Saka om Sigmund Myklebust, anleggsmekanikaren som vart ein trugsel mot rikets tryggleik

No i 2022 har ein mann frå Kvinnherad ved namn Sigmund Myklebust fått stor merksemd i uavhengige media. 17.mai 2021 leverte han ein sokalla Notice of Liability (ansvarserklæring) til alle ordførarane i landet, den politiske toppleiinga og andre maktpersonar – i alt 407 nøkkelpersonar i Noreg, ifølgje Foreningen Lov og helse. Essensen i skrivet var at dei alle stod ansvarlege for beslutningane dei hadde teke i forhold til covid-19-«pandemien» og si handtering av den. Like etter kom politiet heim til han medan han ikkje var der og inndrog alle dei lovlege jaktvåpena hans. Dette vart av ein politibetjent bekrefta i ein telefonsamtale til Sigmund (meir om dette seinare i artikkelen). Etterpå vart Barnevernet kopla inn i saka – Sigmund er far til fire barn. 11.oktober 2022 publiserte Tove Løken eit lesarinnlegg på Steigan, der det står at Sigmund no sit i høgrisikofengsel i Danmark, etter at politiet stoppa han og arresterte han på ein særs valdeleg måte etter ei elles ukontroversiell grensepassering frå Tyskland natt til 15.september.

Korleis har det seg at anleggsmekanikaren, firmaeigaren og firebarnsfaren Sigmund Myklebust frå Kvinnherad no plutseleg blir behandla som ein trugsel mot rikets tryggleik?

Ein del av forklaringa kan vere å finne hjå Frihetsbevegelsen, som i ein YouTube-video frå 8.oktober, les opp eit brev frå Sigmund. Der fortel Sigmund om oppveksten, og korleis han tidleg fekk interesse for sprenging gjennom firmaet som faren dreiv. Sigmund tok utdanning som anleggsmekanikar og starta opp eige firma med bergsprenging i ein alder av berre 20 år. Faren omkom då ei gravemaskin kvelva i 2009. Sigmund dreiv entreprenørfirma og hadde til tider to tilsette. Arbeidet bestod mellom anna i å byggje små vasskraftverk, skogsvegar og småoppdrag slik som arbeid på private hustomter. I mars 2018 vart han utsett for ein eksplosjon i ein bil, som gav han nerveskadar i armane, mest framtredande på venstre hand. Etter den episoden byrja han, med hans eigne ord, «å undersøke mykje på internett, og reiste mykje i Norge og snakka med universitet og fagfolk på mange plan». Firmaa han var i kontakt med var NTNU, SINTEF, NORSE, NGI og «andre firma som dreiv [med] utvikling av nye idear.»

Det kan sjå ut som om eksplosjonen fekk han til å sjå etter alternative måtar å utføre sprengingsarbeid på. Etter eiga utsegn fekk Sigmund leige testhallen til SINTEF for høgspenttesting og «utførte vellykka sprenging av stein med kun strøm». Han skriv òg at han dreiv med splitting av vatn til hydrogen og oksygen, og brukte denne gassen til å brenne med. Ifølgje han sjølv «brann [den] på ein heilt anna måte enn noko anna gas[s] gjer». Som han skriv vidare: «Ved å brenne denne gassen mot eit material vert det ikkje tilført varme, derimot drar den materialet ut til gass, og dreg dermed materialet sundt.» Med «sundt» meiner han «øydelagt». Og vidare: «Det oppstår ein implosjon (en prosess der objektet destruktivt komprimeres eller kollapser innover).»

Deretter:

«Da oppdaga eg at eg kunne brenne ein stein medan eg holt [heldt] den i handa, steinen vart til lava i eine enden og var kald i den andre. Etter ei stund vart heile steinen varm. Det er og mulig å brenne steinen under vatten.»

Etter å ha starta to forskningsprosjekt der NORSE kunne få 400 000 kroner, fekk Sigmund mail om at han måtte avslutte prosjektet fordi det «stritta mot Natur lova [sic]». Med hans eigne ord «kunne [dei] ikkje forske på noko som stred med deira teoriar». Altso var forskinga til Sigmund i strid med etablerte teoriar innan fagfeltet, og truleg i strid med interessene til visse maktpersonar i industrien. Då Covid-plandemien vart starta og brukt som skremselspropaganda, var Sigmund allereie skeptisk til det som vart sagt i media. Eg trur Sigmund allereie hamna i søkjelyset til staten då han utførde eksperiment med det som i praksis var «fri/gratis energi», og historisk har forskarar som bevega seg inn i dette feltet lidd ein fælsleg lagnad. Anten har mektige selskap betalt dei i dyre dommar for å avslutte eksperimenta, eller so har dei blitt tekne av dage. Teknologien har i alle tilfelle blitt konfiskert og anten destruert eller gøymt vekk.

