Å kontrollere vêret har vore mogleg iallfall sidan 1916, viser evidens

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

I det siste har det plutseleg ikkje blitt fullt so sprøtt å antyde at der eksisterer teknologi som kan manipulere vêret. Faktisk so godt som innrømmer staten på noverande tidspunkt, at geoengineering, òg kjent som chemtrails, er ekte, og at det blir brukt for å stoppe «global oppvarming».

Vel, kva ville du ha sagt om nokon fortalde deg at slik teknologi ikkje berre har eksistert i nokre år eller til og med tiår, men i meir enn hundre år? Ein mann ved namn Charles Mallory Hatfield, fødd inn i ein kvekarfamilie i Fort Scott i delstaten Kansas i 1875, er ein av dei tidlegaste kjende vêrmakarane.

Hatfield, med tilnamnet «regnmakaren», sa under oppveksten at hans største ambisjon i livet var pluvikultur, vitskapen bak det å «lage regn». Han forlét familieføretaket i 1904 for å følgje draumen sin.

Historia seier at Hatfield utvikla ein hemmeleg regnmakarmikstur som inneheldt 23 ulike ingrediensar, der to av dei var dynamitt og nitroglyserin. Ved å sleppe laus dette mystiske heksebrygget i atmosfæren via fordampartankar, oppdaga Hatfield at det var mogleg å skape kunstig regn.

«Nøkkelen er at det er skyer på himmelen, og å kjemisk tvinge vatnet frå nemnde skyer til å falle på marka,» forklarer rapportar om den meir primitive og upresise naturen til det som Hatfield hadde til disposisjon på den tida.

San Diego fylke betalte Hatfield 10 000 dollar (294 000 dollar i dagens pengar) for å leggje til 68 milliardar liter vatn til reservoar i området

Rundt den tida då Hatfield oppdaga denne teknologien, leid området han arbeidde i under ekstrem tørke. Det var trass alt ørkenklimaet i det sørlege California, som har stått overfor eit «endrande» klima, so å seie, i mange hundreår.

Desse endringane er naturlege, naturlegvis, og har absolutt ingenting med menneskeleg aktivitet å gjere. Men poenget er at staten hadde vassproblem sjølv på den tida, og vêrmanipulasjon var i vinden på den tida som eit verktøy for å motverke tørke.

Hatfield var i stand til å lage ein avtale som garanterte 45,7 centimer regn på berre fem månader. Han vart betalt 1000 dollar, som tilsvarer rundt 33 000 dollar i dag, for å få det til å skje. Innan 1915 hadde han blitt ei superstjerne for å vellykka fullføre oppdraget sitt.

Regnet som Hatfield var i stand til å produsere, hjelpte bomullsdyrkarar i føretak, so vel som minearbeidarar og andre i fleire sørvestlege delstatar og territorium. Over tid auka betalinga hans til 4000, eller rundt 130 000 dollar i dagens inflasjonsterm.

Hatfield sin innsats var so konsekvent vellykka at San Diego fylke vil slutt betalte han 10 000, eller 294 000 i dagens dollar, for å fylle opp eit heilt lokalt vassreservoar med 15 milliardar gallons [68 milliardar liter] vatn.

Ifølgje materiale lagra på San Diegos offentlege bibliotek, bar innsatsen frukter – og var faktisk for vellykka i og med at styrtregn i området faktisk skapte større overfløyming.

Lower Otai-demninga enda opp med å bryte saman ikkje lenge etter, og drap 19 menneske når ein seks meter høg vegg av vatn fór gjennom området. San Diego fekk likevel alt vatnet dei trong, alt takka vere Hatfield sin atmosfæriske kjemikalie-oppskytingsteknologi.

Der er mykje meir bak den historia som du kan lese om her, men det er tilstrekkjeleg å nemne at kunstig regn har vore eit verkeleg fenomen sidan tidleg på 1900-talet.

Og hugs at regnlaging og andre vêrendrande teknologiformer berre har blitt meir sofistikerte sidan den gong, noko som lèt geoingeniørar ikkje berre skape regn, men hindre det òg (til dømes overlagt tørke).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s