Saksyndig kjem med dementi om Josefine Bru-artikkel

27.oktober publiserte Saksyndig ein meiningsartikkel om Sigmund-saka, der Josefine Bru kom med sine tankar om saka. Der blir det antyda av ho at ekskona til Sigmund kan stå bak prosessen mot han. Eg vil nytte høvet til å dementere denne påstanden. Ekskona har ingenting med arrestasjonen eller politisaka mot Sigmund å gjere. Den originale tittelen gjev inntrykk av at dette er tilfelle, og tittelen har difor blitt endra. Den oppdaterte artikkelen vart lagt ut igjen 31.oktober.

Elles vil eg informere at Sigmund-saka har vist seg å vere for innfløkt for redaksjonen på grunn av avgrensa kunnskapar om Common Law. Difor har det no blitt bestemt at vidare dekning av saka skal gjerast av Sigmund sine støttespelarar i Frihetsbevegelsen og AgendaLMK, eventuelt Foreningen Lov og helse (som sjølv innrømmer at dei ikkje har so god greie på Common Law). Saksyndig har med andre ord gått over til å vere rein observatør av saka.

Manglande dekning i hovudstraumsmedia av saka skuldast at redaktørane har eit ønske om å skåne familien til Sigmund. På ein stad der alle kjenner alle kan slike saker erfaringsmessig skape ubehag og problem for dei det gjeld. Med andre ord følgjer journalistane Ver varsam-plakaten.

Josefine Bru er for tida på oppdrag for byrået sitt, og var difor ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s