Av Jose Nino, Big League Politics. Omsett av saksyndig.
Ifølgje ei nyleg melding frå Office of the Director of National Intelligence (ODNI) [«kontoret til direktøren for nasjonal etterretning»; oms.an.], er Intelligence Advanced Projects Activity (IARPA) [«etterretningsaktivitet for avanserte prosjekt»; omtrentleg omsetjing] i ferd med å utvikle eit program som fjernar maska til anonyme skribentar. IARPA vil bruke AI [kunstig intelligens/artificial intelligence] for å analysere skrivestilen til anonyme skribentar. Ifølgje Cindy Harper i Reclaim the Net, er skrivestilen til ein skribent «sett på som potensielt like unik som eit fingeravtrykk.»
«Menneske og maskiner produserer enorme mengder tekstinnhald kvar dag. Tekst inneheld lingvistiske trekk som kan avsløre forfattaridentitet,» fastslo IARPA.
Dersom IARPA lykkast med dette føretaket, trur dei at programmet ved namn Human Interpretable Attribution of Text Using Underlying Structure [omtrentleg omsetjing: «menneskeleg tolkande teksttilskriving ved bruk av underliggjande struktur»; attribution er det å tilskrive nokon forfattarskapen til eit verk] vil kunne identifisere skrivestilen til ein skribent frå fleire tekstdøme og endre desse mønstera for å auke anonymiseringa av skrivinga.
«Vi har ein sterk sjanse for å møte måla våre, og levere sårt trengde evner til etterretningssamfunnet, og vesentleg utvide forståinga vår av variasjon i menneskespråk ved bruk av dei siste framstega i datalingvistikk og djuplæring,» erklærte HIATUS-program manager dr. Timothy McKinnon. [hiatus tydar forresten «pause»; oms.komm.]
På toppen av det sa IARPA at dei vil skape forklaringsevne-standardar [explainability standards] for AI-en til programmet.
ODNI avslørte at HIATUS kan ha fleire bruksområde, som inkluderer bekjemping av utanlandske påverknadsaktivitetar, forsvare skribentar som har verk som har potensiale til å setje dei i fare, og identifisere kontraetterretningsrisikoar. Per McKinnon, kan programmet identifisere om ein tekst er skriven av eit menneske, eller maskingenerert.
Derimot sa Harper at «det er ikkje IARPA sin jobb å gjere HIATUS om til noko brukande. Byrået sin jobb er berre å utvikle teknologien.» Likevel blir det tydeleg at herskarklassen har fått nok av anonyme skribentar og dei som bruker pseudonym.
Å skrive under pseudonym er so amerikansk som eplepai. Mange av grunnlovsfedrane skreiv under pseudonym gjennom heile ratifiseringa av den amerikanske grunnlova. Dette er måten mange kontroversielle skribentar kan forsvare seg mot staten og private aktørar som ønskjer å skade dei.
Om etablissementet skulle få det som dei vil når det gjeld å gjere slutt på anonymitet, vil ytringsfridommen i USA vere eitt steg nærare dødsleiet.