«President» Biden heldt tale, men noko vesentleg mangla framme på podiet

Twitter-brukarar la merke til at viktig gjenstand mangla framfor Biden under talen hans

Av Peter Partoll, The Western Journal. Omsett av saksyndig.

Onsdag [2.november 2022] leverte president Joe Biden nok ein splittande og retorisk farleg tale mot sine politiske motstandarar.

Han åtvara om trugselen utgjort av republikanske «valfornektarar» og sa at dei kan hende ikkje ville blindt akseptere resultata av det komande midtvalet.

Derimot var Twitter-brukarar raske med å påpeike at noko var merkbart fråverande frå Biden sin tale.

Medan fråvær av presidentseglet ved fyrste augnekast kan verke ubetydeleg, sa Association of Mature American Citizens (AMAC) at «det manglande seglet er symbolsk, sidan det representerer det at USA manglar ein ekte president.»

«Presidentseglet er eit symbol på amerikansk stoltheit, prestisje og eksepsjonalisme. Sidan Biden inntok embetet, har USAs grense, økonomi, militære, moral og rykte alle blitt øydelagde. Det manglande seglet på Joe Biden sitt podium var merkbart, men passande fordi USA manglar presidenten sin,» konkluderte artikkelen.

Medan det er smertefullt å innrømme det, er det vanskeleg å argumentere mot AMAC si vurdering av den noverande tilstanden til landet.

Openbert er Biden presidenten, men i løpet av dei siste to åra har Biden og administrasjonen hans gjort so mykje for å øydeleggje og splitte landet at det har blitt nesten umogleg å seie at USA har nokon ekte leiar.

Basiske varer slik som mat og drivstoff er på rask veg til å bli for dyre for gjennomsnittsamerikanaren sidan inflasjonsratane når historiske høgder.

Kriminalitetsratane held fram å gå til himmels i landet, spesielt i byar styrt av venstreorienterte som har teke til seg ei mild tilnærming til brotsverk for å handtere kriminelle.

I mellomtida står den sørlege grensa på vidt gap, og ulovlege innvandrarar held fram med å strøyme inn i landet i eit omfang ein aldri har sett før, og eit rekordhøgt tal innvandrarar døyr medan dei prøver å krysse grensa.

So har ein den massivt mislykka utanrikspolitikken slik som den katastrofale tilbaketrekkinga frå Afghanistan og den noverande krigen i Ukraina.

Midt i alle desse krisene har presidenten, når han ikkje prøver å underdrive eller nekte for problema som amerikanarar står overfor, berre endå meir splitta nasjonen ved å prøve å flytte merksemda mot dei imaginære «trugslane mot demokratiet» som hans politiske motstandarar visstnok utgjer.

Når midtvalet berre er nokre dagar unna, og med ingen ekte plan for å adressere dei særs ekte problema som USA står overfor i dag, ser Biden og Demokratane ut til å ha teke til seg strategien om å demonisere Republikanarane for å distrahere frå sin eigen mangel på leiarskap.

Altso var mangelen på presidentseglet på onsdagens hending ærleg tala ganske passande. Medan Biden faktisk sit i embetet og har tittelen som presidenten av USA, har han gjort so godt som ingenting som vil gjere han til ein sann leiar.

Set dette i kontrast med tidlegare president Donald Trump. Under Trumps presidentskap, kvar gong han heldt ein tale, var det aldri tvil om kven som bestemte.

No når ein annan presidentperiode for Trump verkar meir og meir sannsynleg, kan vi kanskje byrje å håpe på at sann leiarskap snart vil vende tilbake til landet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s