selskap vart offentleggjort,» sa Terhes under talen sin, før han heldt opp to tungt sladda sider av ein kontrakt mellom Kommisjonen og vaksineprodusenten.
«Korleis er dette mogleg i ein europeisk union som har krav om å gje innsyn i måten dei brukar folks pengar på?»
Ifølgje Emily O’Reilly, den europeiske ombudsmannen, peiker den nemnde avtalen mellom von der Leyen og Bourla på at fyrstnemnde [von der Leyen] er skuldig i «feiladministrering», spesifikt fordi det vart gjort via tekstmeldingar som vart upassande lagra og difor utilgjengelege for offentleg ettersyn.
Nemnde tekstar var ikkje dekte av EU-lova som krev lagring av alle dokument jamfør policy, noko som tydar at von der Leyen utførde eit alvorleg brotsverk – kan det verke som.
«Og ho har ikkje forsvunne enno?» spurde ein Natural News-lesar i kommentarfeltet. «Kva nøler de med, Europa?»
«Korleis har liva våre blitt eit helvetes mareritt tilsynelatande over natta?» spurde ein annan.