Det nye, barbariske verdssystemet ønskjer fyrst og fremst å fjerne deg so fort du blir «ubrukeleg» i deira auge

Og det å bli vurdert som «ubrukeleg» blir berre lettare og lettare. Ikkje berre alderen speler inn.

I 1988 vart det spelt inn nokre kassettband der barnelegen Lawrence Dunegan kom med ein heil serie særs urovekkjande erindringar frå eit møte han og 80 andre barnelegar var til stade på i Pittsburgh 20.mars 1969. Professor i pediatri ved Mount Sinai School of Medicine i New York, Richard L. Day, heldt eit føredrag der han kom med informasjon om sosiale endringar som skulle innførast i framtida. Grunnen til at han fortalde dette, var ifølgje han sjølv at alt hadde blitt sett i gang, og at ingen kunne stoppe dei. Under møtet var det notat- og opptaksforbod, men dr. Dunegan noterte ned i skjul det dr. Day sa – på serviettar og diverse anna småpapir. Fyrst i 1988 våga dr. Dunegan å offentleggjere det som vart formidla på møtet, like før dr. Day døydde i 1989.

Lydbanda vart transkriberte og gjevne ut under tittelen The New Order of the Barbarians. Eit glimrande samandrag av verket er å finne i Nyhetsspeilet sin artikkel «Ødelegg kjernefamilien», som vart publisert på nettstaden 9.september 2022. Saksyndig har tilgang til ein lokal kopi av verket, og har studert det i lengre tid. Nettopp å øydeleggje den tradisjonelle familien og gjere folk rotlause og einsame, er ein sentral del av denne konspirasjonen frå eliten. Alt handlar om å redusere verdas befolkning, for eliten har fått det føre seg at det bur «for mange» menneske på Jorda.

Å øydeleggje den tradisjonelle familiestrukturen er berre éin av måtane å redusere befolkninga på, skal ein følgje den interne logikken til eliten. I eit samfunn der foreldrerolla er i oppløysing, og barn veks opp utan skikkelege mors- eller farsfigurar, er det mindre sjanse for at den oppveksande generasjonen har lyst – eller evne – til å få eigne ungar. Ikkje-heterofile legningar har ikkje berre blitt avkriminaliserte og godtekne i samfunnet; dei blir nærast oppmuntra til sjølv blant dei som i utgangspunktet er heterofile. Det blir «kult» og «in» å vere homo, til dømes. Same kor mykje likekjønna parforhold er eit symbol på ei meir tolerant tid (iallfall toleranse overfor dei «skeive»!), er det eit biologisk faktum at det må ein mann og ei dame til for å lage ein unge. Og transseksualitet og kjønnskorrigerande behandling er definitivt sikraste vegen til infertilitet, kan ein trygt seie – eller kor «trygt» kan ein eigentleg seie det i våre dagar? Den seksuelle revolusjonen opna ikkje berre dørene slik at seksualiteten kunne sleppe ut frå den private sfære – no er den å finne overalt i samfunnet, og sjølv dei minste barna blir no eksponert for til dømes LGBT-kulturen.

Å gje folk mindre lyst – eller verre, mindre evne – til å få barn, er del av den vondsinna planen som dr. Day presenterte i 1969. Då blir problemet løyst allereie ved rota, at det blir fødd mindre menneske. Men det åleine er ikkje nok til å redusere befolkninga til det nivået som eliten rissa inn i Georgia Guidestones-monumentet. Eit folketal på 7,5 milliardar kan ikkje reduserast til 500 millionar berre ved å minke talet menneske som blir fødd. Dei som allereie er i live, må òg fjernast. Der kjem dei kraftigaste verktøya i arsenalet til disposisjon. Pandemiar – fabrikkerte og reelle. Krigar – som i stor grad anten er provoserte fram og/eller avtalt. Mangel på mat og energi – som kan vere forårsaka av politiske avgjerder etter instruksar frå eliten. Hersk og splitt – å setje ulike grupper i befolkninga opp mot kvarandre.

I andre enden av skalaen finn vi agendaen som har hovudfokus i denne meiningsartikkelen, nemleg korleis eliten ønskjer å fjerne alle over ein viss alder. Eldrebølgja skal fyrst og fremst reduserast til ei vag krusning på vassoverflata. Terskelen for når du blir «gammal» ser ut til å bli lågare og lågare for kvart år som går. Eliten vil ikkje at dei eldre skal belaste samfunnet meir enn høgst, ytst naudsynt, fordi dei meiner at alle over ein viss alder er dyre i drift, ressurskrevjande og utan nytte fordi dei ikkje lenger kan bidra til samfunnet.

