Dødfødslar går til himmels i post-covid-vaksinasjonsæraen, avslører leken e-post frå sjukehus

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein tilsett ved eit sjukehus i Fresno i delstaten California lak ein e-post til media som viste at raten av dødfødslar har gått i taket sidan innføringa av Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar».

I august i år var der 22 dødfødslar ved sjukehuset, viser e-posten. Og trenden er berre venta å halde fram, fastslo den vidare.

I september var der sju dødfødslar, sjølv om det på rapporteringstidspunktet berre hadde gått åtte dagar av månaden. Overført til oktober, kunne vi forvente det totale talet dødfødslar på sjukehuset ville liggje på rundt 40, eller meir enn dobbelt so mykje som i august.

Før Operasjon Warp Speed var snittalet på dødfødslar per månad ved gjeldande sjukehus mindre enn éin. Berre rundt to dødsfall kvar tredje månad vart rapportert ved fasiliteten før utrullinga av Fauci-influensasprøytene [Covid-19-«vaksinane»].

The Epoch Times, som var blant dei fyrste som fekk tak i gjeldande e-post, tok kontakt med avdelingssjukepleiaren som sendte e-posten for å få ei klargjering. Ingen svar hadde kome frå ho då denne artikkelen vart skriven.

So mange som 28 av 29 gravide som vart «vaksinerte» miste babyane sine

Ifølgje dr. James Thorpe, ein Florida-lege som er spesialist innan mor-foster-medisin, er innhaldet i den lekne e-posten samsvarande med funna i meir enn 1300 fagfellevurderte artiklar som har blitt publiserte dei siste 15 månadene.

Alvorlege komplikasjonar og dødsfall er begge vanlege utfall etter injeksjon for den kinesiske influensaen [Covid-19]. Berre ein brøkdel av desse tilfella er derimot å finne i regjeringa sitt Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS).

«Denne sprøyta vart designa for å krysse inn i eggstokkane; denne sprøyta vart designa for å krysse hjernebarrieren. Denne sprøyta vart designa for å gå overalt,» avslørte dr. Alan Shoemaker i ein kraftfull tale på Parliament Hill i Ottawa i Canada.

«Og det er grunnen til at folk døyr under so merkelege omstende, uforklarlege omstende, og tala er skremmande. 67% av dei som tok vaksinen medan dei var gravide, miste fosteret.»

Det viser seg at Pfizers eigne interne dokument viser at talet er endå høgare, der 28 av 29 gravide misser babyane sine etter å ha blitt injiserte mot Wuhan-influensaen [Covid-19].

Det er difor dr. Sucharit Bhakdi fleire gonger har åtvara gravide mot å ta vaksinen/vaksinane. Å gjere dette er rett og slett det same som å ønske død over babyen, sidan risikoen for dødfødsel er eksepsjonelt høg.

«Innleggskortet i vaksinepakken frå Biotech seier til og med at gravide ikkje har lov til å ta vaksine fordi ein ikkje kan utelukke vaksineskade,» seier Bhakdi. «Og dersom ei ung kvinne bestemmer seg for å ta vaksine, burde ho unngå å bli gravid dei neste to månadene.»

Trass åtvaringane har mange gravide gått hen og blitt injisert likevel, noko som har resultert i mange ekstra dødfødslar og nyttelaus liding assosiert med dette tragiske tapet av eit ufødd menneske.

«Dei visste om det og dei gjorde ingenting med det,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet. «Dei visste at blodpropp-sprøyta [«vaksinen»] ikkje stoppa overføring og dei laug. Biden laug og millionar har anten døydd eller kjem til å døy.»

«All eksponeringa og utfrysinga av dei som var skeptiske og smarte. Alle slektningane som hånte og påførde skam på barna sine for å få dei til å ta dei [«vaksinane»]. Dei har inga skam. Dei trur vi vil gløyme. Eg vil for min del aldri gløyme.»

Ein annan påpeikte at desse avsløringane er grunnen til at somme, inkludert Emily Oster i The Atlantic, no ber om covid-«amnesti» – fordi dei veit at Vi, folket, ikkje berre vil ha svar, men òg rettferd for desse brotsverka mot menneskeheita.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s