Av Belle Carter, Natural News. Mike Adams er eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett av saksyndig.
For Health Ranger Mike Adams er den amerikanske økonomien i sin noverande tilstand ein zombie-økonomi. Forbrukarbehovet er i ferd med å kollapse, og personar og bedrifter blir i like stor grad drivne av stimulus-pengar gjevne til dei av styresmaktene for å halde økonomien gåande.
«Det er ein zombie-aksjemarknad. Det er ein gjenoppliva finans-zombie. Det er ikkje eit fungerande system,» sa Adams under 18.september-episoden av Health Ranger Report: Situation Update. I røynda, la han til, går folk tom for pengar og aksjemarknaden har blitt støtta av sentralbanken ved trykking av pengar for å kjøpe aksjar.
Health Ranger-en påpeikte at USA har ein zombie-økonomi der sentralbanken trykkjer pengar og gjev dei til folk slik at dei kan kjøpe ting. Men sjølv dette trekket er ikkje nok til å halde konserna flytande, so sentralbanken kjøper aksjane til konserna for å hindre at aksjeprisane krasjar.
«Men i den verkelege verda driv reell økonomisk aktivitet og kollapsar over heile linja, og ymse sektorar er sterkt påverka av valutakrasjet,» sa Adams. Folk er klare over at alle er i ferd med å gå tom for pengar. Sjølv stimulus-pengane er ein tom for.
Ifølgje Adams fortalde restaurant- og detaljisteigarar og andre gründerar han at kundar byrja å bli færre dei siste vekene, og dei veit ikkje kvifor.
Adm.dir. i FedEx, Raj Subramaniam, i eit intervju med CNBC sist veke, sa at nedgangen i føretaket hans er eit teikn på byrjinga av ein global resesjon. Subramaniam la til at dei held på å permittere folk.
«Vi vil sjå noko liknande med UPS òg,» sa Adams. [UPS er eit digert amerikansk bodfirma; oms.komm.].
Der dukka òg opp rapportar om at netthandelkjempa Amazon skrinlegg planar om å byggje dusinvis av lagerhus i USA og i utlandet på grunn av minke i sal. Nyleg avlyste Walmart, Target og andre digre forhandlarar ordrar verdt milliardar av dollar fordi varehandelen kollapsar. Bustadmarknaden er òg på veg nedover når det gjeld minken av nye bustadlån dei siste månadene.
«Vi veit òg at sentralbanken er i ferd med å auke rentesatsen igjen komande veke,» sa Adams.
Færre kjøper ting, og fabrikktilsette blir sagt opp. Denne kombinasjonen skaper overskot av lagervarer i systemet akkurat no. Og so vil systemet falle i avgrunnen når sentralbanken prøver å gjenopplive den feilande økonomien ved å trykkje fleire pengesetlar og dele ut stimulus-pengar, heilt til det verdsomspennande finanssystemet fullstendig kollapsar.
Adams: invester i fysiske ting som kan ha verdi
Health Ranger-en, ein velkjent prepper, minte podcast-lyttarane om å førebu seg, og finne verdifulle ting å investere i før heile pengesystemet ligg nede for teljing. Fordi at når den tida kjem, vil ikkje bankane late kundane sine ta ut sparepengane sine.
«Eg ønskjer ikkje å ha nokon pengar i bankane når teppet går ned. Vi kjem til å tape alle dei pengane. Banken vil gje dei tilbake til deg sakte over tid, medan dollaren berre kollapsar i verdi. So den er grunnleggjande forsvunnen,» sa Adams.
Han tilrådde å kjøpe gull og sølv, jordstykke og andre harde aktiva. Adams fokuserte på kor viktig det er å halde seg vekke frå byar i desse skremmande tidene, i sine e-bøker Resilient Prepping og The Global Reset.
«Om du av ymse årsaker framleis bur i byen, kva som helst by i verda, gjer kva du kan for å kome deg vekk. Eg er fullstendig overtyda om at byane kjem til å bli særs farlege stader å vere, og nokre av dei kan bli umoglege å sleppe ut av,» sa han.