Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Det har lenge blitt argumentert at dersom menneskeheita nokosinne skulle bli utrydda, ville det vere på grunn av overbefolkning og utarming av alle ressursar. Realiteten er derimot at menneskesamfunnet allereie er midt i ein styrt kollaps på grunn av «redd verda»-avfolking og befolkningskontroll-innsats forkledd som «berekraft».
I tilfelle du ikkje har merka det, prøver globalistane svært hardt å gjete alle inn i multikulturelle «smartbyar» medan dei innfører restriksjonar og overvakar kvar minste rørsle til innbyggjarane i «klimaendringa» sine interesser. Dei driv òg vondsinna demoralisering av folk, inkludert gjennom LGBT-perversjon, som spreier seg som eit virus.
Vald aukar òg når den menneskelege flokken, tvinga mot sin vilje inn i denne nye globalist-«utopien», bryt saman både moralsk og mentalt. Denne krigen mot menneskeheita vart, viser det seg, skildra gjennom eksperiment på mus som vart utført for fleire tiår sidan.
Forsking finansiert av National Institutes of Health (NIH) [det amerikanske folkehelseinstituttet; oms.an.], ville ende opp med å spå kva som til sjuande og sist ville skje med menneskeheita når den vart sperra inne i eit høgkontrollert, «progressivt» samfunn. Dyra var livlege i byrjinga, men alle døydde til slutt – akkurat som vi ser med menneskeheita i dag.
«Berekraft» er kodespråk for det styrte samanbrotet og øydelegginga av det normale menneskelege samfunnet
Ein mann ved namn John Calhoun sette saman eit spesielt eksperiment som vart kalla «Universe 25», der mus fekk eit ubegrensa forråd av mat, vatn og sosialt engasjement i ein kunstig «utopi». Den einaste haka var at dei vart kunstig plassert tett på kvarandre, mykje slik som «smartbyane» i dag.
Det «berekraftige» miljøet der Calhoun plasserte musene fekk dei til å trivast i byrjinga. Dei var beskytta frå rovdyr og sjukdom, trass alt, og hadde all verdas tid til å bli venner, kopulere, formeire seg og berre nyte livet.
Universe 25 hadde på det meste 2200 mus. Etter det byrja musene å framvise alvorlege åtferdsproblem som speglar dei som vi no er vitne til med menneskeheita.
Når det gjaldt reproduksjon, slutta musene å kurtisere kvarandre. Damemus byrja å forlate ungane sine, og homofili blant alle musene byrja å auke.
På dag 600 etter at befolkninga nådde toppen, observerte Calhoun at musene tydeleg var på veg mot si eiga utrydding. Medan dei var fysisk i stand til å formeire seg, såg musene ut til å misse dei sosiale ferdigheitene som var naudsynte for å skape friske, lykkelege familiar.
«Rundt kvar 60.dag dobla befolkninga seg når musene fylte dei mest føretrekte stadene inni innhegninga,» forklarer Exposé News om eksperimentet. «Når befolkninga nådde 620, gjekk befolkningsauken nedover til å doble seg kvar 145.dag då musesamfunnet byrja å støyte på problem.»
«Etter 315 dagar byrja musene si formeiring å gå meir sakte. Då talet gnagarar nådde 600, vart eit hierarki danna, og dei sokalla ‘vraka’ [engelsk wretches] dukka opp. Når vrakgruppa fyrst danna seg, byrja dei større gnagarane å gå til åtak på gruppa, med det resultatet at mange hannvrak byrja å ‘kollapse’ psykologisk. Som eit resultat beskytta ikkje homusene seg og vart deretter aggressive mot ungane sine.»
Damer som blir som menn utviser ekte giftig maskulinitet
Høyrest noko av dette kjent ut? I dagens menneskeheit ser vi ein auke av feminine, tilsynelatande udugelege menn med passive personlegdommar som blir følgt av høglytte og stolte, nesten dyriske, «myndiggjorte» damer med høg aggresjon, som raskt grafsar til seg alle maktposisjonar, kontroll og påverknadskraft – alt etter planen, berre for å vere tydeleg.
Medan menneske er mykje meir komplekse enn mus, er likskapane mellom kva som skjedde med musene i Calhoun sitt eksperiment og kva som skjer med menneskeheita i dag, slåande.
Calhoun sine mus fekk alt dei trong utan kamp, so kvifor byrja dei å forfalle? Kanskje fordi alt vart for «lett», på ein måte. Miljøet deira vart unaturleg, og deira normale åtferdsmønster og instinkt vart undertrykte, som til slutt resulterte i ugjenoppretteleg abnormalitet.
Vi ser det same skje med menneskeheita når uavgrensa overflod har fødd fram LGBT-sekta, som no blir lovprist som eit samfunnets fyrtårn. Homofili og transkjønnsideologi blir oppmuntra medan normalitet blir hata.
No blir menn òg vurdert å inneha «giftig maskulinitet» når dei oppfører seg som ekte menn. Og damer, med mindre dei erstattar desse mennene med sitt eige merke av reell giftig maskulinitet, blir òg fornedra for å oppfylle tradisjonelle feminine roller.
Alt er snudd på hovudet. Damer som oppfører seg som menn, og menn som oppfører seg som damer, sjølv om dei er i eit heterofilt forhold, utviser transkjønnsideologi på mange av dei same måtane som musene i Universe 25.
Når menn blir fråtekne sin maskulinitet og rolle i samfunnet, kollapsar alt
Ein ting Calhoun la merke til på slutten av sitt «museparadis»-eksperiment, var framveksten av ein ny klasse hanngnagarar, som han kalla «dei vakre musene». Dei såg friske ut, men ånda deira var død.
Calhoun skildra desse vakre musene i ein artikkel kalla «Death Squared»:
«Autistisk-liknande vesen, i stand til å berre framvise dei enklaste åtferdsformene kompatibelt med fysiologisk overleving, dukkar opp frå denne prosessen. Ånda deira er død… Dei er ikkje lenger i stand til å utføre dei meir komplekse åtferdsmønstera kompatible med artsoverleving.»
Det oppfatta tapet av spenning, press og stress i Calhoun sitt museparadis, som går mot det verkelege livet, resulterte i at hannmus miste drivkrafta si, og at homus vart isolerte og aggressive. På mange måtar hadde ei transkjønnsrolle-reversering funne stad.
I kjølvatnet av dette degenererte ting seg endå meir, fram til det punktet der alle musene byrja å ta del i kannibalisme, pan-seksualitet [alle hadde sex med alle; oms.komm.], og vald, som til sjuande og sist førte til at alle som ein døydde, og at heile kolonien vart utrydda. Calhoun gjentok dette eksperimentet 25 gonger, og kvar gong var sluttresultatet det same.
«Er vi no vitne til direkte parallellar i dagens samfunn?» spør Exposé News. «Svake, feminiserte menn med få eller ingen ferdigheiter og ingen beskyttelsesinstinkt, og overopphissa, aggressive damer utan eit snev av morsinstinkt?»