Av Anthony Murdoch, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Maxime Bernier, leiaren av People’s Party of Canada, skjelte ut ein kanadisk ungdomsskulelærar som dukka opp på skulen med massive falske bryst, og seier at «pervo»-læraren burde «halde seg heime».
«Det vi ber om her i dag, er at denne læraren – berre sei til han ‘hadet, hald deg heime. Vi vil ikkje ha deg på skulen vår’,» sa Bernier på eit rally i Burlington i kanadiske Ontario no sundag [25.september 2022].
Bernier slutta seg til dei som hadde samla seg ved M.M. Robinson High School for å demonstrere mot ein biologisk mann, ein sløydlærar ved Oakville Trafalgar High School som no går under namnet Kayla Lemieux.
Sist veke dukka det opp videoar som viste Lemieux undervise klassen sin medan han gjekk i teikneserie-aktige, massive, struttande falske puppar. Dette fekk mange til å snakke ut mot han.
Som eit resultat samla det seg sist fredag [23.september 2022] hundrevis av elevar og foreldre og heldt ein demonstrasjon utanfor Trafalgar High School.
Skulestyret i Halton District forsvarte læraren, og sa: «Som ein skule underlagt skulestyret i Halton District, anerkjenner Oakville Trafalgar High School elevar, tilsette, foreldre/føresette og medlemmer av lokalsamfunnet sin rett til likeverdig behandling utan diskriminering basert på kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.»
«Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk er beskytta under Ontario sin menneskerettskodeks,» sa skulen i ein e-post til foreldra.
Fox News-vert Tucker Carlson kalla skulestyret «avskyeleg» for å ikkje gjere noko med Lemieux. Carlson kalla Lemieux for «ein mann som misbruker barn i klasserommet».
Merk at Bernier var den einaste føderalt aktive politiske figuren i Canada som straks fordømte antrekket til læraren, og på sundag skjelte han ut skulestyret fordi dei sa at dei ikkje kunne gjere noko med læraren.
«Og skulestyret fortel oss at dei ikkje kan gjere noko, fordi det ville vere diskriminering – kan de tru det? Dei seier at fordi menneskerettskodeksen her i Ontario seier, de veit, kjønnsidentitet, det er svært viktig,» sa Bernier.
«Du kan ikkje utføre noka diskriminering mot flytande kjønnsidentitet. So det er grunnen til at dei fortel oss at dei ikkje kan gjere noko med det. Ja, de kan! Ja vi kan, det er difor vi er her. Vi ber om at fornufta tek forrang, at det må bli slutt på woke-ideologi over heile landet.»
På fredag vart utdanningsministeren i Ontario, Stephen Lecce, spurt om Oakville-læraren. Han sa at han har bede Ontario sitt lærarkollegium om å ta ein gjennomgang av retningslinjene relatert til profesjonell åtferd.
«I denne provinsen, i skulane våre, feirar vi skilnadene mellom oss, og vi trur òg at der må vere høgste standard av profesjonalitet føre barna våre,» sa Lecce.
«Og på det grunnlag har eg bede Ontario sitt lærarkollegium om å ta ein gjennomgang av og å vurdere å styrkje desse retningslinjene når det gjeld profesjonell åtferd, som vi trur vil vere i interessene til alle barn i Ontario.»
På sundagens rally retta Bernier òg eit skot mot det han kalla «etablissementsvalde politikarar» for at dei heldt seg stille når det gjaldt Oakville-læraren, og sa at «dei er ingen stad å sjå».
«I dag er det ikkje populært å snakke mot woke-ideologi, og alle desse etablissementspolitikarane, dei utfører politikk basert på konsensus, og dei er politisk korrekte,» sa Bernier. «Dei burde skamme seg, dei burde kome ut, og vi vil vinne den kampen.»
Bernier gjekk òg ut på sosiale media for å hengje Lemieux ut som ein «pervo» som ikkje burde få lov til å vere med barn.
«De må ha sett bilete av denne pervoen gå viralt på Internett dei siste dagane. Denne mannen er ein lærar ved Oakville Trafalgar High School i Ontario, der han går med sitt hyperseksualiserte og groteske kostyme kvar dag på skulen,» sa Bernier på ein video publisert på Twitter.
«Skulen må vere ein trygg plass for barna våre. Det er ikkje tilfellet med den læraren; han bruker skulen for å fremje sine sjuke seksualfantasiar. So vi må gjere slutt på det, og det er difor eg leiar ein protest no fyrstkomande sundag.»
På fredag sa Bernier at han «aldri» ville bruke pronomen som var «funne opp av raringar», og at han berre vil bruke «han og ho».
«Gløym ‘ze’, ‘xir’, ‘sie’. ‘hir’, ‘ey’ og alle dei andre oppfunne pronomena,» sa Bernier på Twitter.
«Ingen kjem til å kunne tvinge meg til å endre korleis eg snakkar for å tilpasse meg 25 ulike typar raringar. Eg kjem aldri til å bruke andre pronomen enn ‘han’ og ‘ho’.»
I eit nyleg blogginnlegg sa Bernier at det er urettferdig overfor elevane at læraren «nyt å presentere seg som ein høgt seksualisert og grotesk karikatur av ei dame framfor mindreårige.»
«Ikkje berre er dette ei obskøn hån av det kvinnelege, men det perverterer òg heile atmosfæren på skulen. Foreldre må stå saman mot seksualiseringa av barna sitt undervisningsmiljø!»
I 2017 vedtok den kanadiske føderale regjeringa Bill C-16, som la til «kjønnsuttrykk» og «kjønnsidentitet» til den kanadiske menneskerettskodeksen, og til hatkriminalitetsseksjonen til Straffelova.
Jack Fonseca, Campain Life Coalition sin direktør for politiske operasjonar, åtvara på den tida at Bill C-16 ville utgjere åtak på familien og på kristne.
«Merk mine ord, denne lova vil ikkje bli brukt som eit slags ‘skjold’ for å forsvare sårbare transseksuelle, men heller som eit våpen der dei skamslår truande og fritenkjande kanadiarar som ikkje ønskjer å fornekte sanninga,» fortalde han LifeSiteNews.
Sist månad sa Trudeau-regjeringa at dei ville finansiere LGBT-grupper med 100 millionar kanadiske dollar. Dette kjem etter at Canada nyleg vedtok ei lov som forbyr sokalla «konverteringsterapi» – samtaleterapi for å adressere uønskt seksuell tiltrekking. Kritikarar seier at det kriminaliserer «samtalar mellom samtykkjande vaksne».