Av Jamie White, Infowars. Omsett av saksyndig.
Nesten halvparten av amerikanske røystarar trur at den føderale regjeringa blir kontrollert av ein «hemmeleg kabal», ifølgje ei ny spørjeundersøking.
Benenson Strategy Group, som er leia av Joel Benenson, som laga spørjeundersøkingar under Obama sin presidentkampanje, spurde 1000 amerikanarar mellom 27. og 30.oktober kor mykje påverka dei var av «QAnon»-konspirasjonsteoriar.
«Vi ønskte å teste QAnon sine påstandar om at verda er kontrollert av ein hemmeleg kabal,» fortalde Benenson Axios. «Med tanke på at USA er verdas sterkaste demokrati, ønskte vi å sjå kor langt appellen til slikt språk kan nå.»
Resultatet: 44% av respondentane trudde at den amerikanske regjeringa er «kontrollert av ein hemmeleg kabal».
Av respondentane er 66% demokratar, 55% republikanarar og 54% er politisk uavhengige.
Fleirtalet av republikanarane, 53%, trur at regjeringa er kontrollert av ein hemmeleg kabal, medan berre 37% av demokratane trur på det.
Interessant nok avdekte den same spørjeundersøkinga at «59% av røystarane er einige i at USA er eit sterkt demokrati».
Sjølv om spørjeundersøkinga sitt premiss er å måle korleis amerikanarane blir påverka av «QAnon», er det faktum at mange amerikanarar trur at ein «hemmeleg kabal» trekkjer i trådane i regjeringa ikkje so overraskande, med tanke på offentlege kommentarar frå topp-globalistar slik som World Economic Forum (WEF) sin grunnleggjar Klaus Schwab.
Schwab skrytte under ein konferanse i 2017 at WEF-disiplar «penetrerer kabinetta» til verdas regjeringar for å pushe sin Great Reset-agenda og andre relaterte føretak.
«Og eg må seie, når eg nemner namna våre, slik som [tidlegare kanslar i Tyskland] fru Merkel, til og med [den russiske presidenten] Vladimir Putin og so vidare; dei har alle vore unge globale leiarar i World Economic Forum,» sa Schwab.
«So vi penetrerer kabinetta,» innrømte Schwab. «So i går var eg på mottakinga for [Canadas] statsminister Justin Trudeau, og eg visste om at halvparten av dette kabinettet eller til og med meir enn halvparten av dette kabinettet er våre faktiske unge globale verdsleiarar.»
Sidan demokratane kontrollerer alle tre greiner av regjeringa, er det rimeleg at 44% av røystarane trur at dei blir kontrollert av denne hemmelege kabalen, ei avsløring som ikkje lover godt for demokratane no når midtvalet berre er nokre dagar unna.