Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.
Denne artikkelen vart fyrst publisert for over to år sidan – 12.juli 2020. Tragisk nok er den framleis fullstendig gyldig i dag.
Eit veksande tal legar og sjukeplearar ser ut til å vakne opp og stille spørsmål ved fråværet av kvar ei form for vitskap bak koronavirus-bløffen.
Det er svært bra, og eg gratulerer dei.
Men kva fanden tok dei so lenge?
Kvifor venta dei so lenge med å snakke ut?
Stillheita deira sveik pasientane, yrket og dei sjølve.
Berre ein komplett tomskalle kunne ha trudd at denne fabrikkerte «krisa» gjorde det naudsynt å stengje sjukehus og operasjonssalar.
Korleis kunne legar stå på sidelinja og sjå kreftpasientar bli frårøva essensiell behandling? Helsevesenet burde ha blitt steina, ikkje klappa for.
Der var aldri nokon større risiko enn det er med influensaen kvart år.
Faktisk viser tala at den vanlege influensa-basillen alltid har utgjort ein mykje større risiko enn koronaviruset.
So langt dette året har koronaviruset påverka 10 millionar menneske over heile verda [dette var i 2020; oms.komm.].
Influensa kan påverke ein milliard menneske i løpet av den same tidsperioden.
Og dødelegheitstala for dei to er nesten identiske.
Vi stengjer ikkje ned sjukehus og klinikkar kvar gong influensaen dukkar opp.
So dette var openbert ei politisk motivert stenging av sjukehus, butikkar, føretak og so vidare. Og legar burde ha sett det.
Og akkurat som stenginga av sjukehus vil resultere i langt fleire dødsfall enn Covid-19, so vil det å gå med munnbind resultere i langt fleire dødsfall som kanskje kunne ha blitt forhindra. Å gå med munnbind reduserer nivået av oksygen i blodet. Eg har sett sjåførar med munnbind på. Eg har sett bussjåførar med munnbind. Desse greiene reduserer blodoksygen. Der vil snart skje ein katastrofe der ein buss krasjar fordi sjåføren hadde på seg munnbind og vart hypoksisk [hypoksi er mangel på oksygen i vevet; oms.komm.].
Kvifor trur du elles at regjeringar overalt innrømmer at folk med problem med pusten eller hjartet ikkje treng å gå med munnbind?
Og dei idiotiske reglane om sosial avstand vart aldri rettferdiggjort. Der var aldri nokon vitskap som støtta dei.
Alle som trur på tvillingkjettarane sosial avstand og munnbind er per definisjon anten klinisk galne, uintelligente eller på den mørke sida av menneskeheita. Dei fleste er på venstresida, pro-EU-fascistar og trur på klimaendrings-nonsensen.
Legar og sjukepleiarar som no vaknar opp til det faktum at dei har blitt lurt, hevdar at dei vart fortalt at dersom dei snakka ut, ville dei bli straffa.
Vel, det er sant at styresmaktene straffar legar som vågar å stille spørsmål ved den offisielle linja. Eg kjenner til ein lege i Storbritannia som vart fjerna frå det medisinske registeret for å stille spørsmål ved koronavirus-historia. Og i USA blir dr. Scott Jensen, ein lege som òg er delstatssenator, etterforska for å trekkje likskap mellom koronaviruset og influensa, og om måten dødsattestar vart signerte.
Og det er òg sant at enkle og effektive remedium har blitt forbodne eller demonisert rett og slett for at vi alle skal førebu oss på vaksinen.
Men dersom mesteparten av legane på eit stort sjukehus snakka ut, ville ingen byråkrat våge å stryke dei alle frå registeret. Dersom 500 legar stod opp for sanninga, ville det vere umogleg å fjerne autorisasjonen til dei alle.
«Eg arbeider på eit sjukehus,» skreiv ein modig NHS-tilsett [NHS er det offentlege, britiske helsevesenet; oms.komm.]. «So langt har ingen av sjukepleiarane, legane eller resten av personalgruppa vore sjuke. Og pasientar med koronaviruset blir frakta rundt over heile sjukehuset, til røntgen, til CT-scanning og vil avdelinga, og likevel, mystisk nok, blir ingen smitta.»
Kva slags ryggradslause folk jobbar innan helseomsorg i desse dagar? Det er den typen orsakingar populære blant mindre krigsforbrytarar.
Likevel, om ein ser på den lyse sida, vaknar somme av dei opp no og innser at koronavirus-bløffen var nøyaktig det – eit stykke politisk lureri, unnfanga og utført av menneske med skjule agendaer. Skaden gjort av sjukehusnedstengingane vil vere massiv. Og dei psykiske problema skapt av frykta vil vare lenge – den kan til og med vere permanent. Millionar lid av alvorleg depresjon som eit resultat av løgnene som har blitt fortalt. Sjølvmordsratane kjem til å gå til himmels.
