Av Maud Maron. Henta frå Human Events. Omsett av saksyndig.
Sjå òg Saksyndig sine artiklar om den kanadiske sløydlæraren som går i damekle og falske puppar (her og her).
Eg såg biletet av den kanadiske mannlege sløydlæraren med gigantiske falske puppar og utståande brystvorter gå sin gang på sosiale media sist veke, og følte ein kombinasjon av raseri, avsky og lysta til å beskytte. Raseri og avsky over alle dei vaksne som lét slik perversjon og usømeleg antrekk og åtferd på skulen, og lyst til å beskytte dei unge elevane som blir tvinga til å ta del i den seksuelle fetisjen til eit lærar-rovdyr.
Fotografia minte meg om den gongen eg vart tvinga til å ta del i ein manns offentlege sex-fetisj. Eg var 18 år gammal, hadde nettopp blitt student ved Barnard [eit college i New York; oms.an.], og tok T-bana. Dette var tilbake på 1980-talet og eit tøffare New York enn vi har sett dei seinare tiåra, men ein by som våre valde leiarar verkar besette etter å vende tilbake til.
Etter nokre stopp såg eg opp og såg ein mann på andre sida av midtgangen som gjekk i jeans med avklipte buksebein. Til mitt store sjokk såg eg penisen hans stikke ut av denne shortsen. Min fyrste tanke var det absurd uskuldige «herregud, kor flaut! Nokon burde fortelje han det!» Men då såg eg opp og vi fekk blikkontakt. Han stod og glodde rett på meg. Og eg innsåg at dette ikkje var ein uskuldig feil, ingen open buksesmekk som ein ville ønskje å bli gjort merksam på.
Medan han stod og stira på meg, voks ereksjonen hans. Eg følte meg fanga. Eg kunne ha og burde ha reist meg og gått min veg, men uforklarleg gjorde eg ikkje det. Eg trudde det var betre å late som om eg ikkje hadde sett det han tydeleg ville at eg skulle sjå. Å reise meg ville ha vore å anerkjenne han og denne blottinga, noko som på ein eller annan måte ville ha verka verre. Eg vart sitjande og sjå ned, og på andre folk på toget, og prøvde å late som om alt var som vanleg. Eg følte meg meir og meir ukomfortabel og meir og meir fanga.
Han brukte meg som reiskap til å fôre fantasien sin, sjølv om han ikkje rørte ved meg eller snakka med meg.
Dette er det som sløydlæraren med dei enorme falske puppane gjer med barna i klassen sin. Han bruker dei for å fôre sine seksuelle fantasiar og fetisjar. Han er eit rovdyr og dei er byttet. Og når det gjeld elevane, kan dei ikkje eingong forlate klasserommet utan å møte konsekvensar.
Å gå med dei falske puppane med dei overdrive stive brystvortene er berre éin del av fetisjen, den andre delen er reaksjonen det produserer blant dei som ser han, og som må late som om alt er som vanleg. Skulebarna blir tvinga til å delta. Kvart barn som kastar eit blikk på dei bisarre brysta eller flirer over kor underleg det er, fôrar fantasien hans og gjer han kåt. Og dei vaksne som sanksjonerer åtferda er medskuldige.
Blotting er straffbart og brukte faktisk å bli rettsleg forfølgt, so mannen på T-bana alle dei åra tilbake braut lova, men han gjorde det på ein slik listig måte at det ville ha vore vanskeleg å ta han eller straffe han. Læraren gjer nøyaktig det same. Han bruker andre for å fôre ein seksuell fantasi.
Kjønnsideologi-sekta er særs farleg for barn nøyaktig fordi seksuelle fetisjar får kome ut i den offentlege sfæren forkledd som «kjønnsidentitet». Støtta denne pervo-læraren har frå arbeidsplassen er eit skrekkens eksempel på at leiinga vel å heve fantasiane og fetisjane hans over tryggleiken, helsa og velværet til elevane – som burde vere deira fyrsteprioritet.
Foreldre ligg lagleg til for hogg når dei prøver å beskytte elevane sine frå skadane til kjønnsideologi på skulen nøyaktig fordi det kjem inn under dekke av DEI [Diversity, Equity & Inclusion; «mangfald, utfallslikskap og inkludering»; oms.an.] og den latterlege ideen om å vere miskunnsam overfor dei som er annleis. Dette er korleis drag queens endar opp på grunnskular, og korleis grafiske noveller som forherlegar sex mellom mindreårige og vaksne endar opp i hyllene på skulebibliotek.
Dei påtvinga pronomen-rituala som mange ungdomsskulebarn nettopp opplevde her i New York då dei kom tilbake til skulen, er del av den same kjønnsideologi-sekta. Mindre visuelt fråstøytande, men like farleg. Å tvinge barn til å seie pronomena deira er å tvinge dei til å late som om ein lærar ikkje ville vete kjønnet deira elles. Det er ei løgn.
Å påleggje elevar å ta del i andre folks fantasiar og vrangførestillingar, med fare for å bli uthengt som sneversynt og bli sosialt utstøytt, er gale og burde ikkje skje på skular. Når barn må ta del i løgner, må dei undertrykkje sjølve instinkta som dei treng for å beskytte seg sjølve mot dei som ønskjer å skade dei.