Dei beste journalistane blir forfølgt og avskydd

Notat frå kanten av forteljingsmatrisen

Av Caitlin Johnstone. Henta frå nettsida hennar. Omsett av saksyndig.

Dei beste vestlege journalistane blir i overveldande grad avskydd, medan dei verste er vellykka millionærar. Vestleg sivilisasjon er bygd på løgner, avhengige av løgner, og driven av løgner. Ikkje søk utbreidd godkjenning. Den er verdilaus.

Lev lenge nok og du vil lære at menneske som verkeleg kjem til å skade deg og rævkøyre deg, ikkje er dei openberre, openlyse monstera, men dei slue manipulatorane som smiler til deg. Det amerikanske imperiet er ein slu manipulator som smiler og framstår som dei gode ved å setje seg sjølve i kontrast med openlyse monster.

Etter kvart som medvitet vårt har utvida seg, har det blitt uakseptabelt å bli sett på som ein openlys tyrann av folket, men det innebar berre at ei meir listig form for tyranni dukka opp. Bølla sin tidsalder gav veg til tidsalderen til den manipulerande megga. Denne manipulerande megga av eit imperium har teke initiativ til og orkestrert vald i ein massiv skala, for deretter å bruke sin eineståande forteljingskontroll til å skulde valden på andre krefter. Og deira provokasjonar blir berre stadig meir aggressive og stadig farlegare.

Om menneskeheita står overfor sin eigen undergang, vil den ikkje kome på grunn av dei openlyse monstera, men dei slue manipulatorane. Bana mot den fælslege globale konflikten som vi ser ut til å nærme oss raskt, vart lagt av den manipulerande megga bak det USA-sentraliserte imperiet.

Om det er éin ting slu manipulatorar hatar, er det folk som stadig set søkjelyset på når dei er manipulerande. Det er det som driv det noverande presset for å stilne, sensurere og marginalisere kritikarar av imperiet. Julian Assange er i fengsel fordi han sette søkjelyset på den manipulerande megga.

Manipulatorar kan berre manipulere når manipuleringa deira er skjult for offera. Eit grasrotpress for å gjere folket merksamt på imperiet sine manipulasjonar, vil sende imperiet ned på kne. Imperiet veit dette, og pressar difor på for å nøytralisere imperiekritikarar på eit vell av måtar.

Ein vennleg påminnar til den engelskspråklege verda: De har faen meg ingenting med Iran å gjere, og kvar ein intervensjon frå regjeringa dykkar gjer bokstavleg tala alltid ting verre.

Hugs at det er sprøtt og konspiratorisk å seie at CIA anten er involvert eller snart vil vere det, i eit innanlandsopprør i ein nasjon som USA har som mål. Den forstandige ståstaden er å tru at CIA aldri gjer noko, og at deira offiserar alle sit på sine kontor i Langley [CIA sitt hovudkvarter; oms.an.] og ser på Netflix. Det ansvarlege, korrekte synet er at CIA si omfattande dokumenterte rolle i å egge fram innanlandsopprør rundt om i verda, streng teke høyrer til i fortida, og at byrået no får milliardar av dollar kvart år for å gjere absolutt ingenting.

Dersom du budde ein stad med nokon som alltid dreiv og stal ting, ville du mistenkje vedkomande kvar gong nokre av verdiane dine var vekke, men du er ein galen konspirasjonsteoretikar om du trur at innanlandsopprør i ein nasjon USA har som mål kan involvere CIA. Vi lærte at CIA bokstavleg tala la planar for å begå attentat på Julian Assange for fem år sidan, og folk oppfører seg framleis som om det er sprøtt og outrert å antyde at dei gjer vondskapsfulle ting i verda no for tida.

Dersom du ikkje vil at folk skal spekulere rundt CIA-involvering kvar gong det er sosial uro i ein nasjon som den amerikanske regjeringa ikkje likar, burde du krevje at CIA vart plukka ifrå kvarandre. Elles støttar du berre CIA når dei arbeider for å framprovosere slike opptøyar, og skrik til folk som ikkje likar det.

Folk «tener» ikkje i militæret, dei jobbar i militæret. Det er ein jobb. Og dersom det er ein jobb med USA eller nokre av deira imperiemedlemsstatar, er det ein av dei mest uetiske jobbane som nokon kan ha.

Folk som forsvarer det amerikanske imperiet frå kritikk forsvarer faktisk ikkje imperiet, dei forsvarer verdssynet til det. Dei held vekke flaumen av kognitiv dissonans som dei elles ville oppleve om dei oppdaga at alt dei trudde om verda er ei propaganda-indusert løgn.

Det er grunnen til at so mange av sei seier sånt som «naturlegvis gjer regjeringa vår vonde ting, men—», og deretter finn dei på eit eller anna meiningslaust tullprat slik som «du trur Putin er ein uskuldig, liten blomst», eller kva enn dei kjem på. Dei elskar ikkje imperiet, dei berre driv rundt og beskyttar verdssynet sitt. Argumenta deira manglar konsekvent robustheit fordi dei ikkje er investert i å forsvare ein verdsomspennande maktstruktur (folk gjer vanlegvis ikkje det, med mindre dei får betalt for det), dei berre set opp kva enn slags veggar dei kan som vil beskytte verdssynet deira.

Men likevel. Førestill deg å vere slik ein audmjukande nikkedokker-rævsleikjar at du er emosjonelt ute av stand til å handtere det faktum at der er nokre få utkantpersonar på nettet som bruker tida si på å kritisere den mektigaste og mest destruktive regjeringa på jorda. Førestill deg å faktisk sjå på dette som eit problem. Der er faktisk folk som oppriktig ser på eksistensen av imperiekritikarar på nettet som eit problem som må løysast. Kor nedsnødd må du vere for å leve som det? Kor mykje pisspreik må du ha fått over hovudet og hjartet for at det skal høyrast fornuftig ut?

Dei fleste forstår at ein ikkje kan vinne ein atomkrig, men ikkje nok folk forstår at du heller ikkje kan halde på kontrollen i ein kjernevåpenkamp. Der er for mange små bevegelege delar, for mange ting som kan gå gale. Ta eit nettsøk på tilfelle der det nesten braut ut atomkrig dersom du tviler på dette.

Herskarane våre jagar oss inn i ein kjernevåpenkamp med stadig aukande eskalering, og dei kan aldeles ikkje kontrollere utfallet. Dei gamblar med alle sitt liv i håp om å finne fyrsteprisen, som er herredøme over planeten, og spelet deira blir farlegare for kvar dag som går.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s