Eit gammalt ordtak seier at alle ønskjer å leve evig, men ingen ønskjer å bli gamle. Faktisk er evig liv og evig aldring ein so horribel kombinasjon at det var gjenstand for ein myte i gresk mytologi. Tithonos var elskaren til Eos, gudinna for daggry. Der finst ulike variantar av denne myten, men den mest utbreidde går ut på at Eos bad sjefsguden Zevs om å gje Tithonos evig liv. Zevs gav ho dette ønsket, men med ein særs vondskapsfull vri som er eit av dei karakteristiske kjenneteikna ved greske gudar: Tithonos fekk evig liv, men ikkje evig ungdom. Han vart eldre og eldre, opplevde alderdommens plagar, men døden kom aldri. Eos plasserte han til slutt i eit rom der ingen kunne sjå hans forfall eller høyre hans senile babbel. I våre dagar er dette eit godt bilete på at slekt og familie til slutt sender sine kjære av garde til sjukeheimar når dei blir for skrøpelege mentalt og fysisk. Klart, i motsetnad til Tithonos, møter moderne sjukeheimspasientar ein rask og sikker død…
Evig liv må alltid kombinerast med evig ungdom, for kven ønskjer å vere gammal, skrøpeleg og senil i all æve? Ifølgje Jerusalem Post er evig ungdom no innanfor moglegheitas grenser, iallfall om ein skal tru på doktor Andy Baxevanis ved National Human Genome Research Institute (NHGRI) i USA. Der har dei forska på korleis enkelte artar har evna til fullstendig regenerering, deriblant det manet-liknande havdyret Hydractinia symbiolongicarpus. Arten her evna til å gjendanne heile kroppen frå celler som er lokalisert i munnen. Forskarar har sekvensert delar av RNA-et til arten, meir spesifikt den delen av RNA-et som er relatert til genetisk aldring.
Menneske har evna til å regenerere i somme situasjonar, til dømes når sår eller beinbrot gror. Levera har òg den temmeleg eineståande evna til å gjendanne seg, slik at dei som donerer fekk delar av levera si til andre, i løpet av ei viss tid gjendannar heile levera. Menneske kan derimot ikkje gjendanne heile organ eller kroppsdelar, medan meir enkle livsformer slik som nemnde Hydractinia har langt meir ekstreme gjendanningsevner.
Mekanismane bak aldring hjå menneske og andre artar har å gjere med kompliserte genetiske og cellerelaterte endringar. Sjølve prosessen er kjent som senescens, det latinske ordet som har gjeve opphavet til orda senil og senior. På eit eller anna tidspunkt får cellene beskjed frå genane om å ikkje lenger fornye seg, slik at kronisk betennelse etter kvart oppstår i cellene. Denne tilstanden fører til celledød, apoptose, og til slutt biologisk død. Over store delar av vaksenlivet misser mennesket gradvis evna til å gjendanne celler, og å kome seg etter sjukdom. Livet tærer på organismen heilt til organismen ikkje lenger klarer meir. Alderdom og død blir då eit uunngåeleg endepunkt.
Det som skil menneske frå Hydractinia, er at organismen ser ut til å ha evna til å fjerne sokalla senescente celler frå munnen, medan menneske ikkje kan eliminere slike senescente celler so lett.
Ein annan art som er endå meir ekstrem, er Torritopsis dohrnii, som er rekna som biologisk udødeleg. Dei har den særs sjeldne evna til å gå tilbake til eit tidlegare stadium i livsløpet, det sokalla «kolonistadiet». Dersom denne arten blir gammal eller sjuk, kan den då vende tilbake til nemnde stadium. Prosessen blir kalla transdifferensiering, som enkelt forklart er at celler med ulike oppgåver går tilbake til å fungere som stamceller. Stamceller er celler som enno ikkje har fått tildelt ei rolle, dei har enno ikkje blitt differensierte. Denne re-differensieringa er tilsynelatande i strid med biologiske lover, men finn stad likevel.
Dersom det skulle bli utvikla ei pille mot alderdom, vil dette skape eit retorisk paradoks, iallfall overfor eliten, som meir enn antydar at dei har tenkt å utrydde «gamle og ubrukelege». Dei ønskjer vesentleg reduksjon av verdas befolkning, slik at dei kan få alle ressursane for seg sjølve. Viss ingen blir gamle, vil det ikkje lenger finne stad denne naturlege utskiftinga av gamle og sjuke medlemmer av arten. Då vil død av ulykker eller forsettleg påført skade vere einaste måten å «luke ut» dei som eliten meiner ikkje tener føremålet deira. Og kva vil skje med sjukeheimar dersom alderdom plutseleg forsvinn frå reknestykket? Geriatri som fagfelt vil bli vekke over natta, og alle sjukepleiarane og helsefagarbeidarane vil måtte finne seg nye yrke.
Alt tydar difor på at eliten frenetisk vil prøve å motarbeide forsking på ein kur mot alderdom, akkurat som dei i største desperasjon prøver å motarbeide forsking på og utvikling av fri energi.
Med mindre dei har interesse av å avskaffe alderdom for å bli kvitt ei diger økonomisk bør for verdsøkonomien. Dersom ingen blir gamle, vil arbeidskrafta deira kunne utnyttast i all æve, eller heilt til dei gjer ein feil som gjev eliten «rett» til å ta livet av dei gjennom det dei vil kalle «eutanasi». Meir om dette i eit anna essay.