Det som fekk Sigmund inn på tanken om at Covid dreia seg om ein konspirasjon, var eit emblem som mange som stod på talarstolen hadde på jakka si: berekraftemblemet, òg kjent som Agenda 2030. Dåverande helseminister (Bent Høie), statsminister (Erna Solberg) og seinare ordførar i hans heimkommune Kvinnherad (Hilde Enstad, Ap, ordførar frå oktober 2021) gjekk med emblemet på jakkene sine. Same emblemet er å finne på jakkene til tidlegare statsminister i Storbritannia Boris Johnson, WHO-generaldirektør Tedros Ghebreyesus, Bill Gates, den franske presidenten Emmanuel Macron og andre maktpersonar. Sigmund trekte dermed konklusjonen at Covid-«pandemien» var planlagt, og at den hadde vore planlagt i mange år. Han byrja å leggje ut informasjon om dette på Facebook, som han ikkje hadde vore på tidlegare. Der fanst nemleg forsking som motbeviste den informasjonen som leiande politikarar og helsestyresmakter dreiv og promoterte. Sigmund sitt resonnement var at dersom desse maktpersonane vart gjort merksame på at det dei dreiv med var gale («handteringa» av Covid og alle «tiltaka»), men likevel heldt fram med det, var dei ansvarlege for sine handlingar i framtida. Då visste dei at det dei gjorde var gale.

Politiet i Kvinnherad fekk etterpå ei bekymringsmelding om Sigmund frå ein tilsett i kommunen, og dette ser ut til å ha vore utløysaren for prosessen som vart sett i verk. 5.juli 2021 fekk Sigmund eit brev frå Vest politidistrikt med tittelen «Forhåndsvarsel om vedtak etter våpenloven. Sigmund Myklebust.» I brevet blir han varsla om at politiet vurderer å tilbakekalle løyvet hans for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, jf. Våpenlova §31. I brevet står det eksplisitt:

«Grunnlaget for meldingen er et skriv på over hundre sider du har sendt til det som ser ut som alle landets ordførere, medlemmer av regjeringen, ansatte i Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet.»

Politiet siterer byrjinga på dette brevet, der Sigmund skriv på si karakteristiske blanding av bokmål, nynorsk og sunnhordlanddialekt:

«Hei. Eg sender Deg denne mailen for å videre formidle fra meg som Levende mann, det som eg har tilegna meg av informasjon. Dette er meint som ein opplysning til Deg slik at du er informert. Dermed vil Du kunne ta dine avgjersler ut fra det du veit. Dersom eg hadde unnlate å opplyse om dette, ville eg sett på meg som ein uansvarleg levende mann. På lik, linje som ein mann som var vitne til eit drap og innlot [eigentleg «unnlot»; an.] å opplyse kva som skjedde.»

Sigmund ville at brevet han sendte på e-post skulle leggjast ut på postlistene, slik at offentlegheita fekk tilgang til informasjonen. Dette vart aldri gjort. Han spurde «sjef for postlister» kvifor dette ikkje vart gjort. Personen svarte at «dette er ikkje noko kommunen kan lage noka sak av. Difor vart det avgjort at denne mailen ikkje skal offentleggjerast.»

Politiet skriv so (mi utheving):

«Vedlegget inneholder teorier, spørsmål og faktaopplysninger rundt Covid-19-pandemien og vaksinasjonsregimet knyttet til pandemien.»

Legg her merke til at politiet kallar det Sigmund skriv for teoriar og faktaopplysningar, ikkje «konspirasjonsteoriar» og «desinformasjon», slik retorikken vanlegvis er mot dei som kjem med covid-opplysningar som ikkje samsvarer med den offisielle forteljinga. Grunnlaget for at politiet inndrog våpenløyva er følgjande: «Innholdet i ditt skriv er av en slik karakter at man er bekymret for din mentale helsetilstand.»

På det tidspunktet skal det allereie ha vore ein politibetjent heime hjå Sigmund og teke våpena. Som Sigmund sjølv skriv:

«Eg vart derfor litt overraska da eg nokre veker seinere fekk ein telefon da eg var på reise. Det var ein politimann som ringde og ville informere meg om at han hadde vært heime i huset mitt og åpnet opp mitt låste våpenskap og fjernet mine lovlige jakt våpen.

Dette på grunnlag i ein bekymringsmelding på min mentale helse, fordi eg på 17 mai hadde sendt den omtalte NOL [Notice of Liability/ansvarserklæring] til alle ordførerne i NORGE. Grunnen til telefonsamtalen som eg imidlertid tok opp, var at politimannen ville sende meg ein mail med ein kopi av eit brev til meg. Eg fortalde at mi mail adresse stod på 17 mai mailen og burde vere lett å finne der. Han hadde ikkje lest denne mailen og hadde ikkje tilgang til den!

Eg fekk deretter ein kopi av dette brevet dagen etter og brevet er ein varsling om at det vil vurderes avgjersle om våpen inndraging. Bekymrings meldinga har ingen opprinnelse og brevet mitt er nr 2 i saksdokument arkivet.

