Josefine Bru om Sigmund-saka: «Staten skjøner berre namn og personnummer, ikkje ansikt»

I kjølvatnet av Sigmund-saka har det blitt oppretta ei nettside som informerer både om han sjølv og Common Law. For dei som er interesserte i å høyre Sigmund si historie, har brevet hans no blitt offentleggjort, i lag med det som skal vere ansvarserklæringa («Notice of Liability») som han og 10-20 andre menn og kvinner sendte utvalde personar 17.mai 2021, deriblant dåverande statsminister Erna Solberg, helseminister Bent Høie og alle landet sine ordførarar. Som Sigmund sjølv skriv på si karakteristiske blanding av bokmål, nynorsk og sunnhordlanddialekt:

«Eg sendte in NOL (Notice of liability) til alle ordførerne i Norge på frigjørings dagen til Norge, 17 Mai 2021.

Her opplyse eg ordførerne om deira ansvar som levende menn og kvinner for deira handlinger som dei gjer.

Det var og rundt 100 sider med faktainformasjon om forskning rundt COVID. Der det vart peika på alternativ forskning som ikkje vart presentert i media. Eg bad om at denne mailen skulle legges ut på postlistene til kommunen slik at alle innbyggerne i Norge kunne få tilgang til denne informasjonen.

Det kom ein del tilbakemeldinger om at informasjonen vart lagt ut på postlistene og nokon bekreftet å ha diskutert dette med kommunelegen. Nokon var uenige i informasjonen og nokon savna oversettelse til Norsk av denne informasjonen.»

Eg vil her skyte inn at heile det 104 sider lange dokumentet er skrive på engelsk. Etter mi erfaring er gode engelskkunnskapar ei mangelvare, spesielt innan kommunal administrasjon. Eg tviler sterkt på at ordføraren i den aude utkantkommunen eg jobbar i vil skjøne mykje av dette dokumentet, langt mindre gjere seg forstått med innhaldet innan dei to vekene som forfattarane krev at dei skal. Ei omsetjing til norsk ville etter mitt syn ha gagna saka deira betre. Sjølve informasjonen i skrivet er sannferdig; til og med politiet på Sigmund sin heimstad refererte til innhaldet som «faktaopplysninger».

Sigmund skriv vidare:

«Min kommune la ikkje dette ut på postlisten, eg tok derfor kontakt med sjefen for postlistene i kommunen min og spurde kvifor den ikkje var kommen ut. Han kunne fortelle at dette ikkeje [sic] var noko som kommunen kunne lage noko sak av og difor vert det avgjordt [sic] at denne mailen ikkje skulle offentliggjøres.

Eg vart derfor litt overraska da eg nokre veker seinere fekk ein telefon da eg var på reise.

Det var ein politimann som ringde og ville informere meg om at han hadde vært heime i huset mitt og åpnet opp mitt låste våpenskap og fjernet mine lovlige jakt våpen.»

Kommunen ville med andre ord ikkje lage noka sak ut av skrivet – men politiet såg ikkje ut til å vegre seg nemneverdig for å gjere det. Som Sigmund sjølv skriv:

«Dette [beslaget av jaktvåpen] på grunnlag i ein bekymringsmelding på min mentale helse, fordi eg på 17 mai hadde sendt den omtalte NOL mailen til alle ordførerne i NORGE.»

Som kjent hadde Sigmund ein telefonsamtale med betjenten som hadde teke seg inn i huset og beslaglagt jaktvåpena. Etterpå fekk han kopi av politiet sitt brev:

«Eg fekk deretter ein kopi av dette brevet dagen etter og brevet er ein varsling om at det vil vurderes avgjersle om våpen inndragning. Bekymrings meldinga har ingen opprinnelse og brevet mitt er nr 2 i saksdokument arkivet.»

At politiet skulle gå til so drastiske steg som å stele privat eigedom på grunn av eit faktaskriv (som kommunen tilsynelatande ikkje ville lage noka sak ut av), høyrest ganske merkeleg ut. Og kva med den sokalla «bekymringsmeldinga»? Han skriv sjølv at den ikkje har noko opphav (opprinnelse). Han skriv deretter noko særs interessant når det gjeld korleis politimannen hadde funne nøklane til det låste våpenskapet (mi utheving):

«Politimannen hadde kontaktet min tidligere kone, som også jobber på det lokale politikontoret, for å få opplysninger om kvar mine nøkler befant seg. Det vart [sic] ingen heime i huset mitt da politimannen var inne. Eg fekk først en telefon etter at han hadde vert inne i mitt hus.»

