«Biovåpenet er sprøyta»: Diana West åtvarar om den mørke og vondsinna naturen til covid-«vaksinen»

Av Miranda Sellick. Henta frå RAIR Foundation. Omsett av saksyndig.

«Der er alle slags ting i vaksine-verktøykassen for å drepe eller kontrollere deg.»

«Eg trur det er vanskeleg å overdrive vondskapen til dette vaksineprogrammet,» hevdar Diana West i eit eksklusivt intervju med RAIR Foundation USA. «Vi er alle styrt av menneske tilknytt mørk kriminalitet.»

West, ein breitt syndikert spaltist, tidlegare CNN-bidragsytar, bestseljande forfattar og Yale-avgangsstudent, trur at covid-19-vaksinekampanjen berre var del av eit gigantisk hjul, som sendte oss mot eit totalt tap av fridommen vår slik vi har kjent den fram til no. «Eg trur ikkje det har vore noko tidspunkt i historia der vi har sett so mange mørke krefter som pressar mot eksistensen vår, sjølv på eit mikroskopisk nivå. Det har vore ei stor utdanning for meg. Eg har blitt tvinga til å lære so mykje om biologi. No prøver eg å forstå det faktum at vaksinen kjem til å drepe deg. Éin ting er å ha ein fiende som prøver å drepe deg; det er noko heilt anna å ha folk som står ved sida av deg som ikkje eingong legg merke til det, eller tek opp temaet og spør om der er eit problem.»

Medan data har vist eit digert sprang i overdødelegheit i Europa i 2022, refererer West til Edward Dowd, ein varslar frå BlackRock som publiserte ein analyse av dødsfall i USA for siste halvdel av 2021. Dowd oppdaga at i aldersgruppa 25 til 45 var der 68 000 fleire dødsfall enn forventa. For dei over 65 var talet 300 000. «Dette var ei Vietnamkrig-hending for millenniumsgenerasjonen i løpet av dei ti månadene,» seier West. «For generasjonen over dei var dette ei Andre verdskrig-hending.»

West erkjenner at kanskje ikkje alle desse dødsfalla kjem frå vaksinasjon – det kan vere sjølvmord, legemiddel-overdose, eller dårleg medisinsk omsorg – men det vi ser er død på ein stor skala, som ein større krig. «Og folk vil rett og slett ikkje vedkjenne seg det,» seier ho. «Det som gjer meg fortvilt, er kor vanskeleg det er å få dine likemenn til å stille spørsmål ved det. Det er stort sett stillheit, når det gjeld politisk diskurs og større mediedekning i det offentlege rommet. Men eg kjenner mange som har lært på den vanskelege måten, altso at dei vart skadde av sprøyta.»

For dei som stiller spørsmål ved ikkje berre dei eksperimentelle vaksinane, men heile covid-19-historia, ser West fleire forklaringslinjer. Somme ser framleis på det som historia om ein pandemi som hadde sitt opphav i eit laboratorium i Wuhan, «men det er ikkje so viktig som det guvernørane våre dreiv på med, våre lokale styresmakter og folkehelsa, som gjekk so langt som å øydeleggje liva våre. Wuhan gjorde ikkje det; vi gjorde det frå innsida,» seier West. So har vi dei som ikkje fokuserer på covid, men som likevel forstår det som noko ekstremt farleg. «Biovåpenet er sprøyta. Og det faktum at den framleis blir fremja for barna våre, er overveldande mørkt.»

West antydar òg at heile covid-spelet har vore eit knep for å øydeleggje nasjonalstaten. «Det er ein måte å eliminere uavhengige tenkjarar på, dei som ikkje ønskjer å ta sprøyta, og dei blir difor ekskludert frå militæret og politiet. Det vil sikre at du har ein lydig og vaksinert styrke.»

Vitskapsfolk i La Quinta Columna, ei spansk forskargruppe, har fokusert på tilstadeveringa av grafén i vaksineblandingane. «Dei ser på vaksinasjonen som ein måte å skape eit nettverk i kroppen, som ein måte å kople kroppen til Internett, slik at den kan aktiverast av 5G-systema,» forklarer West. «Der er alle slags ting i vaksine-verktøykassen for å drepe eller kontrollere deg.»

I ein augneblink i vår nylege historie var der håp. Ifølgje West, då president Trump byrja i embetet hadde han som intensjon å danne ein vaksinetryggleiks-kommisjon leia av Robert F. Kennedy Jr., den utrøyttelege vaksineskeptikaren. «Ønsket hans var å opne opp dei amerikanske registera i NIH relatert til vaksineeffektivitet. Men dette skremde administrasjonen, farmasifolka; Bill Gates vart involvert og sette ein stoppar for ein slik vaksinetryggleiks-kommisjon,» seier ho. «Det ville ha vore ein kjepp i hjulet i å slå det eg trur var ein pandemi.»

Denne anekdoten viser Trumps vilje til å gå mot straumen og farmasi-etablissementet og gjere noko i favør av folket. Men initiativet vart slege ned. «Eg trur at ein av dei største skuffelsane for Trump-tilhengjarar er at han snakka fram dette covid-vaksineprogrammet. Det får deg til å lure på kva for eit grep dei har på han.»

Det at Trump kapitulerte, saman med leiarar i nesten kvart einaste land i den vestlege verda, som alle heldt seg på linja til covid-vaksine-tyranni, er avslørande. So er dødsfallet til presidenten på Haiti, svært kort tid etter at han erklærte at landet ikkje skulle ha eit covid-vaksineprogram, saman med so mange andre afrikanske leiarar. Bidens respons til president Jovenel Moïse sin død var å erklære at ei skipslast med vaksinar var på veg.

«Der er so mykje manipulasjon og bedrageri,» slår West fast. «Løgnene vi har blitt fortalt ville fylle alle biblioteka i verda. Dersom noko kjem seg til hovudstraumsmedia, kan det faktisk ikkje vere sant, men dei vil få deg til å tru det for ein eller annan grunn. Det er det same med dette covid-injeksjonsprogrammet. So mykje av dette bedrageriet ligg i hendene på styresmaktene våre. Eg har kjøpt mange, mange løgner på vegen – om det so er om CIA, FBI, om det er 11.september, eller manipulasjonen av patriotismen vår. So mykje av dette er avhengig av å manipulere oss gjennom media, gjennom det vi fryktar og våre beste håp for fred og andre ting. Kaldblodigheita og vondskapen til menneske som får makt, held fram med å sjokkere meg.»

Intervjuet med Diana West kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s