Kjærasten til Sigmund Myklebust har blitt intervjua av Kiri i No Nonsense News: «Målet hans er å få saka si prøvd i ein Common Law-domstol»

Siv, den tapre kjærasten til Sigmund Myklebust, vart torsdag 20.oktober 2022 intervjua av Kiri på nettstaden No Nonsense News, som ho driv saman med kjærasten Are Hegrand. Sigmund sit for tida i høgrisikofengsel i Danmark etter at han vart pågripen natt til 15.september av eit aggressivt dansk politi, visstnok for å ha bremsa for hardt opp då dei omringa bilen hans på motorvegen etter ei grensepassering frå Tyskland. Sigmund køyrde ein Tesla, som har automatisk oppbremsingssystem dersom det kjem hindringar framfor bilen. Dette er mitt forsøk på eit samandrag av intervjuet, der Siv og Kiri hadde ein samtale om saka til Sigmund, og ei nærare reiegjering av konseptet Common Law (CL).

Siv er høgt utdanna, med master i endringsleiing. Ho har studert mellom anna sosialantropologi og er utdanna sosionom. Ho merka tidleg at noko ikkje stemte i samfunnet. Verda var urettferdig og det skjedde overgrep mot individet, trass at alle menneske såg ut til å ha samvit i meir eller mindre grad. Kvifor handla so mange i strid med menneske sine interesser? Ho har alltid brydd seg om menneske og samfunnet, og ønskjer å forstå korleis ting heng saman.

I september var ho og Sigmund på bilferie til Italia, der dei hjelpte nokon å flytte inn i det Siv kallar eit «fort» eller eit «slott». Elles besøkte dei likesinna innan CL-samfunnet, lokale «communities» og grupper. Siv og Sigmund har både pass og bilskilt utstada frå CL-rørsla. Slike er både gyldige og lovlege. Ved grensepasseringane sleppte dei gjennom utan kontrovers, grensepolitiet såg ut til å skjøne konseptet med CL-passa og CL-bilskilta. Verre gjekk det då dei hadde passert grensa frå Tyskland til Danmark. Etter at politiet knuste bilrutene på Teslaen og kasta dei to på glattcelle, vart Siv sleppt fri, medan Sigmund sat vidare fengsla. Etterpå vart Siv Karin lurt ut av hotellet sitt av politiet, som stal mobiltelefonen hennar.

Ho skildrar det i ettertid som at politiet såg ut til å vere «på jakt» den natta, underforstått at dei var ute etter å «finne noko» eller ta nokon. Hennar generelle betraktning av politiet er at dei inngyter frykt på folk òg når dei ikkje har gjort noko ulovleg. Det finn stad ei kriminalisering av lovlydige menneske.

Siv vedgår sjølv at ho berre har avgrensa kunnskap om CL. Innan rørsla herskar det òg usemje om kva ein skal seie og gjere i den og den situasjonen. Eit viktig moment er at ord ikkje tydar det ein trur. Til dømes har det oppstått ei særtolking av ordet understand (forstå). Når politiet spør nokon do you understand, lurer dei ikkje på om vedkomande forstår det som blir formidla – dei vil ha vedkomande til å «stå under» (stand under) autoriteten deira. Altso underleggje seg makta deira. 85% av innsette i amerikanske fengsel skal seiast å sitje inne på grunn av offerlause brotsverk, dei er med andre ord ikkje kriminelle.

Det som skjer med Sigmund, kan vere krampetrekningar frå systemet. Fleire og fleire blir interesserte i CL som konsept. Sjølv er Siv optimistisk, ho trur at saka vil få eit positivt utfall. Ho har derimot ikkje hatt kontakt med Sigmund sidan 20.september, ein heil månad då intervjuet fann stad. Familien har visstnok heller ikkje snakka med han.

Sigmund er driven av samvitet sitt. Han ønskjer ikkje å vere med på eller godta det som skjer i verda. Han er ifølgje kjærasten utolmodig etter å kome i gang med det nye samfunnet. Han jobbar vanlegvis som anleggsmekanikar og bergsprengar i heimbygda Uskedalen i Kvinnherad kommune. Uskedalen ligg mellom Rosendal og Husnes. Siv var ikkje førebudd på at saka ville ta ei slik vending, ho følte seg kasta ut i den.

Kiri meiner at menneske er fødd med eit indre moralsk kompass, som vi diverre har mist kontakten med på grunn av programmering og traumatisering.

Målet med CL-rørsla er å skape eit betre system med mindre splitting og fragmentering. Vi må sameinast for å bli sterkare.

CL bruker uttrykket levande mann/kvinne. Dette står i motsetnad til juridisk person, som er ein konstruksjon laga av staten. Etter det Siv formidlar, ser det ut til at Sigmund nyttar seg av fridomen til å ikkje gå inn i kontrakten som juridisk person med det danske politiet. Logikken er at viss han godtar å vere ein juridisk person, så godtar han å vere eit papir i deira lovsystem og leggje seg under deira reglar og statuttar. Siv nevner artikkel 6 i menneskerettane, der det står at folket har krav på å vere eit rettssubjekt, som er ein juridisk person. Et krav er ikkje at vi er tvinga til det. Det som skjer er altso at Sigmund nyttar seg av fridommen han har til å ikkje inngå kontrakt med politiet/staten. Handels og kontraktslova er slik at berre korporasjonar kan inngå kontrakt med korporasjonar, slik at ein levande mann kan ikke inngå kontrakt med domstols- eller politi-korporasjonen.

CL hevdar òg at Common Law, landlovene, vart erstatta med kontrakt- og handelsretten eller maritim lov, og at dette skal ha skjedd under kolonitida på 1500- og 1600-talet. Desse lovene, sjølovene, kontrollerte handel på sjøen, og overtok etter kvart landlover eller Common Law. Der CL hadde mennesket i sentrum av lovsystemet, har maritim lov/sjølovene kontraktar og pengar i sentrum. Enkelt forklart blir menneske no sett på som handelsvarer. Sidan det å kontraktere menneske er ulovleg (det er sett på som slaveri), blir menneske i staden inkorporerte. Vi blir gjort om til eit selskap eller ein korporasjon, der namnet på «føretaket» er namnet vårt (med store bokstavar), og personnummeret er organisasjonsnummeret. Staten ser enkelt forklart ikkje på menneske som menneske, men korporasjonar. Slike einingar gjeld ikkje menneskerettane for, og det forklarer den uhyrlege mengda av overgrep som staten utan blygsel set i verk mot enkeltindivid. Eg legg til at dette er mi personlege tolking av konseptet, eg er ingen ekspert på emnet.

Sigmund, som har gode kunnskapar om CL, nektar dermed å godta at det danske politiet opprettar ein juridisk person på han. 20.september kom det ifølgje Sigmund ein politibetjent ved namn Jan Jensen inn på cella hans og prøvde å knyte ein person til han. Sigmund ville ikkje inngå den kontrakten, og sa I don’t understand, i tydinga «eg står ikkje under deg (autoriteten din)». Betjent Jensen sa deretter til han I understand. Det er usannsynleg at mannen meinte «eg står under deg, Sigmund». Dagen etter vart Sigmund flytta til høgrisikofengsel.

Siv ringde til UD (Utanriksdepartementet). Tenestemannen der syntest det var merkeleg at Sigmund hadde fått fem vekers varetektsfengsling. Han såg deretter i dokumenta og sa at han visste kva som skjedde, men at han ikkje kunne fortelje Siv noko fordi ho ikkje stod oppført som næraste pårørande. Då ho spurde kven som stod oppført som næraste pårørande, svarte den UD-tilsette at Sigmund måtte gje samtykke til at den og den vart oppført som pårørande. Eg tolkar det slik at ingen stod oppført som næraste pårørande. Hendinga med UD bekreftar at norske og danske styresmakter samarbeider i Sigmund-saka.

Siv har kontakta fleire folkevalde om saka. Ho sit igjen med den pussige oppdaginga at folkevalde no kallar seg representantar, og lurer på om dei ikkje lenger er pliktige i å ivareta folket. Under normale omstende kan folkevalde bli fengsla inntil seks år for å unnlate å hjelpe folket. Ho registrerer i tillegg at ingen offentleg tilsette ser ut til å kunne ansvarleggjerast for sine handlingar. Ettersom sjølve institusjonen dei jobbar i ikkje er av kjøt og blod (til dømes Barnevernet; mitt eksempel), kan ikkje sjølve institusjonen haldast ansvarleg. Då er einaste løysinga å ansvarleggjere dei som jobbar der, som vitterleg er levande menneske av kjøt og blod. Der skal ifølgje Siv finnast dokument frå 2012/2013 som seier at alle offentlege tenestefolk er ansvarlege for sine handlingar.

CL antydar at styresmakter rundt om i verda har blitt om til bedrifter eller organisasjonar. Om det er reelt, burde ansvarleggjering vere enklare, ettersom ein jo til dømes kan saksøkje selskap.

Siv innrømmer at sjølv om ho for det meste er optimistisk, har ho periodar der ho slit med angst og fortviling. Ho veit derimot at enkelte nærer seg av det, og prøver å halde ei maske av ro og kontroll i den offentlege sfæren. Gjennom Kiri har ho fått med seg at Christian Paaske, som ifølgje ho vanlegvis er ein artig og kunnskapsrik type, har gått til frontalåtak på Sigmund og CL-rørsla. Ho er usikker på agendaen hans i denne bestemte saka. Kiri seier at mange spekulerer i om Paaske kan vere ein frimurar. Frimurarordenen har ein definitiv anti-menneskeleg agenda, og dei kan vere ein av aktørane i den globale konspirasjonen frå den skjulte eliten.