Ekskona til Sigmund jobbar med andre ord på det lokale politikontoret på heimstaden. Dei hadde nyleg gått frå kvarandre, som han sjølv skriv i brevet:

«Eg har blitt enig med min tidligere kone om at vi hadde forskjellige syn på verden og i all enighet separerte vi oss slik at vi kunne skape det livet vi begge ville ha.»

Det var på den tida han òg møtte sin noverande kjærast:

«Eg har gjennom samarbeidet med OPPT truffet Siv som eg nå er i lag med og vil skape det nye i lag med.»

Sigmund er av den oppfatning at «alle regjeringer og banker i verden blir drevne som kommersielle selskap og utnytter levende menn og kvinner som slaver i sitt system uten å opplyse om denne svindelen.» Ein artikkel av Ingunn Sigurdsdatter publisert på Nyhetsspeilet 17.november 2014 tek opp nettopp denne problemstillinga. Som ho skriv innleiingsvis:

«Hvis du ser deg rundt omkring så vil du oppdage at det økonomiske systemet har blitt kapret gjennom generasjoner av korrupte kriminelle. Mens du jobber mer og mer for mindre og mindre lønn, så tjener de på toppen mer og mer, gjennom et avtalt spill der de lager spillereglene slik at du alltid vil gå tapende ut av spillet. De har gjort oss til slaver. De er utplyndrere som styrer hjertet av finanssystemet, der de justerer prisene på våre ressurser slik de finner det for godt.»

Privateigde bankar stod bak dette:

«I 1913 hadde den privateide banken Federal Reserve kjørt seg inn i posisjon i USA, og fått monopol på å trykke penger. Fra da av kunne Federal Reserve skape lav- eller høykonjunktur som den ville, og nesten med en gang kollapset 16000 amerikanske banker (i 1929) som ble kjøpt opp og feid inn i Federal Reserve systemet. Så startet jobben med å få kontroll på verden, og sluse alle nasjoner inn i et globalt system med Federal Reserve på toppen. Federal Reserve er eid av noen få familier som hadde et ganske kraftig ambisjonsnivå.»

Og framgangsmåten deira var følgjande:

«Noe av det første som skjedde I USA, var at folk ble bedt om å levere fra seg alt gull – det ble ulovlig å eie det -og i stedet fikk de verdiløse papirsedler tilbake, som Federal Reserve trykket ut av tynne lufta. Et ran med andre ord, som gjorde at eierne av Federal Reserve fikk tilgang på alt gullet. Hver dag i 6 måneder ble alt gullet fra det amerikanske folket fraktet på båter til Frankrike. Innen økonomisk terminologi heter dette at “ vi fravek gullstandarden”….det gjorde vi også i Norge da dette systemet kom til oss.»

Ho skriv vidare: «Gjennom frammanipulerte og bankfinansierte kriger ble mange lands økonomi kjørt i senk. […] Da nasjonene lå nede kunne Federal Reserve […] komme på banen med generøse tilbud om lån og med fagre ord om hvor viktig det var at alle land i verden samarbeidet for å få verden på fote og hindre at alt gikk tapt i tilfelle krig.»

Og vidare:

«Norge slo også til og gikk ivrig i gang med å signere på en rekke avtaler som systematisk tok fra oss absolutt alle rettigheter og gjorde oss eiendomsløse. Disse avtalene ble løftet fram av fagre ord om fred og internasjonalt samarbeide. Sentralbankerne i Federal Reserve, som også kunne kjøpe opp politikere og etablere organisasjoner, trakk i en rekke tråder for å få noen institusjoner på plass. Vi fikk IMF ( det internasjonale pengefondet), vi fikk BIS (den interenasjonale oppgjørsbanken) og vi fikk FN.»

Det kom kort fortalt ein ny myntfot: folket. Slik antydar Ingunn Sigurdsdatter at menneske var slavebundne av staten (som i sin tur var «kjøpt opp» av dei mektige, privateigde sentralbankane):

«Alle våre sentralbanker er knyttet opp mot Federal Reserve strukturen og trykker penger på lisens. Disse pengene inneholder en skjult patent; de er noens intellektuelle eiendom. Det betyr at vi blir født som skyldnere, helt enkelt. I gamle dager hadde ikke skyldnere rettigheter og gikk rett i gjeldsfengsel. Eller ble satt i arbeid. Da hadde de ikke lengerr [sic] rettigheter, bare privilegier (Common Law). På samme måte fødes vi inn i et gjeldsfengsel, og når vi registreres etter fødsel er det mor som «angir» oss (på engelsk heter det «informant») og ettersom far ikke signerer på fødselsmeldingen og det derfor ser ut til å mange en far, går staten rett inn i rollen som parens patriae og forvalter for verdien på fødselsattesten. Så staten går inn som benefisient på dine vegne for det som kan genereres via fødselsattesten din, som er opprettet som et Cestui Que Vie trust. Statens eiere drifter deg til gen fordel, med andre ord.»

