Ungdomsskule i Ontario forsvarer den mannlege sløydlæraren med dei enorme puppane

19.september publiserte Saksyndig ein artikkel om ein mannleg sløydlærar i Ontaria i Canada, som hadde byrja å gå i damekle og med falske puppar – medan han underviste elevane. Fyren såg mest av alt ut som ei krysning mellom Dolly Parton og ei mjølkeku, og ein video av han der han underviste elevane i korleis ein brukte ei sirkelsag gjekk viralt på sosiale media.

No har skulen han jobba på kome med eit tilsvar. Ifølgje Reduxx.info, som skreiv om sløydlærar-transvestitten, ser Trafalgar High School ingenting gale med denne «fetisj-åtferda». Som Anna Slatz på nemnde nettstad skriv:

«Ontatio-ungdomsskulen som har blitt sete for kontrovers for å ha ein mann som underviser unge elevar medan han har på seg digre kostymepuppar har resultert i forsvar av læraren i ein nyleg leken e-post som vart sendt til foreldra. […] Medan bileta og videoane hadde sirkulert nokre dagar i forkant, var der utbreitt forvirring og vantru om bileta var ekte eller, som enkelte spekulerte, del av ein velutført bløff eller komediesketsj.

Men Reduxx greidde å verifisere at dei sjokkerande media kunne sporast tilbake til Oakville Trafalgar High School (OTHS) i Ontario, Canada. Personen på bileta er Kayla Lamieux, ein sløydlærar som visstnok byrja å indentifisere seg som dame i fjor. Før denne overgangen var Lemieux kjent for elevane som Stephen Hanna.

Reduxx hadde kontakta OTHS for ein kommentar, men fekk ikkje nokon svar. Leiinga bekrefta derimot at Lemieux var ein aktiv tilsett på skulen.

I etterkant av dei virale nyheitene, har OTHS no sendt ein e-post til foreldra der dei forsvarer Lemieux sin status som tilsett i inkluderinga sitt namn.

‘Vi er klare over diskusjonen på sosiale media og i media når det gjeld Oakville Trafalgar High School. Vi ønskjer med dette å nytte høvet til å gjenta til samfunnet vårt at vi er pliktige til å etablere og oppretthalde eit trygt, omsorgsfullt, inkluderande, likeverdig og velkomande lærings- og arbeidsmiljø for alle elevar og personale’, står det å lese i e-posten.

Skulen viser til Ontario Human Rights Code, og antydar at kvar ei bekymring retta mot Lemieux vil vere å sjå på som diskriminering.»

Ikkje overraskande meinte fleire at måten Lemiex kledde seg på – og ikkje minst dei enorme puppane med godt synlege brystvorter – ikkje var sømeleg i ein undervisningssituasjon der barn var til stade. Twitter-brukaren Siobhan Alexander skreiv til utdanningsminister Doug Ford i Ontario at det var hans plikt å beskytte Ontario-elevar «frå å bli eksponert frå denne læraren sin vulgære sex-fetisj». Ho kravde at mannen måtte fjernast frå klasserommet, og at ein måtte ta grep for å hindre at dette skjedde igjen.

Reduxx.info skreiv vidare at enkelte uttrykte fornærming over at «Lemieux såg ut til å herme etter ei høgst pornografisk framstlling av ei dame». Som Twitter-brukaren alohabetty skreiv:

«Dette er so fornærmande at det får meg til å misse trua på menneske. Korleis kan ei eismal dame sjå på dette og sjå på det som noko som helst anna enn ei grov umenneskeleggjering av heile kjønnet vårt?»

Den lokale nyheitsformidlaren BlogTO fordømte dette lokale ramaskriket, og samanlikna Lemieux sine store, falske puppar med lærarinner som vart usett for hets på grunn av kroppsforma eller kleda sine. Det er elles ei kjent sak at Oakville Trafalgar High School sitt skuledistriktsstyre (Halton District School Board) har byrja å fremje kjønnsidentitetsideologi no i dei seinare år.

Kort fortalt har desse nye, «inkluderande» retningslinjene resultert i at godt vaksne sløydlærarar plutseleg kan identifisere seg som damer og sprade rundt med groteske monsterbryst utan at elevar og foreldre kan gjere noko anna enn å stire i gapande vantru. Dette er berre ein liten del av effekten som den giftige LGBTQ++-aktivismen har på samfunnet, både lokalt og globalt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s