Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.
Alle som ikkje trur på at konspiratørane er i ferd med å vinne denne krigen ser ikkje nøye nok etter på kva som skjer. På byrjinga av 2022 sa eg at vi hadde fram til slutten av året på å slå konspiratørane. Eg står for den åtvaringa.
Statleg politikk overalt er designa for å øydeleggje økonomien, føre millionar ut i fattigdom og forårsake fleire hundre millionar dødsfall (spesielt i Asia og Afrika) gjennom kulde og svolt.
Ingenting som skjer, skjer utilsikta. Alt i vårt stilleståande, gjennomròtne, berettigelsesbaserte samfunn er planlagt og alt er gjort med vilje.
I mars 2020 åtvara eg om at koronavirus-pandemibløffen var designa for å gjere tre ting: drepe dei eldre, å kvitte seg med kontantar og innføre påbodne vaksinasjonsprogram. Eg åtvara om at vi kjempa ein krig mot vonde menneske.
Og tre månader etter det, tidleg på sommaren 2020, åtvara eg om at våre hovudfiendar ikkje var konspiratørane sjølve, men kollaboratørane – millionane av menneske som, om dei vart bedne om det, ville stå på hovudet i bøtter fulle av vaniljekrem og berre spørje kor lenge dei måtte stå slik. Eg åtvara om at det ville vere dei underdanige, ryggradslause, uvetande, lettlurte, lydige kollaboratørane som ville skrive under på dødsordrane våre.
Eg vart djupt kritisert for dette (for ei overrasking!) av folk som argumenterte for at dei som samarbeidde med fienden måtte snakkast til på ein høfleg måte, og overtala til å forstå sanninga om munnbind, nedstengingar, covid-19-sprøyter og PCR-testar.
Det kom aldri til å fungere. Og det fungerer framleis ikkje.
Det kom aldri til å fungere fordi konspiratørane hadde kjøpt hovudstraumsmedia med hud og hår. Gates og kompisane hans hadde brukt fleire millionar på å kjøpe nyheitene.
Allereie frå starten på denne krigen burde vi ha kjempa mot kollaboratørane, so vel som mot konspiratørane.
Og vi måtte trekkje merksemd til måten talspersonar frå regjeringa laug, og måten dei openlyst brukte hjernevaskteknikkar for å fremje løgner og bedrag. Eg peikte på farane til det kontrollprogrammet som ville føre oss til statskontrollert sosialkreditt.
I dag er sjølv tilsynelatande intelligente menneske ikkje i stand til å forstå omfanget av bedrageriet og faren vi står overfor. Der er mange skolerte som er so hjernevaska, og so gode i å undertrykkje sanninga, at dei framleis trur at dei av oss som snakkar og skriv om konspiratørane, lid av paranoia.
Evidensen for bedrageriet er lett å finne. Det er lett å bevise at PCR-testar er verre enn ubrukelege. Det er lett å bevise (ved hjelp av offisiell statistikk) at covid-19 ikkje drap fleire enn vanleg influensa. Det er lett å bevise at dei offisielle tala har blitt triksa med. Det er lett å bevise at hundretusenvis av menneske har blitt drepne eller skadde av covid-19-sprøytene. Og det er lett å bevise at, heilt frå byrjinga av, i Storbritannia, so bekrefta regjeringa sine eigne rådgjevarar at covid-19 ikkje var meir dødeleg enn influensa.
Beviset for dette, naturlegvis, er at heilt frå byrjinga av har styresmaktene nekta å debattere rundt nokon av desse emna. BBC har jamt over nekta å sleppe nokon til på lufta, same kor kvalifiserte dei er, for å ytre noko som liknar på kritikk mot vaksinar.
Den eine tingen vi burde ha gjort, heilt frå byrjinga, var å krevje skikkelege, opne, direkte, TV-sendte, offentlege debattar. Eg prøvde gjentekne gonger å gjere dette (eg tilbaud til og med pengar for ein debatt), men ingen på vår side av krigen var førebudd på å fremje utfordringa – og dermed var det lett for konspiratørane og kollaboratørane å ignorere det faktum at sanninga hadde blitt undertrykt.
Eg hatar ideen om å kome på TV igjen, men eg trur ærleg tala at om eg hadde fått lov å ta del i eit 30-minutt lang nasjonalt, TV-sendt, direktesendt program med kva som helst tal i opposisjonen, kunne eg øydeleggje bedrageriet ein gong for alle. Det er so lett. Alle faktaa er på vår side.
I staden fekk opposisjonen gjere sitt beste for å øydeleggje ryktet mitt og truverda mi ved å fylle hovudstraumsmedia og Internett med løgner. Wikipedia-sida mi vart endra til eg ikkje kjende ho igjen – stort sett av ein person som eg og andre mistenkte for å vere hyra av CIA. Inntekta mi vart (truleg permanent) øydelagt. Ryktet mitt vart maltraktert på ein måte ingen kjendis noko sinne måtte tole, og eg var so nede for teljing at eg synest det var vanskeleg å forlate huset mitt.
