Reporter trollar skulestyre ved å kle seg som translærar med kolossale falske puppar

Av Kelen McBreen, Infowars. Omsett av saksyndig.

Rebel News-reporter David Menzies invaderte eit Halton District-skulestyremøte i Ontario i Canada denne veka, i det same kostymet som ein av deira tilsette på kontroversielt vis går med når vedkomande underviser elevane.

Menzies ankom møtet kledd som den transkjønna sløydlæraren ved Oakville Trafalgar High School, Kayla Lemieux, som har skapt overskrifter i det siste for å gå med massive falske puppar og tronge bukser i timane.

Ein forelder i mengda klaga om Lemieux sitt antrekk, og sa til skulestyret: «Ingen normal person med vit og forstand ville finne på å kle seg slik og undervise barn. Kom an! Er de folk friske i skolten? Oakville har blitt eit skjemtestykke for verda! Kva feilar det dykk?»

I mellomtida prøvde Menzies å få ein styremedlem til å ta imot ein petisjon som han heldt relatert til læraren, som hadde blitt signert av meir enn 16 000 menneske som bad om at skulestyret og utdanningsdirektøren får sparken.

«Kven av de woke-feigingane kjem til å ta imot denne petisjonen?» spurde han.

Under forsøket på å overlevere petisjonen, sa ein styremedlem: «Eg ville verkeleg setje pris på om du forlét rommet,» og Menzies skulda vedkomande for «transfobi».

heile skulestyret bestemte seg for å forlate rommet i staden for å adressere den opprørte forelderen, ropte ei dame: «Er det dette de gjer som respons?»

«Halton District-skulestyret og utdanningsdirektør Curtis Ennis burde få sparken for å late ein kvinne-identifiserande sløydlærar gå med enorme falske puppar som knapt nok er haldne på plass av delvis gjennomsiktige blusar medan han underviser,» sa Menzies.

Sjølv den liberale talkshow-verten Bill Maher har gått ut og innrømt at den kanadiske translæraren «openbert treng hjelp».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s