Eit eige avsnitt i Dunegans gjengjeving av Day sine ord har tittelen Euthanasia and the «demise pill», som best kan omsetjast til «eutanasi og ‘bortgangspilla’». Eg omset eit sitat frå teksten, som nok vil få lesaren til å grøsse seg i avsky og vantru:  

«Alle har berre rett til å leve so og so lenge. Dei eldre er ikkje lenger til nytte. Dei blir ei bør. De burde førebu dykk på å akseptere døden. Dei fleste gjer det. Ei vilkårleg aldersgrense burde bli etablert. Trass alt, har de berre rett til so og so mange kotelett-middagar, orgasmar og andre nytingar i livet. Og etter de har fått dykkar del av dei og ikkje lenger er produktive, arbeidande og bidreg, so burde de vere klare til å gå til side for den neste generasjonen.»

Legg merke til at etter at Dunegan/Day seier at dei eldre er ubrukelege og ei bør, so går han over til å henvende seg direkte til dei. «No har de jaggu meg levd lenge nok, no skal de døy!» kunne han like gjerne ha sagt. Dette er synet eliten har på dei eldre, og andre som ikkje greier å bidra til samfunnet. Merk at denne karakteristikken like gjerne kan brukast på andre «uproduktive» målgrupper òg, slik som handikappa, psykisk sjuke eller psykisk utviklingshemma. Dei som ikkje bidreg til samfunnet, må dermed fjernast. Dette er ei vidareføring av eugenikken som mellom anna nazistane vart berykta for. Det ser ut til at deira verdssyn ikkje vart utrydda etter Nürnberg-oppgjeret – og det er heller ikkje rart, sidan USA og CIA under Operasjon Paperclip hjelpte mange av nazistane over til Amerika, der dei var til stor hjelp i blant anna romfartsprogrammet.

Vidare skriv han:

«Nokre ting som kan hjelpe menneske til å innsjå at dei har levd lenge nok, han [dr. Day] nemnde fleire av desse… Eg hugsar ikkje alle saman… her er nokre få: Bruk av svært bleikt blekk på skjema som folk… som det er naudsynt å fylle ut, slik at eldre ikkje vil vere i stand til å lese den bleike skrifta og vil måtte få hjelp av yngre menneske.»

Dette var før PC-ar og lenge, lenge før smarttelefonar. Planen deira ser ut til å ha lykkast. Skrifta på spesielt smarttelefonar er ofte so lita at det sjølv for relativt unge menneske er anstrengande for auga å lese lenge på ein mobilskjerm i slengen. Skrifta kan riktig nok justerast, men då har ein samstundes ulempa at ein må bla meir over skjermen. Moderne tekniske apparat slik som PC-ar og TV-ar er so innvikla å bruke at eldre ikkje har sjanse til å lære seg det. Dersom eg, som enno ikkje har fylt 40, møter ein ukjent TV, må eg som regel sjå i brukarrettleiinga korleis ein bruker den (og brukarrettleiinga må eg laste ned frå Internett!). TV-ar er ikkje lenger intuitive å bruke, og når ein trykkjer på «på-knappen», tek det lang tid før det skjer noko. Ein eldre person vil feilaktig tru at TV-en ikkje verkar.

Og når TV-en fyrst kjem på… Eg er nok ikkje den einaste som har lagt merke til at dialogen i moderne filmar og seriar ikkje er so tydeleg som på eldre innspelingar. Folk mumlar meir, og snakkar fort og utydeleg. Teksting for hørselshemma er ikkje lenger ei sjølvfølgje, og det å i det heile teke få tilgang til teksting, krev tekniske ferdigheiter langt over det eldre er forventa å kunne meistre. All digitaliseringa av tenester fører òg til at dei som ikkje er datakyndige fell av lasset. Ein eldre person som ikkje evnar å bruke ei datamaskin eller ein smarttelefon, må i praksis skaffe seg hjelpeverje for å betale rekningar og bestille timar til lege. Dette er ikkje berre den teknologiske utviklinga som går for fort, eller vi yngre som ikkje gidd å lære dei eldre opp i bruken av tekniske apparat – dette har dei gjort med vilje.

Som Nyhetsspeilet skriv so treffande (mi utheving): «Livet skulle gjøres vanskeligere og mer forvirrende for de eldre, slik at de skulle oppleve seg som overflødige og frivillig la seg avlive

So kjem der noko interessant, som fører oss over til tanken om at det kanskje ikkje berre er dei eldre som skal gjerast «ubrukelege»:

«Biltrafikk-mønster – der vil vere fleire høghastigheitsfelt… trafikkmønster som vil… som eldre med sine seinare refleksar vil ha vanskar med å handtere og dermed misse noko av uavhengigheita si.»

Vegar og bilar er langt tryggare i dag enn på 1960-talet; skilting og vegsystem har aldri vore meir logiske. Samstundes har terskelen for å bli fråteken førarkortet blitt mykje lågare i seinare år. Ikkje berre i Dunegan og Day sitt heimland USA. Som ein nyleg artikkel i bilbladet Motor skriv, har Noreg ei «unikt streng tolkning av et EU-direktiv» relatert mellom anna til sokalla «synsfeltutfall» hjå sjåførar. Det kan sjå ut til at folk over ein viss alder, sjølv dei som på grunn av redusert syn har hatt dispensasjon i mange år, no plutseleg misser førarkortet. Personane som Motor skriv om, er høvesvis 60 og 74 år gamle.

