Konservative forsvarer Alex Jones og ytringsfridommen etter dom på ein milliard dollar

Av Adan Salazar, Infowars. Omsett av saksyndig. Alex Jones er eigar og grunnleggjar av Infowars.

Konservative på Twitter avviste dommen på ein milliard dollar avsagt av ein jury i Alex Jones sin andre Sandy Hook-rettssak onsdag [12.oktober 2022], og gjekk til forsvar for retten hans til å stille spørsmål ved forteljingar frå styresmaktene.

I eit øydeleggjande slag mot ytringsfridommen, gav ein seks personars jury i Connecticut Joes ordre om å betale 965 milliardar dollar i erstatning til familiane av menneske drepe i Sandy Hook-skytinga, i tillegg til FBI-agent William Aldenberg, som var fyrst ute på staden.

Etter å ha vedgått nederlaget innrømte Jones sin advokat Norm Pattis på Twitter: «Ja, eg veit. Eg fekk i ræva,» i tillegg til å dele ein link til Alex Jones sitt rettsforsvarsfond SaveInfowars.com.

Kongresskvinne Marjorie Taylor Greene (republikanar, delstaten Georgia) forsvarte Jones sin rett til å «snakke ord».

«Han var ikkje den som trykte på avtrekkjaren,» skreiv Greene.

«Var orda hans feil og bad han om orsaking? Ja,» skreiv ho på Twitter og la til: «Det er kva ytringsfridom er. Fridom til å snakke ord. Politisk forfølging må ta slutt.»

Revolver News-grunnleggjar Darren Beattie skreiv at Jones si overdrivne bot er bevis på at regimet kan saksøkje deg i fillebitar om dei mislikar kva du seier.

Turing Point USA-grunnleggjar og president Charlie Kirk kommenterte at Jones sin dom «ikkje er om å kalkulere ekte skadar frå Alex Jones. Det handlar om å sende ein bodskap. Dersom du opprører Regimet, vil dei øydeleggje deg, fullstendig og ettertrykkjeleg, for alltid.»

Politisk kommentator og advokat Mike Cernovich påpeikte at «Alex Jones drap ingen», og sette fokus på at den automatiske «skuldig»-dommen mot Jones tok frå han den grunnlovsbeskytta retten til ein rettferdig rettssak.

«Han bad om orsaking for sine uriktige rapportar, som der ikkje var mange av,» skreiv Cernovich på Twitter. «Likevel, i ein rettssak der han ikkje fekk lov til å forsvare seg sjølv utifrå eit ytringsfridomsgrunnlag, blir han no gjeven ordre om å betale fleire hundre millionar dollar. Stalin sitt spøkjelse har vendt tilbake.»

Human Events-redaktør Jack Posobiec skreiv at dommen essensielt tydar at mediepersonlegdommar kan bli saksøkt for å fremje den falske ideen om at Covid-vaksinar kan stoppe overføring av viruset.

Den konservative kommentatoren Benny Johnson peikte på det manglande samsvaret mellom det at Jones vart dømt for å «forårsake skade», medan vensteorienterte som bokstavleg tala prøvde å drepe konservative har fått små eller ingen bøter.

The Liberty Daily-redaktør JD Rucker svarte at Jones sin dom «handlar om å knuse dissens».

«Mange er forståeleg nok opprørte over at Alex Jones-dommen er eit direkte åtak på ytringsfridommen, men det er faktisk verre enn det,» åtvara Rucker. «Dette er eit åtak på tankefridommen. Han blir forfølgt for feiltanke. Vi vil alle bli forfølgde for feiltanke snart.»

Forfattar Michael Malice skreiv at OJ Simpson, som visstnok drap kona si Nicole og vennen hennar Ron Goldman, berre betalte 33,5 millionar dollar til familiane til offera sine.

Journalist Ian Miles Cheong observerte at dommen på ein milliard dollar «signaliserer at det er jaktsesong på alle andre som har ytringar som kan framprovosere tilfeldige handlingar.»

Jurist og YouTuber Viva Frei seier at han vil gjerne at dommen blir trekt tilbake ved anke, og dersom det ikkje gjer det, «er der ikkje håp igjen for det sokalla ‘rettssystemet’.»

Den konservative kommentatoren Jesse Kelly åtvara dei som feira dommen at presedensen som vart sett vil kome tilbake og bite dei.

Komikaren Tim Young spøkte om at dommen var so høg at juryen må ha teke feil av Jones og den farmasøytiske giganten Pfizer.

Medan konservative sørgjer over ytringsfridommens død, går høgprofilerte liberale slik som tidlegare Kvite hus-pressesekretær Jen Psaki ut og hyllar dommen, og seier dei håper den vil føre til døden til Infowars.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s