Den kjende forfattaren og tidlegare programverten David Icke (uttala «aik») har blitt nekta innreise til EU og har blitt tildelt den underlege merkelappen «nivå tre-terrorist». Paul Joseph Watson i Summit.news skriv følgjande:
«Den offentlege talaren og tidlegare BBC-programverten skulle vere med på eit arrangement i Amsterdam førre helg, men vil no visstnok ha forbod mot å reise inn i noko land i Den europeiske union i to år.
‘Fekk ein e-post frå nederlendarane. Faren min, David Icke, har blitt utestengt frå å reise inn i EU i to år,’ skreiv Gareth Icke på Twitter. ‘Dei påstår han er ein ‘nivå tre-terrorist’, la han til.»
«‘Gamlingen har forbod mot å reise inn i Nederland,’ skreiv Icke in ei anna Twitter-melding. ‘Null dommar, null brotsverk utførde. Utestengt av regjeringa. Dæven.’»
«Icke skulle etter planen vere med på eit arrangement ved namn Together for the Netherlands, men venstreekstreme aktivistgrupper klaga til regjeringa og kravde at han vart nekta innreise til landet.
Amsterdam by bad òg det nederlandske IND (Immigrasjon og naturaliseringstenesta) ‘å etterforske om Icke kan bli nekta innreise til landet,’ ein appell som openbert lykkast.
Byen klaga over at Icke hadde kome med ‘antisemittiske ytringar i fortida som er uakseptable og djupt sårande,’ sjølv om dei ikkje kom med nokon spesifikke døme.
Den same autoriteten bad til og med om at dersom Icke hadde fått kome inn i landet, ville talen hans på arrangementet ‘bli nøye overvaka av den offentlege påtalestyresmakta for å vurdere om det vart sagt straffbare ytringar’.
Spørsmål om hendinga vart òg stilte i det nederlandske parlamentet.
Det gjenstår å sjå korleis nederlandske styresmakter kan rettferdiggjere det å stengje ute Icke og hindre han å tale i landet, og kvifor forbodet òg gjeld i heile EU.
Icke vart tidlegare deplattformert av fleire Big Tech-selskap for å opponere mot nedstenging og vaksinepåbod.
Somme hadde som respons på nyheita at Icke hadde blitt utestengt for å uttale seg fritt om tidlegare statsminister i Nederland Mark Rutte, og rolla hans i World Economic Forum.»
David Icke vart verdskjent på 1990-talet då han på riksdekkjande britisk TV kom med påstandar om at verda var styrt av reptil-liknande vesen med ein anti-menneskeleg agenda. I dei seinare år har han moderert dette til ei «ikkje-menneskeleg makt». Denne informasjonen skal han ha fått frå utanomjordiske krefter på slutten av 1980-talet.