Sandy Hook-jury gjev Alex Jones ei bot på sviande éin milliard dollar; åtaket på ytringsfridommen blir intensivert

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig. Eigar og grunnleggjar av Natural News, Mike Adams, er gode venner med Alex Jones.

Om du er fan eller ikkje av radioverten Alex Jones, er den mest nylege jurydommen for kommentarane han kom med rundt det fæle 2012-drapet på 20 andreklassingar og seks lærarar ved Sandy Hook Elementary School i Connecticut, inst inne øydelegginga av First Amendment [del av den amerikanske grunnlova som regulerer mellom anna ytringsfridom; oms.an.].

I kjølvatnet av det forferdelege åtaket påstod Jones, om enn feilaktig, at «skyteepisoden var iscenesett og at familiane var kriseskodespelarar i eit forsøk frå regjeringa på å konfiskere skytevåpena til amerikanarar,» rapporterte Daily Wire på onsdag [12.oktober 2022] etter at ein jury i Connecticut gav Jones ordre om å betale Sandy Hook-familiar meir enn 950 millionar dollar i erstatning. Dommen følgjer «ein rettsordre frå ein separat jury i Texas, som gav Jones ordre om å betale 4,1 millionar dollar i erstatning, og 45,2 millionar for tort og svie, ei mengd som snart kan bli redusert på grunn av delstatslover som har eit tak på mengda av skader,» la nyheitsformidlaren til.

Dommen kom etter tre veker med vitneforklaringar frå familiemedlemmer til dei unge offera og ein FBI-agent som responderte på skyteepisoden, som i seg sjølv vart utført av Adam Lanza, som tok sjølvmord då politiet var på veg for å ta han. Saken var ei konsolidering av tre andre saker bragt inn av foreldre, familiemedlemmer og FBI-agenten.

«Du kan trygt seie at den er astronomisk. Det er den,» sa Christopher Mattei, ein advokat for dei fornærma medan han adresserte jurymedlemmene etter å ha bede dei om å gje dei fornærma 550 millionar dollar. «Det er nøyaktig kva Alex Jones la opp til å gjere. Det er kva han bygde. Han bygde ei løgnmaskin som kan presse ut dette stoffet. Du haustar det du sår.»

Derimot, ifølgje ein analyse av ei Texas-sak mot Jones av Revolver News i august: «blant all fanfaren og kontroversen er det lett å oversjå nøyaktig kor svak ærekrenkingssaka mot Jones verkeleg var.»

Analysen skriv at medan ein jury i Austin gav dei fornærma Scarlett Lewis og Neil Heslin 4,1 millionar dollar, hadde dei bede om 150 millionar i erstatning:

«Sandy Hook-foreldra nemnd ovanfor baserte sitt ærekrenkingskrav på eit NBC-intervju frå 2017 der Heslin sa at han heldt lekamen til sonen etter han var blitt myrda. I eit samstundes Infowars-innslag sa reporter Owen Shroyer at ‘ifølgje ei tidslinje av hendingar og obdusenten sitt vitnesbyrd, er ikkje dette mogleg’, og Jones responderte ved å be Heslin ‘klargjere’ ytringane sine. Elles hadde heile Jones si ‘ærekrenkjande’ åtferd som premiss at han kom med ville, men vage påstandar om eit Sandy Hook falskt flagg av ukjende krefter. Praktisk tala alle skadane er i mellomtida basert på å gje Jones skulda for handlingane til menneske han ikkje eingong kjenner.»

«Basert på det påståtte traumet forårsaka av påstandane til Jones, og trakassering frå ymse menneske som verken er Jones sjølv eller handlar utifrå hans ordrar, bad dei fornærma om oppsiktsvekkjande 150 millionar i erstatning. Dommen på 4,1 millionar er miskunnsamt mindre enn det, men etter at tort og svie kom inn i reknestykket, vil Jones framleis måtte betale ei massiv mengd,» skreiv Revolver News vidare, og la til at kort tid etter la Jones selskapet sitt i Chapter 11 bankruptcy. [Chapter 11 bankruptcy tydar at eit selskap søkjer konkursvern for å kunne restrukturere selskapet i eit forsøk på å unngå konkurs; oms.komm.]

Nyheitsformidlaren erkjende at Jones sine skuldingar om eit falskt flagg visseleg var høgst kontroversielle og kom på eit dårleg tidspunkt – då foreldre sørgde over tapet av barna sine som vart myrda på ein fæl måte. Jones innrømte seinare at han ikkje burde ha dekt historia på den måten han gjorde det.

«På same tid er det ein særs farleg presedens å setje når kjenslene til sørgjande familiar kan bli brukt til å stilne det å lage reportasjar – sjølv ‘konspiratorisk og sprø’ reportasjelaging – når det gjeld tragediar av nasjonal tyding,» heldt Revolver News fram.

«Sandy Hook-tragedien var ei svært offentleg og svært politisert hending heilt frå byrjinga av, og vart nesten straks vikla inn i ein nasjonal debatt om skytevåpenkontroll. Berre nokre månader etter Sandy Hook-tragedien, vedtok delstaten Connecticut eit dramatisk tillegg til deira sokalla ‘forbod mot overfallsvåpen’. Delstatane New York og Maryland gjorde noko liknande, medan senator Diane Feinstein føreslo eit forbod mot overfallsvåpen på nasjonalt nivå, som aldri vart vedteke,» la nyheitsformidlaren til.

«Med tanke på alt det politiske som er involvert, verkar det konsekvent med anda til First Amendment og ånda til eit fritt samfunn å tillate maksimal diskusjon om ein større tragedie som tener som utløysar for lovgjeving, sjølv om noko av den diskusjonen viser seg å vere toskete, grovkorna, uansvarleg og til og med skadeleg for den emosjonelle tilstanden til familiane som vart påverka av den tragedien,» heldt Revolver News fram.

Men det er ikkje det som skjedde. I staden har vi no ein høgst kontroversiell jurydom under omstende som kjem til å hindre, ikkje verne, ytringsfridommen, kor fjernt det enn måtte vere.

Trass alt, grunnlovsfedrane snakka ut mot den britiske trona i ei tid der det å gjere slikt kunne få deg fengsla eller avretta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s