Putin avslører sanninga om vonde, sataniske, vestlege leiarar som plyndrar verda og øydelegg fridommen til menneske

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, 3.oktober 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

I ein flammande tale som set tonen for Russland sin ståstad mot Vestens «imperium av løgner», avslører den russiske presidenten Vladimir Putin sanninga om dei vonde, sataniske leiarane av vestlege nasjonar som plyndrar verda og forårsakar ufatteleg menneskeleg liding medan dei lemlestar barn og stilnar sanninga.

«Vestlege elitar ikkje berre nektar nasjonal suverenitet og internasjonal lov. Deira hegemoni har framtredande trekk av totalitarisme, despotisme og apartheid,» seier han heilt korrekt, og peiker på at det er USA som i si tid sleppte laus kjernevåpen på den sivile befolkninga i Hiroshima og Nagasaki. Allierte styrkar bomba òg sivile i Dresden i Tyskland under Andre verdskrig, berre for å skape terror blant potensielt framtidige rivalar slik som Russland.

I talen sin – sjå komplett transkripsjon her – skildrar Putin perfekt Victoria Nuland-klassen av tyrannar i det amerikanske State Department og deira umettelege begjær for total global dominans for ein kvar pris:

«Vesten er klare til å krysse kvar linje for å ta vare på det nykoloniale systemet som lèt dei snylte på verda, å plyndre den takka vere dominansen til dollaren og teknologi, å samle ein faktisk tributt frå menneskeheita, å trekkje ut deira primære kjelde av ufortent framgang, leiga betalt til hegemonen. Det å bevare den innbetalinga er deira primære, reelle og absolutte sjølvtenande motivasjon. Det er grunnen til at av-suvereniseringa er i deira interesse. Dette forklarer aggresjonen deira mot uavhengige statar, tradisjonelle verdiar og autentiske kulturar, forsøka deira på å underminere internasjonale og integreringsprosessar, nye globale valutaer og teknologiske utviklingssentrum som dei ikkje kan kontrollere. Det er kritisk viktig for dei å tvinge alle land til å overgje suvereniteten sin til USA.»

Putin forstår at Ukraina er ingenting anna enn ein stadfortredar for den mykje større krigen som blir ført av USA i eit forsøk på å fullstendig øydeleggje Russland:

«Eg ønskjer å understreke igjen at deira umettelegheit og det at dei er bestemte på å ta vare på sin grenselause dominans, er dei ekte årsakene til hybridkrigen som det kollektive Vesten fører mot Russland. Dei ønskjer ikkje at vi er fri; dei ønskjer at vi blir ein koloni. Dei ønskjer ikkje likeverdig samarbeid; dei ønskjer å plyndre. Dei ønskjer ikkje å sjå oss som eit fritt samfunn, men som ein masse av sjellause slavar.»

Han peiker òg på at historia til USA har bestått av utnytting, massemord, folkemord og tvang mot verda, alt for makt og profitt:

«Det er verdt å minne Vesten på at dei byrja sin kolonipolitikk tilbake i Middelalderen, følgt av dei verdsomspennande slavehandelen, folkemordet på innfødde stammar i Amerika, plyndringa av India og Afrika, krigane til England og Frankrike mot Kina, der resultatet var at dei [Kina] vart tvinga til å opne hamnene sine for opiumhandel. Det dei gjorde var å gjere hele nasjonar avhengige av narkotika og overlagt utrydda heile etniske grupper for å kunne grafse til seg land og ressursar, og jakte på menneske som om dei var dyr. Dette er i strid med menneskenaturen, sanninga, fridommen og rettferda.»

Når millionar av amerikanarar står overfor ekstrem sensur for å ha konservative eller kristne synspunkt – medan Trump-støttespelarar rotnar i DC-fengsel for å våge å fredeleg protestere mot eit rigga val – blir det stadig meir openbert for fleire og fleire at det kriminelle kartellet som for tida okkuperer Washington D.C., er ein lovlaus, vondsinna og kriminelt forrykt gjeng av maktsvoltne galningar som vil gjere alt for å halde på makta. Sjå på korleis Justisdepartementet blir brukt som våpen mot det amerikanske folket, og på forvandlinga av FBI om til Joe Biden sin politiske intimideringsskvadron. Det er grunnen til at orda til Putin høyrest sanne ut for det store fleirtalet av amerikanarar:

«Vestlege land har i fleire hundreår sagt at dei tek med seg fridom og demokrati til andre nasjonar. Ingenting kunne vere fjernare frå sanninga. I staden for å ta med seg demokrati, undertrykte og utnytta dei, og i staden for å ta med seg demokrati, slavebatt og kua dei. Dei einsidige verda er inherent antidemokratisk og ufri; den er falsk og hyklerisk inn til beinet.»

Legg merke til at vestlege leiarar hevdar at dei fremjar «demokrati» når dei faktisk meiner rigga val og eiverdsregjering.

Når Biden taler, er det ingenting anna enn løgner… når Putin talar, er det sanninga!