Alle legar som framleis praktiserer sosial avstand og som bruker munnbind utanfor operasjonssalen, burde skamme seg over seg sjølve. Dei, som mesteparten av befolkninga, har blitt haldne for narr og dersom dei hadde noka profesjonell stoltheit igjen, burde dei vere raude som tomatar i ansikta, skjemde av kor lettlurte dei var, og skjemde over kor lett dei har late seg bli del av ein vondsinna konspirasjon der dei framstår som toskar.
No er det på tide for utøvarar av medisin og pleie å stå opp og krevje svar og forklaringar frå leiarane innan deira profesjonar, og frå administratorane som gav ordrane som har ført til fleire tital tusen unaudsynte dødsfall.
Dei burde òg insistere at sjukehus no blir opna for fullt, og at pasientane blir fortalt at der er ingenting å frykte.
For sjølv om eit veksande tal legar no innser at koronavirus-skremselen er ein bløff, er der framleis sjukehus og administratorar som oppfører seg som om vi var midt i eit utbrot av byllepest.
Det siste stykket galskap i NHS er at dei som styrer har føreslege at pasientar som ønskjer behandling på eit akuttmottak, burde ringje og lage ein avtale.
NHS England sin nasjonale medisinske direktør har visstnok fortalt House of Commons sin helse- og sosialkomité at helsetenesta ønskte at pasientar ringde fyrst, og ordna seg eit tidspunkt for å kome til akuttmottaket.
Eg har høyrt alt no.
Pasientar som desperate vil ha hjelp, som blør, som har smerter, med bein som stikk ut i rare vinklar, forventar ein no at skal ringje og lage ein avtale for å få tilsyn i akuttmottaket. Vurdering av kven som skal prioriterast, skal tydelegvis no gjerast av tenåringar via telefon, kan det sjå ut som. Kva slags kvalifikasjonar vil dei ha? Vitnemål frå vidaregåande, kanskje?
Fortvile slektningar vil måtte telefonere og ordne ei avtale før dei fer til sjukehuset. Er planen å rett og slett drepe fleire pasientar? Drap ikkje sjukehusstengingane nok folk?
Eg vil fortelje dykk kva som kjem til å skje.
Alle kjem til å ringje etter ambulanse. Og kven kan klandre dei?
Når det gjeld sjukehus, innrømmer til og med Royal College of Physicians at mange NHS-tenester ikkje vil kome tilbake til full kapasitet på nesten eit år.
Millionar av pasientar vil vente for lenge. Pasientar med smerter vil måtte vente i meir enn eit år på behandling. Ventetidene vil bli skamfullt lange. Titusenvis vil ikkje bli sett før det er for seint. Titusenvis av menneske som kunne ha overlevd, vil døy.
Rundt om i verda vil dødstalet på grunn av bløffen bli målt i millionar.
Samanlikna få vil ha døydd av koronaviruset.
Det store fleirtalet vil ha døydd fordi dei vart stengde ute, forlatne eller for redde for å oppsøkje hjelp.
Og yrkesutøvarane innan medisin og pleie må ta ansvar for all den smerta, sorga og dei dødsfalla.
Legar burde ikkje ha akseptert det uvitskaplege tullpratet bak koronavirus-bløffen. Før dei lét sjukehusa stengje ned, burde dei ha stilt spørsmål. Det var aldri vanskeleg å sjå kva for feil som vart gjort.
Legar og sjukepleiarar sveik pasientane sine og yrket sitt, men dei sveik òg seg sjølve.
Altfor mange godtok med glede applaus ein gong i veka og all lovprisinga, når dei visste at dei ikkje fortente nokon av delane.
Det er på tide for desse lækjarprofesjonane å gjere det godt.
Dei burde gjere det tydeleg for administratorar og politikarar at dei ikkje lenger er førebudde på å akseptere koronavirus-nonsensen.
Dei burde krevje at dei medisinske rådgjevarane til regjeringa fekk sparken. Dei burde krevje at alle medlemmane av eliten og det medisinske etablissementet òg fekk sparken.
Dei burde krevje at sosial avstand vart avskaffa, og at munnbind burde brennast.
Dei burde fortelje folket at der er ingenting å frykte.
Og dei burde førebu seg på å jobbe lange dagar for å fjerne etterslepet av pasientar so raskt som mogleg.
Dei har verkeleg ikkje noko anna val.