Av Mia Ashton, The Post Millennial. Omsett av saksyndig.
Ein Florida-basert kirurg som får sitt levebrød av å fjerne dei friske brysta til kjønnsforvirra tenåringsjenter og marknadsfører tenestene sine direkte til lettpåverkelege unge via sosiale media, har innrømt i ein TikTok-video at somme kjem til å angre på den typen kirurgi dei valde.
I videoen som er delt på Twitter av Libs of TikTok, fortel dr. Sidhbh Gallagher, ein Miami-basert plastisk kirurg som jamleg promoterer si brystfjerningsteneste til sitt store tal tenåringsfølgjarar med emneknaggane #Yeet the Teeth eller #Teetus Deletus [teet eller teat tydar brystvorte; brukt om brystvortene til dyr (t.d. spenar); oms.an.], til publikummet sitt at dei ikkje treng å få brystvortene festa på igjen etter at brystvevet har blitt fjerna.
«Dersom brystvortene gjer ingenting for å bekrefte deg, eller du ønskjer å bli kvitt dei, eller kva enn grunnen er, er det ein enkel prosedyre, ein kortare operasjon. Det kortar ned operasjonstida di med rundt ein time,» forklarte den berømte, «kjønnsbekreftande» kirurgen.
Derimot, kirurgen som kappar dei friske brysta av jenter so unge som 13, sa deretter at i tilfelle pasienten seinare angrar på at ho ikkje fekk dei festa på igjen, kan det vere særs vanskeleg å konstruere brystvorter som ser naturlege ut.
«Dersom pasienten av ein eller annan grunn faktisk ønskjer seg brystvorter i framtida… ei rekonstruert brystvorte ser aldri so god ut som dei vi bruker dersom vi bruker ditt eige vev i fyrste omgang,» forklarer kirurgen, som ikkje ser ut til å ha tenkt på moglegheita for at pasientane hennar i framtida òg kan kome til å angre på at dei fekk brysta kappa av då dei var sårbare, fortvilte tenåringar.
Som svar på dei mange videoane, bileta og memes som Gallagher delte på sosiale media, vil hennar forgudande fans ofte publisere bilete av sine nyopererte brystkassar der ein ser ferske arr etter brystfjerninga, der ein urovekkjande høg del av dei òg viser bevis på sjølvskading.
Gallagher, som kallar seg sjølv Dr. Teetus Deletus [«doktor spenefjernar»], delte ein gong òg ein video der ho informerte følgjarane sine at dersom dei kjende seg triste etter operasjonen, var dette heilt normalt og berre mellombels. Dette er visseleg ikkje sant for det raskt veksande talet medlemmer av detrans-samfunnet, som i stor grad består av unge damer som djupt angrar at dei skifta kjønn som unge vaksne.
Ein av Gallaghers tidlegare pasientar, Grace Lidinsky-Smith, ei ung detrans-dame som er ein av grunnleggjarane av Detrans United, fortalde historia si i ein nyleg dokumentar, The Detransition Diaries, om korleis ho følte umiddelbar anger då ho vakna opp frå sin bilaterale mastektomi [fjerning av begge brysta] då ho var 23, og korleis den angeren aldri har forsvunne. Lidinsky-Smith er no ein forkjempar for ein slutt på «kjønnsbekreftande omsorg» for mindreårige.
Gallagher har òg blitt meldt til Bidens Federal Trade Commission for påstått falsk promotering av tenester til mindreårige.