ZeroHedge-skribenten som går under pseudonymet «Tyler Durden» skriv måndag 26.september at NASA sitt romskip ved namn Double Asteroid Redirection Test (DART; bokstavleg omsetjing «dobbel asteroide re-dirigeringstest») har tenkt å kollidere med ein asteroide 26.september. Dette skal bli gjort med vilje for å teste planeten Jorda sitt forsvar mot ein asteroide. Den aktuelle asteroiden skal vere «dobbelt so høg som Empire State Building». Den berømte bygningen er 443 meter frå gatenivå til øvste tuppen, noko som gjev asteroiden ei høgd på 886 meter. Artikkelen fastslår at den er 525 fot brei, noko som tilsvarer 160 meter. Til samanlikning var asteroiden som skal ha utrydda dinosaurane for 65 millionar år sidan, 10 til 15 kilometer brei.
Informasjonen på ZeroHedge blir bekrefta på NASA sine eigne heimesider. Der står det at asteroiden har namnet Dimorphos, og er å finne i dobbel-asteroide-systemet Didymos. Eit dobbel-asteroide-system er to asteroidar der den eine går i bane rundt den andre. For ordens skuld er det Dimorphos som går i bane rundt Didymos. Denne illustrasjonen viser systemet. Dimorphos skal ikkje utgjere nokon trugsel mot Jorda, so dei utfører sannsynlegvis denne testen for å prøve ut om konseptet asteroidekrasj vil fungere i praksis. Om alt går etter planen, skal denne kollisjonen kunne endre kursen til asteroiden.
Eit kamera som følgjer DART-romskipet vil filme når kollisjonen med Dimorphos skjer. NASA vil strøyme denne historiske hendinga direkte. Ifølgje leiande ingeniør på DART-prosjektet, Elena Adams, er det stort sannsyn for at DART vil treffe asteroiden.
DART-prosjektet har vore under utvikling i lengre tid. Allereie i november 2021 skreiv ZeroHedge om planane om asteroidekollisjonen. Då skreiv NASA sin sokalla «planetforsvarsoffiser» (Planetary Defense Officer) Lindley Johnson i ei pressemelding:
«DART vil vere den fyrste demonstrasjonen på ‘kinetikk-treffar’-teknikken der eit romskip med vilje kolliderer med ein kjent asteroide i høg fart for å endre asteroiden sine rørsler i rommet.
‘Denne teknikken er vurdert å vere den mest teknologisk modne tilnærminga for å formilde ein potensielt farleg asteroide, og den vil hjelpe planetforsvarsekspertar med å utvikle og vidareutvikle datamodellar relatert til denne kinetiske tilnærminga. Dette vil gje innsikt i korleis vi kan avfeie potensielle nærobjekt i framtida.’»
NASA definerer «nærobjekt» som alle himmellekamar som kjem nærare Jorda si bane i verdsrommet enn 30 millionar miles, altso rundt 48 280 320 kilometer. Til samanlikning er avstanden mellom Jorda og Månen på sitt kortaste 363 000 kilometer. Avstanden er det same som 30 jordklodar.
Konseptet vart skildra i filmen Armageddon frå 1998, med Bruce Willis i hovudrolla. Der landa dei eit romskip på ein asteroide for å detonere ei atombombe. Eit liknande plott er å finne i filmen Deep Impact, som kom ut same år. DART-prosjektet er langt frå so dramatisk. Ifølgje leiande koordinator Nancy Chabot, vil asteroiden berre få seg ein liten dytt.
Prosjektet blir sagt å koste rundt 330 millionar dollar, eller vel 3,5 milliardar kroner.