Aldri gløym covid-fanatikarane

Av Christopher Roach, American Greatness. Omsett av saksyndig.

Det amerikanske folket burde aldri akseptere den typen drakoniske folkehelsetiltak som anten viste seg å vere ubrukelege eller dødelege under dei tidlege dagane av pandemien.

To nyheitshistorier illustrerer godt den noverande tilstanden til covid-panikken og folkehelsa. Biden fekk sin tredje oppfriskningsdose [femte dose; oms.an.], men det ser ut til at han er so godt som åleine å få den. Prosenten som tek oppfriskningsdose er svært låg; mindre enn 10% av dei som er godkjende for den tek den.

Dei særs få fordelane til covid-vaksinar, betydeleg, openberr helserisiko, nylege innrømmingar om at dei gjer ingenting for å stoppe overføring, tilleggsrisiko frå oppfriskningsdosar, kombinert med den generelle kjensla av at covid ikkje er grunn til å bekymre seg over for folk flest, har redusert kor mykje covid opptrer i media og i liva våre. Sidan mange allereie har fått og overlevd covid utan større vanskar, har vi ikkje lenger frykta og uvissa som var rådande i dei tidlege dagane av pandemien.

Den andre viktige historia er at arbeidarar i New York by som fekk sparken for å ikkje ta covid-vaksine, vil få tilbake jobbane sine og få løn med tilbakeverkande kraft. Denne vesle sigeren, ei kvit pille etter to års galskap, vil gjere lite for å lette dei fleire titals tusen flytilsette, militærpersonell og arbeidarar i privat sektor som måtte velje mellom helsa og levebrødet. Det er mogleg at desse òg vil få lette ein vakker dag, men rettssystemet bevegar seg særs sakte og ofte inkonsekvent.

Når ting har gått tilbake til normalen – til og med munnbind har blitt passé – er det lett å gløyme nasjonens tilstand slik den var so nyleg som i fjor sommar [2021]. Dette var tida då jobbar var i fare og vart miste på grunn av vaksinestatus, då blåstatsguvernørar truga med å gå tilbake til nedstengingar, og når foreldre vart gruppepressa til å gje barn covid-vaksinar, endå barn hadde minimal risiko.

I likskap med den nylege mørketalen til Biden om «MAGA-republikanarar», kalla Delaware-demokraten dei som valde å ikkje ta vaksinen for vondskapsfulle folk, som i hovudsak hadde skulda for at covid heldt fram. Han skildra delta-bølgja som «dei uvaksinerte sin pandemi», sjølv om der allereie hadde skjedd millionar av gjennombrotsinfeksjonar innan den tid. Biden åtvara oss overlegent: «Vi har vore tolmodige, men tolmodet vårt er snart slutt. Og nektinga dykkar har kosta oss alle.»

På den tida snakka ein til og med om å frårøve uvaksinerte all helseomsorg, ein politikk ein aldr kunne ha førestilt seg for andre sjukdommar knytt til livsstil, slik som AIDS, lungekreft, eller skrumplever. Kvart uvaksinert tilfelle i sjukehuset vart framstilt til skrekk og åtvaring for dei tjukkskalla vaksineskeptikarane. På same tid sa so mange vaksinerte, på ekte pavlosk maner, at dei fekk covid, men at sjukdommen ville ha vore mykje verre utan vaksinen. Forteljingane høyrest ut som gisselvideoar.

Covid var og er framleis i hovudsak ein risiko for gamle og skrøpelege. Vaksinar, på den andre sida, ser ut til å ha spesielt høge ratar av biverknader blant unge og friske.

I den seinare tid har der vore mange mystiske tilfelle der relativt friske og ganske so unge menneske ramlar døde om av plutseleg hjartestopp, ein kjent biverknad av myokarditt, som i seg sjølv er ein kjent biverknad av vaksinane. Medan dataa er vanskelege for lekfolk å analysere, har der tydelegvis oppstått ein generell auke i dødelegheit i løpet av det siste året, som truleg kan tilskrivast ei eller anna ukjent og utbreidd årsak – om det er long covid, vaksinen eller noko anna vil krevje omfattande epidemiologiske studiar for å finne ut.

Det er lett å undertrykkje minna og bileta frå dei siste to åra. Vi burde gjere ein innsats for å hindre at ikkje noko av dette forsvinn i minnehòlet. Det som skjedde i landet vårt og rundt om i verda var skadande og frykteleg. Nedstengingar, sosial avstand, munnbindpåbod, obligatoriske eksperimentelle vaksinar, vedvarande skremselspropaganda, skulestengingar, forbod mot bryllaup og gravferder, isolasjon av eldre frå sine kjære og kvarandre, massiv økonomisk og psykologisk skade, og ei generelt hardhendt, betrevetande tilnærming av leiarklassen har kollektivt påført ekte traume på landet.

Vi har beviset. Vi burde ikkje late gjerningsmennene sleppe unna so lett.

Ei viss grad av overreaksjon hadde kunne rettferdiggjerast i byrjinga, sidan omfanget av trugselen var ukjent. Medan der var få data som støtta sosial avstand, munnbind eller mange av dei tidlegare «brutale» inngrepa, såg dette ut til å vere ei hending på nivå med Spanskesjuka, meir enn ti gonger dødeleg enn vanleg influensa. Noko slingringsmonn er passande i slike tilfelle, men det vart snart openbert at alle dei antakelsane var falske.

Data rundt inngrep slik som munnbind og nedstengingar fann inga støtte. Men denne politikken øydela faktisk liva våre. Nokre land og amerikanske delstatar letta på dei tidlege inngrepa, inkludert Florida, og fekk mykje kritikk for å gjere det. Andre heldt ut til den bitre slutten, og desse same slitarane pushar no ein endelaus straum av oppfriskningsdosar.

La Biden og dei andre hypokondrane få sine oppfriskningsdosar. Det er eit fritt land. Men det amerikanske folket burde aldri igjen akseptere den typen drakoniske folkehelsetiltak som viste seg å anten vere ubrukelege eller dødelege under dei tidlege dagane av pandemien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s