Av Zoey Sky, Natural News. Omsett av saksyndig.
I fjor gav president Joe Biden ein reprimande til amerikanarar som ikkje ønskte å ta Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinane, og sa at dei hadde skulda for «dei uvaksinerte sin pandemi». Derimot har forskingsdata frå rundt om i verda bevist at påstandane hans var uriktige.
Kaiser Permanente (KP), eit velkjent forsikringsselskap og tilbydar av helsetenester, bestilte ein studie for å evaluere effektiviteten til Covid-19 mRNA-vaksinen mot den dominerande omikron-undervarianten.
KP-studien avdekte at dei som er trippelvaksinerte har større risiko for å bli smitta med Covid-19. Sjokkerande, eller kanskje ikkje, hadde dei òg større risiko for å lide av alvorleg sjukdom og døy av koronavirus.
Ifølgje ein rapport av den etterforskande journalisten Daniel Horowitz, viste eit diagram på side 30 av KP sin preprint-studie at vaksineeffektivitet mot omikron-undervariantane fell betydeleg 14 til 30 dagar etter vaksinasjon.
Effektiviteten held fram med å felle dei følgjande månadene fram til den når negativt territorium etter fem månader. Dette antydar at mottakarane har større risiko for å få koronavirus enn uvaksinerte.
I tillegg indikerer studieresultata at trippelvaksinerte har større risiko for å få Covid-19 etter fem månader enn dei som berre fekk to vaksinedosar.
Horowitz, som har laga reportasjar om den negative effektiviteten til koronavirus-vaksinane det siste året, la til at det er mogleg at vaksinane «får kroppen til å respondere med ein versjon av viruset som for lengst har endra seg, noko som dermed får den naturlege immunresponsen til å gå gale.»
Dei som støttar Covid-19-vaksinepåboda påstår at dette er grunnen for den nye bivalente sprøyta for BA.5 omikron-varianten som vart godkjent etter at den vart testa på berre åtte mus og ingen menneskelege friviljuge, sa Horowitz. Men sidan ein ny variant i aukande grad dukkar opp, er den nye sprøyta like irrelevant som dei tidlegare, og kan til og med vere kontraproduktiv.
Centers for Disease Control and Prevention (CDC) rapporterte at den nye BA.4.6.-varianten no står for minst 13% av alle Covid-19-tilfelle og aukar raskt. Andre variantar held òg fram med å spreie seg.
Dr. Meryl Nass, ein epidemiolog og indremedisinar, publiserte Horowitz sin artikkel på si Substack-side. Nass lurte på om KP-studien vart utført fordi selskapet var bekymra for all overtalssjuken som dei såg.
Ho sa at Kaiser «kan vere viljuge til å fortelje litt av sanninga» sidan selskapet prøver å avgjere «kven som skal betale for dette uventa treffet, som truleg ikkje stoppa i 2021, men framleis held fram.»
Vaksne som har fått mRNA-oppfriskningsdosar har dobbelt so stor risiko for å bli sjukehusinnlagt
I mellomtida avdekte data frå dei britiske styresmaktene at vaksne i alderen 40 til 74 som har fått mRNA-oppfriskningsdosar, har dobbelt so stor risiko for å bli sjukehusinnlagt enn dei som ikkje har fått oppfriskningsdosar.
I juni avslørte ein analyse av Pfizer og Moderna sine kliniske forsøk på Covid-19-vaksinane gjort av British Medical Journal-redaktør dr. Peter Doshi og andre medisinske ekspertar, at folk som fekk mRNA-vaksinane hadde større risiko for å hamne på sjukehus enn å bli beskytta «mot alvorlege biverknader».
Likevel hadde dr. Anthony Fauci frekkheita til å møte opp på «The Late Show with Stephen Colbert» på CBS tidlegare i oktober og promotere den nye bivalente oppfriskningsdosen for verten.
Fauci og Colbert filma ein sketsj der dei forlét studioet og gjekk nedover gata til eit apotek etter at Fauci sa under eit intervju at han var i målgruppa for ein ny oppfriskningsdose. Medan dei var på ein Walgreens-butikk, spøkte Colbert med Fauci medan sistnemnde vart vaksinert.
Merkeleg nok testa Fauci framleis positivt for koronavirus tilbake i juni, trass at han allereie hadde fått fire dosar av Pfizer sin Covid-19-vaksine.
Medan Fauci tok oppfriskningsdose utan biverknader, stod det verre til med New York Times-skribenten Carlos Tejada. 49-åringen døydde av eit hjarteinfarkt éin dag etter å ha teke oppfriskningsdosen.