Det vert ikkje lagt igjen noko kvittering på kvar mine våpen befinner seg. Politimannen hadde kontaktet min tidlegere kone, som også jobber på det lokale politikontoret, for å få opplysninger om kvar mine nøkler befant seg.

Der vart [sic] ingen heime i huset mitt da politimannen var inne. Eg fekk først en telefon etter at han hadde vert inne i mitt hus.»

Det pussige med Sigmund sitt brev (Notice of Liability/ansvarserklæring), er at kommunen ikkje ville leggje det ut i postlistene (den offentlege journalen). Dette ser ut til å vere i strid med Kvinnherad kommune sin visjon om å praktisere «utvida openheit og innsyn» med «fullt innsyn i forvaltninga». Ifølgje dei sjølve er den posten som kjem på postlistene «saksrelevant og som krev svar frå kommunen», den har «allmenn interesse» og har «verdi som dokumentasjon». Lov og helse sin gjennomgang av brevet indikerer at brevet oppfyller alle tre kriteria for offentleggjering. Dette er viktig – om ikkje til og med livsviktig – informasjon om dei faktiske forholda bak «pandemien».

Og no har altso Sigmund sete i dansk høgrisikofengsel sidan 15.september, tilsynelatande fordi han bremsa for hardt då politiet kom mannssterke og stoppa han på motorvegen. Eller, det vil seie, det var ikkje han som bremsa, det var det automatiske bremsesystemet i Teslaen hans.

Bevisa som til no er lagt fram i Sigmund-saka antydar at norsk og dansk politi i dette tilfellet har samarbeidd for å få Sigmund arrestert. Allereie då politisjefen i Husnes (handelssenter og største tettstaden i Kvinnherad kommune) valde å sende ein betjent for å konfiskere jaktvåpena til den sjølvstendig næringsdrivande firebarnsfaren, kryssa staten ei grense. Overgrepet på individet er eit faktum.

Den danske politimannen Jens W. Jensen har teke på seg ansvaret for arrestasjonen og fengslinga av Sigmund, som Frihetsbevegelsen informerer om i ein YouTube-video publisert 15.oktober. Den brå oppbremsinga til Teslaen skal ha sett ein offentleg tenestemann i fare, blir det påstått. Grunnen til at bilen automatisk bremsa opp, var at det var ei hindring framfor bilen – nemleg politiet som køyrde inn framfor bilen for å stoppe den. Med andre ord var det dansk politi som var skuld i den uheldige situasjonen på motorvegen. Frihetsbevegelsen og Arvid Gimre har sendt bevis for automatisk oppbremsing (dette blir lagra i datasystemet på Teslaen) til domstolen i Danmark med krav om «umiddelbar løslatelse» av Sigmund. I ein video frå Frihetsbevegelsen 15.oktober blir det informert at Sigmund er varetektsfengsla i ein heil månad til (frå 10:25 og utover i videoen).

Er prosessen mot Sigmund Myklebust ein konspirasjon frå det danske og det norske politiet? Blir han sett på som ein trugsel mot rikets tryggleik? Det kan nesten verke slik, og i sofall er den norske staten på gyngande juridisk grunn: konspirasjonar frå staten mot enkeltpersonar skal jo liksom vere ulovleg.

Ein av grunnane til at staten er ute etter å ta Sigmund, kan vere at han praktiserer den sokalla naturretten. Lov og helse har ein artikkel der dei forklarer konseptet. Når Sigmund bruker uttrykk som «levande mann» og «levande kvinne», står dette i motsetnad til konseptet juridisk person, som er ein stråmann skapt av staten. I Noreg er det mellom andre advokat Barbro Paulsen som har kunnskapar om dette parallelle rettssystemet.

Sigmund-saka er, som juristane i Lov og helse antydar, særs komplisert, og eg har ein mistanke om at fleire forhold enno ikkje har sett dagens lys. Saksyndig vil i likskap med fleire andre aktørar innan uavhengige media følgje nøye med på saka.

2 comments

  1. Interessant sak. Takk for informasjonen. Håper Sigmund blir satt fri fra en grunnløs fengsling.

    Kanskje norsk og dansk politi har vært på kurs hos CIA / FBI i USA for å lære seg kunsten å manipulere?

    Likt av 1 person

  2. Dette er en person et samfunn bør ta vare på at kan utvikle sine ideer. Reaksjonen får meg til a tenke på at våre vikinger visste at Jorda var rund. Det var alvorlig straffbart fra katolske kirke. Folk flyktet fra Norge og Hebridene til Island, Azorene, Grønland, og til sist til NewZealand gjennom Nordvestpassasjen som var åpen i den varme Vikingetiden. Når jeg forteller dette kalles jeg idiot. Slik er Katolisismens terror på vei tilbake i Politisk uniformering.
    Jeg har i livet opplevelser og overgrep jeg kan bli straffet for som usant. (Google : Did the Vikings discover New Zealand)

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget