Ny studie: Babyar fødd under nedstenging viser teikn på utviklingshemming

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ein ny studie i Irland har avdekt at babyar fødd under Covid-nedstengingane hadde mindre sannsyn for å kunne snakke før sin fyrste bursdag enn barn som vart fødd tidlegare.

Studien, leia av Royal College of Surgeons i Irland, avdekte at nedstengde barn òg viste ei urovekkjande mengd kognitive svekkingar.

Summit.news rapporterer: Studien, publisert i Archives of Disease in Childhood, fokuserte på 309 babyar fødd i dei fyrste tre månadene av nedstenginga i Irland mellom mars og mai 2020, og resta for ti åtferdsmilepælar på deira fyrste bursdag, der resultata so vart samanlikna med dei til 2000 babyar fødd mellom 2008 og 2011.

Studien, som har tittelen Social communication skill attainment in babies born during the COVID-19 pandemic [«innehaving av sosiale kommunikasjonsferdigheiter blant babyar fødd under covid-19-pandemien»], viser at nedstengde babyar hadde 14% mindre sjanse for å ha sagt sitt fyrste ord, 9% mindre sjanse for å ha byrja å peike, og 6% mindre sjanse til å vinke farvel.

Forskarar trur at munnbind avgrensa barna si evne til å sjå munnane til folk og venne seg til ansiktsuttrykk, noko som førde til auka vanskar med å lære seg å snakke.

I tillegg trur ein at det å forby slektningar og venner av foreldra å besøke barna, kan ha bidrege til å halde tilbake sosial utvikling.

«Nedstengingstiltak kan ha redusert ordforrådet til det høyrde språket, og synet av umaskerte fjes som snakka til [spedbarna],» står det å lese i ein kommentar frå forskarane.

Det held fram: «Dei kan òg ha hindra høve til å møte nye interesseobjekt, som kan få peiking til å oppstå, og frekvensen av sosiale kontaktar for å få dei til å lære seg å vinke farvel.»

«Dei hadde framleis større sannsyn for å krype… som kan vere fordi dei hadde større sannsyn for å ha tilbragt meir tid heime og på bakken, heller enn utanfor heimen i bil eller barnevogn,» står det òg å lese.

Medan studien berre var basert utifrå observasjon, legg den til anna evidens som viser at nedstengingar og munnbindbruk spesielt har hatt massivt uheldig effekt på barn.

Ein studie i Storbritannia avdekte at mange barn som byrja på grunnskulen har alvorleg underutvikla verbale ferdigheiter, der mange ikkje eingong er i stand til å seie sine eigne namn.

Ifølgje logopedar har munnbindbruk forårsaka ein auke på 364% i pasienthenvisningar blant babyar og småbarn.

Ein annan studie avdekte korleis snitt-IQ-scoren på unge barn fødd under pandemien har falle med so mykje som 22%, medan verbale, motoriske og kognitive ferdigheiter alle har lidd som eit resultat av nedstenging.

Ein studie publisert i tidsskriftet Royal Society Open Science, avdekte at nedstengingar i Storbritannia fekk rundt 60 000 barn til å lide av klinisk depresjon.

Tal viser at 400 000 britiske barn vart henvist til psykisk helse-spesialistar i fjor for problem slik som eteforstyrringar og sjølvskading.

Utdanningsekspertar har fastslege at det å tvinge skulebarn til å gå med munnbind har skapt langvarige psykologiske traume.

Ein Ofsted-rapport åtvara òg om alvorlege forseinkingar i læring forårsaka av nedstengingsrestriksjonar.

«Barn som blir to [i 2022] vil ha vore omringa av vaksne med munnbind heile livet, og har difor vore ute av stand til å sjå lepperørsler eller forma på munnar jamleg nok,» fastslår rapporten.

Ein annan studie frå Tyskland avdekte at leseferdigheita til barn har falle samanlikna med før-Covid-tider takka vere nedstengingspolitikk som førde til stenginga av skular.

Johns Hopkins University konkluderte at globale nedstengingar har hatt mykje verre effekt på samfunnet enn dei har hatt fordelar, der forskarar innstendig oppmodar om at dei «har dårleg grunnlag og burde bli avviste som eit pandemipolitikk-instrument».

Likevel frontar mange det å bringe restriksjonar tilbake.

Som vi sette fokus på sist veke, har ein ny rapport frå Centers for Disease Control and Prevention (CDC) sett fokus på eit rekordhøgt tal barn som òg no blir sjukehusinnlagt med vanleg forkjøling på grunn av svekka immunforsvar.

CDC-dataa samsvarer med forsking av vitskapsfolk ved Yale som åtvara at det ikkje er normalt å sjå barn med kombinasjonar av sju vanlege virus, inkludert adenovirus, rhinovirus, respiratorisk syncytialt virus [betre kjent som RS-virus i Noreg; oms.komm.], menneskeleg metapneumovirus, influensa og parainfluensa, so vel som Covid-19.

Som vi tidlegare sette søkjelys på, har der òg vore eit globalt utbrot av hepatitt-tilfelle hjå barn, der media slår fast at årsaka er «ukjent».

Tenestepersonar i Biden-administrasjonen har stadig pressa på at barn skal halde fram med å gå med munnbind på skulen, og der er framleis hordar av hypokondrar som tvingar barna sine til å gjere det, trass at Covid utgjer nesten ingen risiko for helsa til barn under normale omstende.

Dei som stadig har pressa munnbind på barn er ofte dei fyrste til å kaste munnbinda sjølve når dei trur at ingen ser dei.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s