Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.
Der bur no 84 millionar menneske i Tyskland, ifølgje Det tyske føderale kontoret for statistikk. Dette har ingenting med fødselsraten å gjere, sidan den er i tilbakegang. I staden har talet ukrainarar som søkjer opphald i Tyskland fått befolkninga til å auke med 750 000 no i år.
Befolkninga i Tyskland voks med 0,1% eller 82 000 i 2021. I 2022 har befolkninga allereie auka med 1% eller 843 000 menneske. Tyskland har ikkje opplevd slik ei diger tilstrøyming av flyktningar sidan 2015, då Angela Merkel ønskte alle syrarar velkomne i landet. Nesten ein million menneske kom inn i Tyskland i 2015, og dei fleste flykta frå krigen i Midt-Austen. Det viste seg å vere ein katastrofe sidan Tyskland ikkje hadde midlane til å ta seg av alle dei nyankomne, og kulturane integrerte seg ikkje godt.
Det er usannsynleg at Tyskland vil sjå ei like stor tilstrøyming sidan andre europeiske nasjonar opnar grensene sine for ukrainarar. Polen har allereie late 6,56 millionar ukrainarar krysse grensa. Likevel har Polen rapportert at fleire titals tusen ukrainarar som flykta, no vender tilbake. Dei som vender tilbake er sannsynlegvis unge menn som ønskjer å slåst. Tyskland rapporterte at mesteparten av dei nye flyktningane er kvinner (501 000) i tillegg.
Den kulturelle integreringa er enklare samanlikna med flyktningkrisa i 2015, men har desse europeiske nasjonane infrastrukturen og dei finansielle midla til å støtte so mange ekstra menneske? Dei som flykta frå Syria hadde ingenting å vende tilbake til, sidan nasjonen deira ikkje mottok endelaust med pengar frå Vesten. På den andre sida kjem ukrainarar som flykta sannsynlegvis vil å vende tilbake so fort krigen er over. Spørsmålet blir når kan eg vende tilbake, sidan alt indikerer at denne krigen nett so vidt har starta.