I Storbritannia rømmer legar frå det offentlege helsevesenet: Vil det kollapse i næraste framtid?

Britiske sjukehuslegar seier opp i sjokkerande tal – industrien står i fare for å kollapse fullstendig på mindre enn eit år

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Det neste året planlegg nesten halvparten av alle sjukehuslegar som no arbeider i National Health Service (NHS) i Storbritannia å slutte i jobben, noko som set det statleg styrte helsesystemet i fare for «fullstendig kollaps».

British Medical Association (BMA) utførde ei spørjeundersøking med meir enn 7700 sjukehuskonsulentar i England. Det vart oppdaga at 44%, for å vere meir presis, ikkje har planar om å bli verande – sjølv om det tydar at dei må gå av med pensjon før tida, ta ein pause i karrieren eller finne arbeid i den private sektoren.

Dr. Vishal Sharma, leiar i BMA sin konsulentkomité, sa at tala utgjer «særs dyster lesing» for kva som snart vil skje med NHS. Utan handling «er NHS i fare for fullstendig kollaps».

Artikkelforfattaren [Ethan Huff] sin umiddelbare tanke er at sjukehuslegar ikkje nødvendigvis sluttar i so stor grad som dei døyr av å ha blitt injisert – i mange tilfelle med tvang – mot Wuhan koronaviruset (Covid-19). Kanskje er alt dette eit dekke for dei dødsfalla?

«NHS er allereie på brestepunktet og har ikkje råd til å misse nokon av dei tilsette, langt mindre stå overfor faren for å misse nesten halvparten av dei mest tilårskomne legane,» er Sharma sitert på å seie.

Finst der ein måte å redde NHS på, eller har skaden skjedd?

Det ser ut som om ikkje alle som «trugar med å slutte» døyr, derimot. Der finst svært ekte folk som, akkurat som jarnbane-fagforeiningane i USA og energi-fagforeiningane i Frankrike, ønskjer betre løn og arbeidsforhold.

Ei framtredande lege-fagforeining ber om at den britiske regjeringa tek umiddbelbar handling for å adressere dette og andre problem, inkludert pensjonsordningar midt i eit ustabilt økonomisk miljø.

Helsesekretær Therese Coffey har annonsert endringar i NHS-pensjonsreglane som har som mål å halde på meir erfarent personale medan dei fjernar hindringar for pensjonert personale å vende tilbake til arbeidet om dei so ønskjer.

BMA, derimot, seier at desse endringane slett ikkje går langt nok. Det som har blitt gjort so langt, ifølgje gruppa, er berre «putte plaster på såret, og er ikkje den langsiktige løysinga som NHS so desperat treng.»

«Godviljen til NHS-personale er for lengst fordufta,» la BMA til.

I spørjeundersøkinga vart konsulentar spurde om kva slags handlingar dei personleg trur vil måtte innførast innan dei neste 12 månadene for å halde på sjukehuslegar – spesifikt når det gjeld løn og noverande skatteordningar.

Nesten halvparten responderte på dette ved å antyde at den einaste løysinga er å seie opp, som tydar at ingen mengd endringar for tida er adekvate – trass det faktum at 90% av respondentane indikerte ein lønsauke på 4,5% dette året.

«Dette er ikkje det NHS som pasientane våre fortener, eller som personalet underskreiv avtale om å jobbe i,» la Sharma til. «NHS er på brestepunktet og med mindre regjeringa handlar, vil det kollapse fullstendig.»

«Vi oppmodar regjeringa til å kome til forhandlingsbordet og snakke med konsulentane om endringane som trengst før det er for seint å stoppe legelekkasjen frå NHS.»

I kommentarfeltet skreiv nokon at «det berre er eit spørsmål om tid» før dette skjedde.

«Er det på tide å sjå på kvakksalvarane på det medisinske feltet som mordarar?» spurde den same personen. «Kor mange har døydd i deira feilbehandlande nevar?»

Ein annan skreiv at om dette var «kva som helst anna fagforeining, ville regjeringa stemple dei som kjeltringar og utpressarar som brukte trugslar og tvang for å rævkøyre skattebetalarane for sin eigen profitt.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s