Canada skal legalisere eutanasi av barn UTAN samtykke frå foreldra

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Justin Trudeau sitt Canada vil snart utføre eutanasi på barn utan samtykke frå foreldra, ifølgje rapportar.

Canada, som no er kjent som «verdsleiaren innan eutanasi», drep oppsiktsvekkjande 10 000 menneske i året ved hjelp av assistert sjølvmord.

The New American rappporterer: Tidsskriftet First Things fortalde nyleg om evolusjonen og devolusjonen til Canada sine lover rundt assistert sjølvmord, og skreiv:

«Høgsteretten i Canada overstyrte kriminelle forbod mot assistert sjølvmord i Carter mot Canada i 2015. Kort tid etter vedtok parlamentet Bill C-14 i 2016, som legaliserte «medisinsk hjelp til å døy» (eller MAiD [Medical Aid in Dying]) for vaksne med ‘vedvarande og uuthaldeleg liding’ og ‘ein rimeleg føreseieleg død’. I 2021 vart Bill C-7 vedteken, som gjer MAiD lovleg for dei som slit med psykisk liding (Notat: Denne vurderinga kan bli motsagt av ordlyden i lovforslaget). Canada har blitt ei internasjonal historie til skrekk og åtvaring.

Menneske i desperat fattigdom vender seg til MAiD fordi dei ikkje får tilgang til ressursane som dei treng, eller behandlinga dei krev i Canada sitt øydelagte helsesystem. The Toronto Star – den største og mest liberale avisa i landet – kalla det «Hunger Games style social Darwinism»

Her er berre ei av dei triste historiene som tidsskriftet presenterte:

«63 år gamle Alan Philips, som har levd med kronisk smerte i nesten tjue år, vart nyleg godkjent for assistert sjølvmord etter å ha prøvd i 18 år å få operasjon i ryggrada for å lette pina si. Han kan ikkje få operasjonen og har fått ordinert opioidar i staden. ‘Eg kan ikkje få tilstrekkjeleg helseomsorg,’ sa han. ‘Eg blir fôra med sterke smertestillande og overlaten til å ta livet av meg sjølv. So eg bad om MAiD… å drepe meg og dei sa ‘heilt i orden!’.»

Men hei, folkens, Philips er 63 og ei bør for samfunnet, ikkje sant? Dessutan «var der sterke juridiske tryggingsmekanismar bygt inn i det originale lovforslaget for å hindre misbruk,» skreiv The National Post tysdag [25.oktober 2022] – det var «berre» tilgjengeleg «for kanadiarar over 18.»

Dette er ikkje noka trøyst for Ontario-innbyggjaren Margaret Marsilla, derimot. Common Sense fortalde historia hennar tidlegare denne månaden:

«Ho hadde visst at hennar 23 år gamle son, Kiano Vafaeian, var deprimert – han var diabetikar og hadde mist synet på eit auge, og han hadde ikkje ein jobb, ein kjærast eller noko særleg av ei framtid – og Marsilla bad dottera si om å logge inn på Kiano sin konto. (Kiano hadde gjeve systera tilgang slik at ho kunne hjelpe han med epost.) Han delte aldri noko med mora – kva han tenkte, kor han skulle hen – og Marsilla var skremt.

Det var då Marsilla fann ut at Kiano hadde søkt om og, seint i juli, blitt godkjent for ‘medisinsk hjelp til å døy’, òg kjent som MAiD, òg kjent som assistert sjølvmord.

Han hadde fått time for å døy 22.september.»

Foreldra til Kiano hadde skilt seg – og han vart avhengig av marijuana – då han var ungdom. So han er tydeleg ein ung mann med problem. Men dette tydar at han treng rådgjeving og spirituell støtte (Sanning), ikkje ein dødeleg injeksjon.

Den gode nyheita er at «legen» som var sett opp for å drepe Kiano – ein openbert iskald mann ved namn dr. Joshua Tepper – avlyste det planlagte mordet etter at han vart avslørt og fekk stygg motbør.

Men finst der noko i det kanadiske lovverket som kan redde Kiano-ane i nasjonen? I røynda fastslår Bill C-7 spesifikt at den er laga, blant anna, for å klargjere «at personar med psykisk sjukdom som einaste underliggjande medisinske tilstand, ikkje er godkjende for medisinsk hjelp til å døy.» Likevel tydar det at dette ikkje var tydeleg i lovverket tidlegare.

Sjå òg på slingringsmonnet. Ein mildt «kreativ» lege kan vurdere ein psykisk sjuk person (altso kronisk deprimert) med diabetes som underliggjande tilstand som godkjent for eutanasi. Dette var essensielt tilfellet med Kiano.

Og kva med folk som er åtte år yngre? C-7 ber om ein «omfattande gjennomgang av straffelova relatert til medisinsk hjelp til å døy og anvendinga deira, inkludert, men ikkje avgrensa til problem relatert til modne mindreårige…» Og rundt dette: «Ifølgje Canada sitt justisdepartement, har foreldre generelt ‘rett til å ta behandlingsavgjerder på vegner av barna sine’,» fastslår Common Sense. «Doktrinen rundt modne mindreårige lèt derimot barn som er sett på som tilstrekkjeleg modne ta sine eigne val når det gjeld behandling.»

Dette er nok eit bisart døme på at prinsipp vik for «progressiv» føretrekking. Om ein ungdom ikkje kan køyre bil eller inngå kontrakter før ved fylde 18, eller kjøpe alkohol eller sigarettar før 21 [18 (øl, vin, sigarettar) / 20 (brennevin) i Noreg; oms.komm.], gjer vi unntak for 14-åringar som vi opplever som uvanleg «modne»? Ville vi ein gong ha gjort desse unntaka dersom «legar» og/eller dommarar såg på dei som uvanleg modne, som ville skje med eutanasi? Som mange legar sin reaksjon på covid beviser, er legar ikkje akkurat ufeilbare kjelder til visdom og ekspertise.

Det seier seg sjølv at ein ung mann som Kiano – som har heile livet framfor seg og utan tvil har betydeleg potensiale – men som ønskjer å drepe seg sjølv, ikkje er heilt god. Men det er heller ikkje mange av våre offentlege tenestepersonar. Dette er bevist når dei krev foreldresamtykke for at ein ungdom på skulen skal få ein Paracet, men vil forenkle dette sokalla «kjønnsskiftet» bak foreldra sine ryggar. Og no nærmar vi oss eit punt der, etter at dei har gjort barnet ditt sjølvmordslystent med kjønnsforvirrande ideologi, deretter ønskjer å utføre eutanasi på det bak ryggen din i tillegg.

Eutanasi-rørsla er eit biprodukt av sekularisme og deira filosofisk umodne syn på smerte som ein tunnel utan lys i enden. Som nok ein lege, Woods Hutchinson, skreiv i essayet «The Value of Pain»: «Det er ikkje for mykje å seie at utan liding, kan ingen sann karakter eller dyd bli utvikla noko meir enn musklar og vigør utan svolt og kulde; at dei mest opphøgde helgenane er og har alltid vore ‘dei som har oppstått av formidable prøvelsar’.» Smerte kan vere forfattaren av framgang.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s