Generelt er det i dag lett å ukritisk tru på det ein blir fortalt på grunn av massiv programmering over lang tid. Nordmenn har i fleire tiår levd eit uvanleg privilegert liv med materiell rikdom, og det er difor lett for folk å tru at desse privilegia er rettar som dei kan ta for gjevne. Når so levestandarden byrjar å søkkje, og alt det trygge byrjar å rakne, vil mange tvihalde på det gamle, og vegre seg for å ta til seg ny kunnskap – til dømes om konseptet som CL presenterer. Av same grunn er det mange som vegrar seg for å tru at staten vil oss vondt, og at Covid-tiltaka vart innført med vondsinna intensjonar (i staden for å «berge liv» og «redde folkehelsa», som er den offisielle, feilaktige forklaringa).

Siv og Kiri kjem inn på eit interessant konsept relatert til lovverket. Er dei fleste lover rett og slett overflødige? CL-tilhengjarar blir av utanforståande kritisert for å ville avskaffe lover og reglar og innføre anarki/lovløyse. Det er feil. Lovverket kan dramatisk forenklast utan at det blir «Ville Vesten» (mine ord, ikkje deira). Alt ein i grunnen treng, er bodet «ikkje stel». Ikkje stel frå nokon livet (ikkje slå i hel). Ikkje stel frå nokon sanninga (ikkje lyg), og so vidare. Den gylne regel er i grunnen alt ein treng. Ikkje skad nokon eller noko.

Ifølgje Siv blir det for tida danna små «communities» av CL overalt i verda. Kiri seier at mange nok vil skifte side i favør av CL, til dømes advokatar som går over til dette systemet. Sigmund-saka har potensialet til å skape juridisk presedens, og sjølve målet til Sigmund er å få saka si prøvd i ein CL-domstol, med ein jury av likemenn/-kvinner. Han sjølv innsåg at hans eigen sak (at politiet stal jaktvåpena hans etter å ha fått ei bekymringsmelding om hans mentale helse etter at han sendte ansvarserklæringar til alle landets ordførarar), ikkje hadde rare sjansen i det ordinære rettssystemet. Han prøvde difor å kome i kontakt med dei ansvarlege for å løyse saka på ein folkeleg måte. Det enda med at han vart anmeldt for «hensynsløs atferd». Eg sjølv har fått med meg at anmelding for «hensynsløs atferd» interessant nok òg kom mot barnevernsaktivisten Rune Fardal, som avslører overgrep frå Barnevernet på YouTube-kanalen sin. Med andre ord ser dette ut til å vere oppskrifta staten bruker mot dei som talar «Paven» imot – då er dei «hensynsløse».

Siv trur at der er ein samanheng mellom saka i Kvinnherad, og arrestasjonen i Danmark. Gjennom oppnemnt advokat fekk Sigmund vete at han var ettersøkt av det norske politiet, truleg på grunn av tiltale for den «hensynsløse atferden» det var å skrive brev til folk og ansvarleggjere dei. Dei har venta på ein grunn til å ta han, for om det skulle kome 10 slike som Sigmund, er løpet køyrt for A/S Noreg. Når han no sit i fengsel, nyttar han retten sin til å ikkje inngå avtale med sin oppnemnde advokat. I tillegg ser årsaka for fengslinga ut til å variere frå dag til dag når advokaten spør om denne.

På bakgrunn av politiet si aggressive og ureielege framferd i Danmark, meiner Siv at politiet ikkje følgjer sine eigne lover. Personleg stiller eg òg spørsmålet om politiet verkeleg er der for å beskytte oss, eller vere staten sine lydige handlangarar.

CL-rørsla samarbeider med grupper i Noreg, Sverige og Danmark for å løyse saka. Som nemnt er målet å få Sigmund si sak prøvd i ein Common Law-domstol. Det langsiktige målet er ei systemendring som vil kome alle levande menneske til gode, og vere sjølve dødsstøytet for den gamle ordenen der menneske blir sett på som handelsvarer under maritim lov. Dei kjempar med andre ord ein kamp for alle si felles framtid.

Det har blitt oppretta ei nettside som støttar Sigmund sin kamp, AgendaLMK, der «LMK» står for «levande mann/kvinne». Folk som ønskjer å hjelpe denne driftige, modige mannen frå Kvinnherad, kan gjere dette ved å spreie denne saka, eller donere pengar til føremålet. Med få unntak er det musestille i media om denne saka. Dess fleire som får høyre om dette overgrepet og Common Law, dess betre. Det som skjedde med Sigmund, ein lovlydig, rettskaffen mann, kan skje med deg.

1 comments

Kommenter innlegget