Greta Thunberg vil tilinkjegjere Vesten for å redde verda

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Greta Thunberg var ei 16 år gammal skulejente i Sverige då ho vart gjort om til ei global superstjerne av den globalistiske eliten og PR-departementet deira, hovudstraumsmedia.

Hysteri rundt Thunberg sprengde alle skjema. Tidsskriftet Time stemte ho til årets person.

Ein kyrkjelyd i den svenske kyrkja har til og med helgenkåra ho som «Kristi etterfølgjar».

Og Rowan Williams, erkebiskopen i Canterbury, erklærte at Thunberg er ein bibelsk profet: «Gud har fostra ein profet i Greta Thunberg på ein måte som ingen kunne føreseie. Ho har sagt ting som ingen andre kunne ha sagt. Takk Gud for ho!» erklærte erkebiskopen.

Ho vart nominert til Nobels fredspris tre gonger og hovudstraumsmedia gjekk i harnisk då ho ikkje fekk prisen.

Og World Economic Forum krona ho som ein offisiell agenda-bidragsytar. Noko som får oss til å stille spørsmålet: kva er agendaen hennar eigentleg?

Fordi globalisteliten kan ikkje få nok av ho. Ho adresserte Frankrikes nasjonalforsamling og Den europeiske union. Ho belærte FNs generalsekretær. Ho tala på World Economic Forum og FNs klimatoppmøte.

Full av sinne, besett av dommedag, tom for nokon som helst praktiske løysingar, fremja av globalisteliten og skoten i katapult til global superstjernestatus i ein alder av 16.

Underleg nok var ikkje Thunberg slik ein fengslande figur når ho ikkje hadde eit manus å lese frå.

Ikkje mistenkjeleg i det heile.

Bilete som dette reiser spørsmålet om kven som skriv manusa til Thunberg og kven ho jobbar for. Kva er eigentleg agendaen hennar?

Det ser ut som om vi er i ferd med å finne det ut.

Sundag kveld [30.oktober 2022] tok Thunberg heilt av seg maska og bad om styrtinga av «heile det kapitalistiske systemet».

Det høyrest akkurat ut som noko henta frå hallane i Davos i Sveits. So merkeleg.

Thunberg kom med dei ekstremistiske kommentarane då ho dukka opp sundag kveld i Londons Royal Festival Hall for å promotere si nye «klimabok».

Nicholas Harris frå Unherd var der for å sjå Thunberg leggje fram sitt forskrudde manifest. Han skriv:

«Tidlegare selde ho seg sjølv som ei 150 centimeter høg menneskeleg alarmklokke, ei klimaets Kassandra. Rolla hennar var å åtvare, ikkje instruere: hennar mest virale augneblink involverte at ho skjelte ut politiske leiarar, ikkje at ho prøvde å erstatte dei. Ho strevde hardt med å unngå programmatisk detalj, og sa at noko slikt hadde «ingenting med meg å gjere». Men no, på scena og i denne boka, har ho funne sine politiske føter, spesifikt den venstreorienterte ideologien om antikapitalisme og veksthemming.

Spreidd blant dei vanlege direktiva om behovet for å leggje press på politiske leiarar, var bodskapen hennar meir radikalt og meir militant enn den har vore i fortida. Der finst ikkje noko «tilbake til normalen», fortalde ho oss. «Normal» var «systemet» som gav oss klimakrisa, eit system av «kolonialisme, imperialisme, undertrykking, folkemord», av «rasistisk, undertrykkjande ekstraksjonisme». Klimarettferd er del av all rettferd; du kan ikkje ha éin utan resten.»

Med maska av krev Thunberg den fullstendige tilinkjegjeringa av den vestlege halvkula for å «redde verda».

Dette burde ikkje kome som ei overrasking. Som vi tidlegare har dokumentert, er klimaendringsagendaen berre radikal venstreideologi kledd i eit meir smakfullt format.

Kongen av grøn energi, Bill Gates, vart til og med teken i å innrømme at klimaendringsagendaen er ein gedigen bløff for Den nye verdsordenen i ein nyleg oppdukka video der han skryter over at frasen «grøn energi» har «føkka opp hovuda til folk».

Ifølgje Gates, som snakka til eit publikum av sin indre sirkel i 2018, kan vindkraft, solkraft, batteriteknologi og andre fornybare energikjelder vere moteriktige, men dei er ikkje i stand til å løyse klimaendring.

Det er ikkje berre Gates og Thunberg. Med-grunnleggjaren av Extinction Rebellion og avleggjaren Just Stop Oil innrømte med sine eigne ord at rørsla hans «ikkje handlar om klimaet». Just Stop Oil driv for tida og forstyrrar sportsarrangement, øydelegg kunstverk og blokkerer vegar i London.

I 2019 avslørte Stuart Basden dei sanne måla til den venstreekstreme miljøhandlingsgruppa i ein lengre artikkel publisert på Medium.

Basden slo fast at kva enn slags klimaproblem som eksisterer, kan ikkje bli fiksa og at rørsla i staden burde fokusere på å rive ned heile systemet til vestleg kapitalisme (Kina, verdas største forureinar, er ikkje nemnt ein einaste gong).

Dette høyrest kjent ut, ikkje sant? Basden er definitivt på same sida som Thunberg og Gates.

Han påstod deretter at «europeisk sivilisasjon» har skulda for spreiing av «vondskap» og «vald» over kloden dei siste 600 åra, og for å føre «tortur, folkemord, blodbad og liding heilt til verdas ende».

Basden kom deretter med talrike «vrangførestillingar» som har skulda for denne situasjonen, inkludert «kvitt overherredømme», «patriarki» og «klassehierarki» (ei merkeleg ei, sidan dei fleste demonstrantane tilknytt Extinction Rebellion er overklassesnobbar som gjer lite anna enn å ubeleilige og skade arbeidarklassen).

«Vrangførestillingane til hetero-sexisme/hetero-normativitet spreier ideen om at heterofili er ‘normalt’ og at andre seksualitetsuttrykk er avvikande,» skriv Basden.

So der har du det, rett frå kjeften på hesten. Det handlar ikkje om klima, det handlar om å øydeleggje Vesten og erstatte alt den står for med ei marerittaktig, venstreekstrem, autoritær form for WEF-tilpassa totalitarisme.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s