EU-politikar ber regjeringar om å oppheve vaksinekontraktar: «Dei har selt oss falske vaksinar!»

«Alle som laug om at vaksinane hindrar spreiing av viruset må haldast ansvarlege.»

Av Kennedy Hall, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Strasbourg, Frankrike: Den kroatiske Europarlamentsmedlemmen (MEP) Mislav Kolakusic har bede Den europeiske union om å droppe kvar ein kontrakt med Covid-vaksineprodusentar som han seier har selt «falske vaksinar» til nasjonar.

Kolakusic kom med dette 13.oktober, og det har sidan gått «viralt» på sosiale media. Hans ytringar kom i kjølvatnet av måndagen [10.oktober] si bombe av ei innrømming i Europaparlamentet av Janine Small, president for internasjonale marknader i Pfizer, at der var ingen evidens for noka overføringstesting av sprøyte-giganten Pfizer før utrullinga av deira nye mRNA-Covid-injeksjonar.

Sist måndag spurde den nederlandske MEP Rob Roos Small: «Vart Pfizers Covid-vaksine testa på å stoppe overføringa av viruset før den kom på marknaden…?»

Small gav eit negativt svar og sa: «nei… vi måtte verkeleg bevege oss i vitskapens hastigheit.»

Som eit resultat følgde Kolakusic kollegaen Roos sitt eksempel, og pressa for djupare motstand mot påføringa av Covid-vaksinar, spesielt sidan dei vart påbodne gjennom Europa og den vestlege verda med det inntrykket at dei ville stoppe overføring.

«Fleire hundre millionar menneske rundt om i verda dei siste to dagane, har gjennom sosiale media sett responsen til [Small] på spørsmålet til min kollega Rob Roos: ‘Har vaksinen blitt testa når det gjeld hindring av overføring av viruset?’ kom politikaren med, og bekrefta at svaret Roos mottok var ein ‘direkte respons’ på at der hadde vore ‘inga vaksinetesting for overføring’.»

Kolakusic la eit hardare press på EU-parlamentet ved å referere til data frå Office of National Statistics i Storbritannia, som har vist at Covid-vaksinar gjev null vern mot dødsfall ifølgje National Health Service (NHS)-data samla dei siste to åra.

«Vidare, utifrå dei tilgjengelege data, spesielt dataa til det engelske NHS, som fører nøyaktig statistikk over talet sjuke, innlagte og avlidne ifølgje sokalla vaksinasjonsstatus… er det utvitydig tydeleg at der er ingen skilnad i infeksjon, sjukdom og død av Covid mellom dei sokalla vaksinerte og uvaksinerte pasientane,» heldt politikaren fram.

Kolakusic la til at i lys av dette, burde kontraktar med vaksineprodusentar «straks» bli avslutta, og milliardane som er brukt burde bli gjevne tilbake på grunn av det faktum at sprøytene, i hans meining, består av «falske vaksinar» sidan dei ikkje stoppar overføring eller gjev tydeleg beskyttelse slik vaksinar er meint å gjere.

Styresmakter må «straffeforfølgje Pfizer og andre», sette han i. «Elles deltek òg vi i brotsverket som er å skaffe og fremje falske legemiddel, og skade EU-budsjettet.»

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s