Tyskarane skal byrje å brenne munnbind for å halde varmen i vinter!

Brenn vitskapen: Tyskland annonserer plan for å «termisk gjenvinne» 800 millionar covid-masker som drivstoff oppi ei energikrise

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Nær 800 millionar forsegla munnbind som vart produsert for Wuhan koronaviruset (Covid-19)-bløffdemien skal snart brukast som brensel for å halde folk i Tyskland varme denne komande mørke vinteren.

Rapportar indikerer at det økonomiske krafthuset i Europa strevar med å halde seg flytande i den pågåande krangelen mellom Russland og Ukraina-NATO. Dette har gjort landet ute av stand til å skaffe eller produsere nok energi for å kome seg gjennom den kalde årstida.

Mange i Tyskland har panikk og prøver å kjøpe ved, vedomnar, pellets og kva som helst anna som dei kan grafse til seg for å skape varme, på grunn av det komande tapet av olje- og gassreservar.

Den nylege sabotasjen av Nord Stream 1 (NS1) og Nord Stream 2 (NS2)-røyrleidningane frå Russland til Tyskland via Austersjøen har berre gjort ting verre, og gjort ein allereie vanskeleg situasjon sopass mykje verre.

Når hausten kjem og trea misser lauvet, og denne gysande kulden kjem over det daude landskapet, byrjar folk å frike ut, akkurat som konstruktørane av Titanic som sa at sjølv Vår Herre ikkje kunne søkkje det skipet, trudde dei aldri at noko slikt kunne skje med dei, i Tyskland av alle stader.

Å brenne munnbind skaper ikkje «rein» energi – sorry, Tyskland!

Dei 800 millionar munnbinda, blir vi fortalt, har gått ut på dato (kven skulle tru at eit stykke kinesisk-produsert papir og plastikk hadde utløpsdato?). Dei vart opphavleg kjøpt inn av den tyske regjeringa for utrulege 5,9 milliardar dollar – snakk om sløsing med pengar.

Ikkje berre vil det å brenne maskene generere straum, sa Tysklands føderale miljøministerium, naturbevaring, kjernekrafttryggleik og forbrukarvern, men det vil òg skape etterlengta varme for å halde folk i live gjennom vinteren.

Brenninga av munnbinda vil ikkje vere «rein» energi slik Tyskland lenge har vore stolte å vere føregangsland for. Røyken og oska som dei etterlèt seg vil produsere liknande forureining som fossilt drivstoff, som Tyskland har spotta i sin overgang til ein «grøn» økonomi.

Innan år 2030 hadde Tyskland planar om å oppnå eit nasjonalt rein-energi-output på 80%, ein auke frå deira fyrste lovnad om 65%. For tida – i det minste fram til i år – gjorde Tyskland krav på ei «kraftblanding» på litt under 41% rein-energi-output.

Planen om å brenne 800 millionar munnbind for energi i vinter vil i stor grad stikke kjeppar i hjula for Tyskland sin grøne overgang, ettersom munnbind er høgst forureinande når dei brenn. For å produsere dei munnbinda i Kina måtte ein brenne fossilt drivstoff i tillegg.

Vi blir fortalt at Tyskland har planar om å starte opp igjen minst 20 kolkraftverk i landet som vart stengde i seinare år for å «redde planeten». No må dei takast i bruk atter ein gong for å redde liv frå kuldedød.

Uheldigvis for Tyskland har landet hatt vanskar i det siste med å skaffe og levere kol til nemnde kraftverk. Rinen hadde svært låg vasstand ei stund, noko som hindra skip i å passere, og kostnadene tilknytt energiforsyningskjeden har skote i vêret.

På byrjinga av 2021, ifølgje Heiko Mennerich, leiar for energi ved Evonik, eit av dei største kolkraftverka i Tyskland, kosta kol berre 64 dollar per metriske tonn. Sist sommar auka det same metriske tonnet med kol til 400 dollar – ein auke på meir enn 600 prosent.

«Lat Tyskland vere eit døme for det amerikanske folket, om vår eiga regjering skulle finne seg sjølve for avhengige av utanlandsk energi og gje seg hen til brenning av medisinsk verneutstyr for å halde varmen i vinter,» åtvara ein rapport.

Kommentar frå saksyndig: Det Charter-Svein gjorde i 2021 under ein protest mot koronatiltaka, ser no ut til å bli eit regjeringsgodkjent naudtiltak i Tyskland i vinter…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s