Å misse førarkortet tydar for dei aller fleste eit stort inngrep i den personlege rørslefridommen, og kan føre til at dei må flytte til meir sentrale strok, der dei blir avhengige av kollektivtransport og til slutt drosje, før dei hamnar i omsorgsbustad og deretter på sjukeheim. Å misse retten til å køyre bil er dermed byrjinga på slutten, og kroken på døra for livet deira slik dei kjende det. Noreg er elles kjent for å ha langt strengare sanksjonar mot brot på trafikklovene enn dei fleste andre land, og det kostar mykje meir å ta førarkort og kjøpe bil enn i mange andre land. Kort sagt, her i landet er lappen vanskeleg å ta, men lett å misse. Offisielt er dette gjort for å betre trafikktryggleiken i samsvar med visjonen om null trafikkdrepne ved å fjerne farlege sjåførar – men eg har mistanke om at det eigentleg handlar om å ta frå folk den openberre uavhengigheita det er å kunne køyre sin eigen bil.

Det å misse førarkortet er forresten ikkje berre noko som kan råke eldre. Eg kjenner personleg til ein mann langt yngre enn meg sjølv som etter ein tur på ein søvnklinikk vart fråteken førarkortet. Legen diagnostiserte søvnapné (periodar med pustestopp), og mannen fekk ikkje tilbake førarkortet før han hadde skaffa seg ei sokalla CPAP-maskin. Logikken var at han på grunn av dårleg søvnkvalitet vart vurdert som ein fare bak rattet (!), og at ei slik maskin ville gje han den djupe søvnen han trong for å vere utkvilt. Via det offentlege tok det ifølgje han fleire månader å få dette apparatet til låns, og i mellomtida kunne han ikkje køyre bil. Heldigvis var han ikkje avhengig av bil i jobbsamanheng, men dette kunne like gjerne ha skjedd med nokon som var det – då hadde det sett mørkt ut for arbeidsforholdet. I periodar fokuserer hovudstraumsmedia særs mykje på søvn, og at folk som søv «dårleg» har større risiko for tidleg død, eller alvorlege sjukdommar. Sjansen er difor stor for at enkelte lettskremde (og lettlurte!) går til fastlegen, forklarer at dei søv dårleg, blir henvist til søvnekspertar – og vips, so er lappen vekke! Her er all grunn til å vere på vakt, for ein viktig del av eliten sin agenda er nemleg òg å gjere so mange som mogleg «ubrukelege», «unyttige» og «ein utgiftspost» for det offentlege. CPAP-maskiner er relativt dyre, og denne unge mannen har med dette gjort seg avhengig av Staten langt tidlegare enn naudsynt – sjølv om dei riktig nok heldt førarkortet hans som «gissel» for å motivere han til å late dei låne han ei CPAP-maskin!

For å ta ei oppsummering, er det eliten sitt mål å lage samfunnet so forvirrande, kaotisk og uoversiktleg som mogleg, med konstante endringar, innfløkt lovverk og stadige store sprang innan teknologi. Alderen der du fell av lasset vil uunngåeleg bli lågare etter kvart som denne hyperutviklinga og hyperkompliseringa held fram. Dei som til slutt fell av lasset blir rekna som «gamle», og med det følgjer dei andre adjektiva «ubrukeleg» og «unyttig». I dette nye, barbariske verdssystemet vil det ikkje vere plass til slike – og difor må ikkje eit slikt samfunn oppstå under nokon omstende.

2 comments

  1. Masse ros for denne viktige artikkelen, Saksyndig!!

    «Hamsterhjulet» gikk vel av akslinga allerede for 20 – 30 år siden etter min mening og erfaring. Det kan vel ikke være noen tvil om at dette styres fra «noen», som ikke vil befolkningen(e) godt!?

    Samfunnet virker å være både bevisst og planlagt gjort forvirrende og kaotisk, for å få folk til å «tørne». All teknologi som «overlapper» hverandre flere ganger nærmest og som liksom skulle være et hjelpemiddel, har for lengst blitt en enorm stressfaktor og i mine øyne en forbannelse. Og for ikke å snakke om overvåkningen som jeg tror har vært en plan helt fra begynnelsen, skjult bak alle fristelsene som teknologien også har ført med seg.
    Man har gjennom de siste tiårene blitt tvunget til å forholde seg til all denne teknologien ellers kan en bare ha det så godt.

    Bare for å ta eksemplet med åpne kontorlandskap og «åpne løsninger» i f.eks banker og postkontorer (før de ble lagt ned en etter en). Der blir man stående og utlevere private ting som økonomi og helse mens andre i køen eller i kontorlandskapet rundt hører på. Faen meg helt nøtt!!

    Alle sånne helt fullstendig meningsløse ting har kommet til og blitt tvunget igjennom de senere tiårene, stikk i strid med både fornuft, logikk og menneskelige hensyn.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s