Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein av dei mest bekymringsverdige biverknadene til Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinane» er at dei ser ut til å hindre reproduksjon ved å drepe babyar som framleis er i livmora.
Ratane av dødfødslar, indikerer nye rapportar, held fram med å stige når fullvaksinerte mødrer mislykkast i å nedkome med barna sine i eit veksande tal. So mange som 28 av 29 kvinner, avhengig av datakjelda – den statistikken kjem, tru det eller ei, frå Pfizer sjølv – opplever dødfødslar i covid-injeksjonsæraen.
Eit sjukehus i Fresno i delstaten California sirkulerer ein e-post internt som antydar at dødfødslar har gått i taket – 500%, faktisk – samanlikna med pre-Operasjon Warp Speed. Den e-posten vart leken til uavhengige media, som rapporterer om den medan konsernmedia ignorerer den.
So langt som hovudstraumsnyheiter formidlar, er Fauci-influensasprøytene [Covid-19-«vaksinar»] framleis det beste og mest fantastiske ein person kan ta for å beskytte seg mot kinainfluensaen [Covid-19]. I røynda har sprøytene derimot ein avfolkande effekt på dei som tek dei.
Sjukepleiar fortel at ho høyrde om to mødrer som hadde babyar som utvikla blodproppar i livmora
Før sprøytene vart sleppte laus var dødfødslar relativt sjeldne. På det omtala sjukehuset skjedde rundt éin eller to rundt rekna kvar tredje månad. No skjer dusinvis av dødfødslar kvar månad – ein betydeleg auke.
The Epoch Times, som fyrst rapporterte om avsløringa, tok kontakt med avdelingssjukepleiaren som skreiv e-posten for å høyre kvifor ho refererte til tilfella som «demise patients» [«bortgangspasientar»]. Ho har enno ikkje svart.
California Today, som òg rapporterte om den lekne e-posten, laga eit videoinnslag som du kan sjå på nettsida til RAIR Foundation.
Dersom du abonnerer på Epoch Times, kan du òg sjå ein 25 minutts video-eksposé om den lekne e-posten på denne linken.
Epoch har ein live-chat tilknytt videoen der ei kvinne påstår ho opplevde ikkje berre éin, men to dødfødslar etter å ha teke sprøyta tilbake i tidleg 2021.
«Eg var ‘liberal’ og trudde på legane mine,» skreiv vedkomande. «Eg er so glad for at dette kjem ut. Eg håper andre kan bli skåna for denne forferdelege pina.»
Ein annan person nemnde dokumentaren Under the Skin, som diskuterer problema sauer som blir vaksinerte med mRNA-sprøyter mot brucellose lid av. Mange av sauene døydde ikkje lenge etter at det eksperimentelle legemiddelet vart injisert i dei, forklarer filmen.
«Eg er sjukepleiar og eg har høyrt om to mødrer som hadde babyar som hadde blodproppar inne i livmora,» skreiv ein annan. «Eg har aldri høyrt om noko slikt før. Det er berre rykte, derimot. Eg har ikkje noko faktisk bevis.»
Nokon andre spurde kva som skal til for at fleire innser at desse sprøytene er farlege og har ingenting å gjere i folk sine kroppar basert på alt vi no veit om dei.
«Herodes gjorde det same med sin massakre av uskuldige,» skreiv nokon andre, og refererer til den kjende bibelhistoria om folkemordet på alle gutebarn to år eller yngre i nærleiken av Betlehem, der Jesus Kristus vart fødd.
«Eg vil gjenta det ein virolog sa: ‘kven som enn laga viruset er satanisk, kven som enn laga vaksinane er ti gonger meir satanisk’,» skreiv ein annan person, og refererer til dei to ulike typane av piggprotein i viruset versus injeksjonane.