Løgnene, mishandlinga og trugslane vart drivne opp eit hakk av medlemmer av opposisjonen som byrja å fremje ein absurd hypotese om at der ikkje finst bakteriar, ingen smittsame sjukdommar og ingen immunforsvar. Mange av dei mest høglytte av denne vesle, men travle gruppa gadd ikkje kome med nokon evidens, gadd ikkje kjempe mot løgnene om covid-19-sprøyter, men påstod rett og slett, utan nokon som helst bevis, at alle som ikkje trudde på deira nonsens måtte vere «kontrollert opposisjon», og difor måtte bli stilna eller drepne. Dette nonsenset, ofte med vilje fremja av menneske som òg utrykkjer trua om at jorda er flat, og at vi alle vil falle over kanten om vi reiser for nærme den, hadde den ønskte tvillingeffekten av å overbevise folket og den medisinske profesjonen at dei av oss som stilte spørsmålsteikn ved den falske pandemien, og i tillegg åtvara mot farane til sosialkreditt, òg måtte vere galne.
Alt som har skjedd sidan starten på 2020 var alltid del av ein listig planlagt mediekrig.
Konspiratørane har med vilje øydelagt lese- og rekneferdigheit. Dei skapte episodiske TV-program og filmar for å øydeleggje tankeprosessar. Dei overtala kjendisar og legar til å fremje og tilråde covid-19-sprøyter – sjølv når evidensen viste tydeleg kor skadelege dei ubrukelege sprøytene var. I Storbritannia lykkast dei med å overtale folket om at det overlagt øydelagde helsevesenet jobba utrøytteleg for å beskytte og ivareta folket. Dei overtala folket til å ha tillit til barnevaktstaten. Dei brukte knep skapte av CIA og hæren.
Og no, når dei med vilje har tvinga opp olje- og gassprisane med ein designar-krig, kjøper dei menneske med subsidiar og pengeutbetalingar.
Bandet som knyter oss saman er behovet for å ha eit føremål, og å vere nyttige. Konspiratørane har bevisst fjerna den støtta. Dei har gjort alt dei kan for å gjere alle avhengige av staten. Dei har skapt fortærande uvisse og bygt ein epidemi av depresjon og angst.
Lova brukte å late oss få gjere ting som ikkje var forbodne. Spreiinga av dårleg definerte rettar (kravde av og laga for ytre venstre-agitatorar), tydar at vi ikkje lenger veit kva som er lov og kva som er forbode til vi blir arresterte. Tvillingprinisippa om å forvente intervensjon og skulde på nokon andre når ting ikkje går glatt, har øydelagt samfunnet. Absurde klimaendringsentusiastar (som er psykisk sjuke og like farlege som terroristar, og som burde bli sperra inne for vår tryggleik sin del), får lov til å kontrollere politiske agendaer med dødelege og øydeleggjande effektar.
Framgangen mot samfunnet eg skildrar i bøkene mine Endgame og Social Credit: Nightmare on Your Street går raskt. Byggherrar må no montere gitter på vindauga til nye hus. Digre kommersielle kjøkken blir bygde slik at dei som bur i leilegheiter kan få alle måltida tilberedt og levert til dei. Å jobbe heimanfrå har blitt fremja som ein måte å sikre seg at vi forblir fengsla. Leigeblokker blir konstruert som inneheld rom for organisert og tillaten sosialisering – og tilgang til tenester (slik som frisør og skomakar) som kan bli vurdert som essensielle.
Dei fleste synest det er vanskeleg å tru at vonde menneske lyg so mykje som dei gjer.
Og folk er konforme fordi, som Joseph Schumpeter sa: «All avvikande åtferd av ein medlem av ei sosial gruppe blir fordømt av resten av medlemmene av gruppa og fører til ‘sosial utstøyting’.»
Å støyte ut dei som stiller spørsmål ved bedrageriet har blitt arrangert av CIA, MI5, 77.bridage, hovudstraumsmedia og av hårreisande, uhaldbare utestengingar og sensur organisert av lydige offentlege selskap slik som Wikipedia, Google, YouTube, Facebook, Twitter og PayPal.
Snart vil vi leve i ein versjon av sosialkreditt-systemet som no er i bruk i Kina.
Du burde kanskje ta ein titt på korleis det går.
Wi-Fi-sniffarar, strekkodar, smarttelefonar, smartmeter, appar og kamera (inkludert infraraude kamera), følgjer med på kvar rørsle «borgarane» gjer, slik at dei kan bli straffa og lønt alt etter kva åtferd dei utviser. Alle og alt vil bli kontrollert frå fødsel til død. Private og offentlege sektorar arbeider saman for å spreie overvakingsteknologi.
Kinesiske byar er no lite meir enn konsentrasjonsleirar.
Vi har fram til slutten på året til å stoppe dette frå å skje med oss.