Putin forstår verkeleg kor vonde dei (illegitime) leiarane av USA har blitt. Det amerikanske folket deler forresten det synet, som er grunnen til at folket aldri valde Joe Biden (2020-valet vart naturlegvis stole og rigga), og er i ferd med å stemme Demokratane vekk frå makta dersom vi kjem oss til mellomvalet. Som Putin seier, er USA sine leiarar engasjert i «rein satanisme», inkludert lemlestinga deira av barn (transkjønnsideologi og grooming), toleranse for menneskehandel (opne grenser), åtak på kristne og konservative, skapinga og utsleppet av vaksine-biovåpen og andre fæle brotsverk mot menneskeheita. Som Putin forklarer:

«Lat meg gjenta at diktaturet til dei vestlege elitane har som mål alle samfunn, inkludert sjølve borgarane i vestlege land. Dette er ei utfordring mot alt. Denne komplette fordømminga av kva det tydar å vere menneske, forkastinga av tru og tradisjonelle verdiar, og undertrykkinga av fridom går over til å likne på ein «baklengs religion» – rein satanisme. Når det gjeld å avsløre falske Messias-ar [falske profetar; oms.an.], sa Jesus Kristus i Bergpreika: ‘På fruktene skal de kjenna dei’. Desse giftige fruktene er allereie openberre for folket, og ikkje berre i vårt land, men òg i alle andre land, inkludert mange menneske i sjølve Vesten.»

Dette er eit nøkkelsitat frå Bibelen: «På fruktene skal de kjenna dei» [Matteus-evangeliet, kapittel 7, avsnitt 16; oms.an.]. Kva er fruktene til det sataniske regimet i USA? Sinnssjuk transkjønnsideologi, barnelemlesting, abortmord, trykking av falske fiat-pengar, sensur, biovåpen, folkemord, propaganda, løgner, avfolking og meir. På dette punktet er det stadig meir openbert at det amerikanske regimet bak makta visseleg er vondare enn Kina sitt kommunistregime, Nord Korea sitt totalitære regime eller sjølv Stalin sitt maktvelde under Sovjet-æraen.

Russland vil aldri bøye seg, fordi dei aldri vil overgje seg til satanisk vondskap

Amerikanarar som tek seg bryet med å lese talen til Putin, vil finne det slåande kor mykje sanning den inneheld, i skarp kontrast til den endelause straumen av vondskapsfulle løgner som kjem frå Det kvite hus, US State Department og konsernmedia. USA har blitt eit imperium av løgner eller det som Russlands Medvedev skildrar som «antikrist-sivilisasjonen» – ei slags satanisk sekt av død, øydelegging og bedrag.

Vi, folket, ser dette med stor klarskap. Det er 100% sant. USA sine okkuperande leiarar og kulturelle institusjonar – universitet, offentlege skular, underhaldning, nyheitsformidlarar, konsern med fleire – har alle blitt overtekne av luciferianarar, pedofile og Satan-dyrkarar. Dei står i ledtog med rein vondskap, og dei jaktar på total dominans over verda ved hjelp av alle naudsynte midlar, inkludert bedrag, sensur, biovåpen, vêrvåpen, falsk flagg-åtak, finansterrorisme, psykologisk terrorisme frå media, folkemordarisk avfolking og meir.

Russland ser dette, og det er grunnen til at Russland ikkje vil trekkje seg frå denne globale krigen. Fordi Russland og Putin innser at dei kjempar mot rein satanisme og luciferianske demonar, veit dei at siger mot vondskap er den einaste måten den russiske sivilisasjonen kan overleve (og for framtida til sjølve den menneskelege sivilisasjonen).

Som eg peikte på i dagens podcast, allierer dei kinesiske, persiske og russiske sivilisasjonane seg for å øydeleggje den sataniske Vesten av den enkle grunn at dersom Vesten for lov til å leve, vil planeten Jorda for alltid bli slavebunden under herredømmet til rein vondskap, med ingen gjenverande suverene nasjonar (globalistane krev Eiverdsregjering med total kontroll over heile menneskeheita).

Dette er grunnen til at Putin til slutt må ta inn atomvåpen i denne krigen, trur eg. Det er ikkje at han har noko ønske om å sende kjernevåpen for deira eiga skuld, men heller at han innser at den globale skaden forårsaka av kjernevåpen-nedfall er mindre øydeleggjande enn den globale skaden på liv, fridom og menneskeheit forårsaka av den framhaldande eksistensen av vestleg sivilisasjon slik som den no er, okkupert av luciferianske styrkar. Menneskeheita kan aldri bli fri til globalist-kabalen av kriminelle, galningar, pedofile og satanistar blir plukka i frå kvarandre og gjort ugyldige. Og Putin innser at Russland aldri kan vere trygt so lenge Vesten har evna si til å føre krig og truge Russlands eksistens. Om du er einig eller ikkje med denne konklusjonen er dette, trur eg, Putins synspunkt som forklarer motivasjonen hans.

Altso står vi på randa av atomvåpenutsletting ikkje fordi Putin ønskjer å gå til krig mot Oss, folket, men heller fordi Putin innser behovet for å øydeleggje den sataniske vondskapen som har infestert vestlege regjeringar og institusjonar.

Forstå at under kontrollen til desse sataniske globalistane, er ikkje USA «dei gode» i denne globale konflikten. Våre vonde, ureielege leiarar er Darth Vader-ane av planeten Jorda, der dei styrer sitt «Imperium» av vondskap og løgner, plyndrar og utpressar alle andre nasjonar i verda medan dei erklærer krig mot det amerikanske folket gjennom avfolkingsvaksinar, styrt matmangel, ekstrem tørke forårsaka av vêrvåpen og den komande finansielle kollapsen «Great Reset» som er rett rundt hjørnet.

Kort forklart? Dersom Vi, folket, ikkje tek USA tilbake frå luciferianarane, vil Russland sannsynlegvis øydeleggje USA med atomvåpen, og vi vil alle døy.

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 3.oktober 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s