Av Jim Hoft, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.
President Trump saksøkte CNN på måndag [3.oktober 2022] for ærekrenking. Den republikanske presidenten vil ha 475 millionar dollar i erstatning.
CNN førde an mediemobben i sine grunnlause skuldingar om at kandidat og president Trump jobba for Putin og Russland.
Skuldingane viste seg seinare å vere basert på forsøk frå Hillary Clinton-kampanjen på å sverte Donald Trump.
The Stasi-liknande FBI førde eit kuppforsøk mot Trump der dei visste at skuldingane om banda hans til Russland var falske.
Bloomberg rapporterte:
«Tidlegare president Donald Trump saksøkte CNN for ærekrenking, og påstod at kabel-TV-nettverket har eskalert ein kampanje av sladder og vondsinna rykte mot han nyleg, fordi dei fryktar at han vil stille som presidentkandidat i 2024.
CNN har prøvd å sverte Trump «med ein serie av stadig meir skandaløse, falske og ærekrenkande skildringar slik som ‘rasist’, ‘russisk lakei’, ‘opprørar’ og til slutt ‘Hitler’», sa advokaten til den tidlegare presidenten i begjæringa som vart levert inn måndag i den føderale retten i Fort Lauderdale i delstaten Florida.
Trump vil ha minst 475 millionar dollar i erstatning, ifølgje begjæringa.»