Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Meir bevis har dukka opp denne veka for at Vesten sitt finanssystem dinglar på kanten av kollaps, sidan europearar er bekymra for at dei ikkje har nok rimeleg energi til å varme heimane sine i vinter.
Under ein tale i Washington D.C., åtvara Bank of England-guvernør Andrew Bailey fyrst at «marknadsustabiliteten slo banken sine stresstestar», som i seg sjølv er skremmande – og deretter forsterka han med at der er ein «alvorleg risiko mot stabiliteten til det britiske finanssystemet», og la til at eit program for å redde pensjonsfond er «mellomsbels», ifølgje ZeroHedge.
Derimot kom Bailey so med ei bombe.
«Min beskjed til dei involverte fonda og alle firma er at de har tre dagar igjen no. De må få dette gjort. Essensen til finansstabilitet er at den (intervensjonen) er mellombels. Den går ikkje over lengre tid,» sa han i ei nifs åtvaring som sendte sjokkbølgjer gjennom finanssektorar rundt om i verda. «Eg er redd for at dette må gjerast, for finansstabiliteten si skuld,» la han til, ifølgje BBC.
I mellomtida, ifølgje Financial Times, her er grunnen til at handlarar ikkje sel fleire britiske obligasjonar:
«Handlarar seier at det at somme investorar nøler med å selje større andelar delvis kjem av konsekvensen av heile Bank of England si tilnærming til det å gjere kjøp.
Sentralbanken har berre kjøpt obligasjonar til nær det rådande marknadsnivået, og har avvist tilbod som dei såg på som for dyre. Investorar kan få ein litt betre pris gjennom å selje obligasjonane sine til sentralbanken heller enn til den opne marknaden, men skilnaden er målt i små fraksjonar av eit prosentpoeng. Til gjengjeld må dei stå overfor uvissa om kor vidt Bank of England faktisk vil akseptere tilbodet deira om å selje, eller potensielt late banken halde uønskte obligasjonar i ein marknad der prisen kan ha gått mot dei i mellomtida.»
«Kundar likar ikkje uvissa – dei seier at ‘du tek risikoen og du kan krevje oss for det,’ sa ein obligasjonshandlar i ein større investeringsbank. «Du sel obligasjonen der marknaden er – der kjem inga kjøpande makt frå Bank of England.»
«Måten bankane har strukturert denne intervensjonen er at dei kan berre kjøpe aktiva dersom folk kjem med tilbod på dei, men ingen kjem med tilbod,» sa Craig Inches, leiar for satsar og kontantar ved Royal London Asset Management.
Men etter Bailey sine kommentarar i Washington, byrja salet for alvor, og bana veg for det mange ser på som ein kollaps av gigantiske proporsjonar i komande framtid, med mindre det skjer eit slags mirakel, fordi den destruktive sirkelen har allereie byrja: Når dei globale valutaene fell, blir den amerikanske dollaren sterkare; og dess sterkare den amerikanske dollaren blir, dess fleire globale valutaer fell i verdi.
«Dette var på veg fordi det alltid har vore slik før,» skreiv «Big Short» Michael Burry måndag [10.oktober 2022], og la til: «korleis nokon over 40 ikkje såg det kome er ei gåte. Svaret er grådigheit.»
BBC skreiv vidare:
«Tidlegare hadde pensjonsindustriorganet Pensions and Lifetime Savings Association åtvara mot at hjelpa tok slutt ‘for tidleg’.
Dei antyda at støtta burde bli forlenga til 31.oktober, då kanslar Kwasi Kwarteng etter planen skal leggje fram sin økonomiske plan som forklarer korleis han vil få balanse i dei offentlege finansane. Meldinga vil bli følgt av uavhengige spådommar når det gjeld framtida til den britiske økonomien.»
«Som Banken [Bank of England] har gjort klart, vil deira mellombelse og målretta kjøp av obligasjonar slutte 14.oktober,» gjentok ein talsperson frå Bank of England på onsdag [12.oktober], som rapportert av CNBC.
«Guvernøren bekrefta denne posisjonen i går, og det har blitt gjort absolutt tydeleg i kontakt med bankane på seniornivå. Etter 14.oktober, er ei rekkje fasilitetar, inkludert det nye TECRF, der for å lette likviditetspresset på LDIs,» la talspersonen frå Bank of England til.