Henta frå Great Game India. Omsett av saksyndig.
På laurdag [24.september 2022] vart det halde ein større konferanse om nasjonalt forsvar og militærreform i Beijing, og det vart rapportert at nær 10 000 flygningar vart avlyste, noko som gav rykte om at president Xi [Jinping] hadde blitt arrestert, og at det hadde funne stad eit kinesisk kupp.
Dei neste 48 timane gjekk den kinesiske ryktemølla fullstendig av skaftet. For dei som ikkje er klare over rykta, skal Xi visstnok ha blitt styrta i eit kupp i forkant av partikongressen i oktober.
På Twitter var eit av dei heitaste temaa 24.september Xi Jinping. Meir enn 42 000 gonger hadde namnet hans blitt hashtagga, og 9300 gonger hadde ordet «China coup» blitt brukt på plattforma.
«Nytt rykte å sjekke ut: Er Xi Jinping i husarrest i Beijing?» skreiv Subramanian Swamy, ein tidlegare indisk kabinettminister og parlamentsmedlem fram til april.
Desse rykta dukka òg opp då kinesiske landsmenn rapporterte om at fleire flygningar visstnok hadde blitt forstyrra. På laurdag vart det halde ein større konferanse om nasjonalt forsvar og militærreform i Beijing, og det vart rapportert at nær 10 000 flygningar hadde blitt avlyste.
Xi, som møtte Vladimir Putin på eit regionalt toppmte i Sentral-Asia og returnerte til Beijing 16.september som eit resultat av dette, var ikkje til stade frå Beijing-møtet, men kommuniserte ordrar om at dei væpna tenestene skulle konsentrere seg om førebuing til krig. Wei Fenghe, hans handplukka kinesiske militærgeneral som for tida er landets forsvarsminister, var heller ikkje til stade.
Dette er rykta, sjølv om mesteparten av dei manglar informasjon som underbyggjer dei. Her er nokre faktiske data frå Beijing, som kjem frå Georg Fahrion, ein korrespondent for Der Spiegel.
[Kommentar frå saksyndig: Bileta som Fahrion har teke, avkreftar at det er stor tilstadevering av militære i Beijings gater, eller at det har skjedd eit statskupp. Alt ser ut til å vere som vanleg i den kinesiske hovudstaden.]
I følgje Kina-analytikar Gordon Chang, er eit kupp usannsynleg fordi det ikkje er noko konkret bevis for det enno.
«Eg trur ikkje der var eit kupp,» fortalde han The Epoch Times. «Fordi at dersom der var eit kupp, ville vi til dømes sjå massevis av militære køyretøy i Beijing sentrum. Der har ikkje kome nokon rapportar om det. Dessutan ville der òg ha vore ei erklæring om krigslover, og det har ikkje funne stad. So, det ser ut til at noko skjer, men vi veit ikkje heilt kva.» Han la til at det einaste som kan setje ein stoppar for spekulasjonane, er om Xi står fram og snakkar om situasjonen offentleg.
Saman med andre skribentar avviste Zhang Tianliang, forfattaren av den kinesiske boka China’s Parth to Peaceful Transition husarrestteorien fordi den er i strid med alt logisk.
Seks høgtrangerte kinesiske tenestemenn, inkludert to tidlegare kabinettnivå-tenestemenn, fekk strenge dommar for korrupsjonsrelaterte brotsverk den siste veka, noko som la til den lange lista av tenestepersonar som har blitt fjerna som del av Xi sin anti-korrupsjonskampanje, som han starta etter at han gjekk inn i embetet i 2012.
I sendinga si 22.september fastslo Zhang at dersom Xi hadde mist kontroll over situasjonen, korleis ville han då ha kunne straffa dei [tenestemennene]?
Endeleg kjem Bill Bishop frå Sinocism med tilleggsinnsikt: «Det er det kinesiske kommunistpartiet sin elitepolitikk, so aldri sei aldri, men eg trur denne runden av rykte er pisspreik.»
Ryktet kom opphavleg frå ein konto som er kjent for å kome med usanne påstandar, og i den febrilske forsterkinga [av ryktet] har ingen kome med nokon truverdige kjelder eller evidens, berre mykje ønsketenking.
[Artikkelen seier vidare at Xi er til stade som ein av delegatane på den 20.partikongressen, ifølgje Xinhua. Linken er å finne i Great Game India sin originalartikkel; oms.komm.]
Massive avlysningar av flygningar vart òg nemnt i ryktet som eit teikn på at noko var gale. Desse påstandane viste seg å vere uriktige.
Sidan Xi ikkje har blitt sett på ei stund, kan denne og moglege andre historier bli spreidde som eit resultat av at han «forsvann».
Derimot sa Wang He, ein Kina-relatert analytikar som bur i USA, at det at Xi har vore lenge vekke frå offentlegheita, ikkje manglar sidestykke. Han konkluderte at det er lite relevant om Xi viser seg blant folk eller ikkje. Før partikongressen såg Wang på Xi sine turar til utlandet som det å utvise sjølvtillit.
Han observerte om Xi: «Utan absolutt sjølvtryggleik, vil ikkje denne mannen ta risiko lett.»