I min serie om konspirasjonsteoriar handlar andre del om at grunnlover og alle andre lover (inkludert menneskerettar og «landlovene» / Common Law) har blitt avskaffa og bytt ut med sjøretten (på engelsk maritime admiralty law). Tilhengjarar av denne teorien ser ut til å tru at domstolar eigentleg opererer under sjøretten, og av dei ved å ikkje samtykkje til lovene unngår å ta del i denne sosiale kontrakten. Lover og reglar gjeld ikkje for dei, fordi dei ikkje samtykkjer til dei.

Det Ingunn Sigurdsdatter skriv om fødselsattesten (at ein far manglar), er feil. Som eg skriv i nemnde artikkel:

«Kollegaer av meg på jobb som har fødd barn seier at barnefaren faktisk skreiv under på fødselsattesten. Ein kollega av meg fortalde ganske nyleg at då ho fødde sitt fyrste barn, gløymde barnefaren å skrive under på attesten. Sjukehuset gjekk faktisk ut av sitt gode skinn for å verifisere identiteten til barnefaren. Han måtte hoste opp både førarkort og ymse ID-papir.»

Det er derimot riktig at Staten i aukande grad har gått inn som «omsorgsperson» for barn dei seinare år: barnehage, skule, skulefritidsordning og ymse andre offentleg finansierte institusjonar. Ein kan gjerne diskutere kor mykje tid dagens foreldre faktisk bruker på barna sine. Mange barnehagetilsette har opplevd foreldre som leverer ungane i barnehagen ved opningstid klokka sju, og (ein tanke motviljug!) kjem og hentar dei ved stengjetid klokka fem. I tillegg opererer Staten i foreldrerolla ved at det finn stad ei infantilisering av befolkninga: dei blir oppfordra til å følgje instruksar frå dei på toppen, og for all del ikkje tenkje sjølv. Dette såg vi under «pandemien», der mellom andre Bent Høie under ein av dei mange pressekonferansane stod med eit meterstokk for å belære folk kor lang ein meter var.

I nemnde Nyhetsspeilet-artikkel skriv Ingunn Sigurdsdatter at ho hadde slutta å betale banklånet (bustadlånet). Som eit resultat vart ho kasta ut av huset sitt «Niceland» i Skien i oktober 2014, og eigedommen vart selt.

For å gå tilbake til Sigmund-saka, tok eg kontakt med Josefine Bru for å høyre hennar tankar om saka. Ho tok seg tid til å setje seg inn i saka, las brevet til Sigmund, såg intervjuet kjærasten Siv hadde med Kiri på No Nonsense News, og las artikkelen Saksyndig (eg) hadde skrive om intervjuet. Etter eiga utsegn skumma ho gjennom det 104 sider lange Notice of Liability-skrivet. Ho seier følgjande:

«Saka er for meg temmeleg openberr. I og med at ekskona hans jobbar på det lokale politikontoret, er det klart at det var ho som sendte bekymringsmeldinga. Ho hadde nok ein finger med i spelet når det gjaldt beslaglegginga av jaktvåpen òg. Verdssynet til denne Sigmund verkar absurd og uforståeleg for dei som ikkje har sett seg inn i det. Dei ser på den gjengen som farlege konspirasjonsteoretikarar. Aldri undervurder vreiden til ei forsmådd ekskone. Sigmund gjekk frå ho og fann seg ei ny dame med same verdssynet som han sjølv. Han og ekskona hadde jo fire ungar i lag, som han skriv i brevet sitt. Ein går ikkje ut av eit ekteskap med fire barn utan konsekvensar. Eg trur Sigmund sin arrestasjon i Danmark har mindre med Notice of Liability-skrivet å gjere, og meir å gjere med ekskona. Ho var nok den som starta alt.»

Saksyndig har funne ut kven ekskona til Sigmund er. Eg har valt å ikkje publisere den informasjonen på bloggen.

På liknande vis har kjærasten til Sigmund bede både Saksyndig og No Nonsense News om å berre referere til ho som «Siv», og ikkje ta med etternamnet. Begge nettstadene har valt å respektere ønsket til Siv, og informasjonen har blitt fjerna. Josefine Bru har følgjande kommentar om dette:

«Ho [Siv] vil ikkje offentleggjere sitt fulle namn, men lèt seg likevel videointervjue av ein tvilsam aktivist og få bilete av seg publisert på Steigan? Ho er truleg redd for å hamne i søkjelyset til Staten. Dei skjøner berre namn og personnummer, ikkje ansikt. Du kan ikkje google eit fjes.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s