Fortvilt personalgruppe ved symjebasseng i Berlin: «Arabiske og tsjetsjenske innvandrarar skit og pissar overalt, driv med møljeslagsmål og utfører seksuell trakassering!»

Om ein skal tru ReMix News, er eit symjebassenganlegg i Berlin so plaga av dårleg åtferd frå innvandrarar at fleire tilsette har blitt sjukemeldte på grunn av stress. Som ein konsekvens av denne personalmangelen er bassenganlegget no stengt ut veka. Tilsette ved anlegget sendte nyleg eit brev til Der Tagesspiegel («dagsspegelen») der dei klaga over gjerningsmenn som dei skildra som «hovudsakleg arabiske og tsjetsjenske innvandrarar», som visstnok skal utføre seksuell trakassering av kvinner, møljeslagsmål på området, i tillegg til å etterlate området i ein avskyeleg tilstand.

I ei melding sa det kommunale byrået som styrer anlegget følgjande (mi omsetjing): «Talet hendingar og åtferda til somme av badegjestene er ei ekstrem bør for våre særs pliktoppfyllande tilsette ved bassenga. Dette er ikkje berekraftig på lang sikt.»

Hardt pressa tilsette har no snakka ut om problemet, og har sagt til Der Tagesspiegel at dei har fått nok av det som har blitt eit stadig større problem. Som ein tilsett sa til avisa:

«Vi bad om hjelp, det blir snakka mykje om det, men ingenting skjer. Vi klarer ikkje meir.»

Deretter gjenhugsa tilsette samtalar med somme av desse ungdommane, der dei vart fortalde av ungdommane at dei fortente å «bli spytta på og banka opp». Trugslane og den dårlege åtferda skal ifølgje dei tilsette kome primært frå arabarar og tsjetsjenarar. Situasjonen har ifølgje dei tilsette no blitt umogleg å handtere. Dei hevdar at fordi desse ungdommane dannar «flokkar», er det knapt mogleg å registrere og handheve nekting av personane.

For å føre skam til skade, driv desse pøblane og skit og pissar i busker, på veggar og rundt sanitærområde (bad og dusjar). Brevet avslører at avføring har blitt funne alle desse stadene, og til og med klint rundt om på desse fasilitetane.

No har dei tilsette fått nok, og krev at politiet er fast til stade på området. I tillegg skal billettar berre seljast til barnefamiliar, og alle billettar skal ha namn på seg slik at gjerningsmennene lett kan identifiserast og utestengjast ved brot på ordensreglane.

Brevet har fått merksemd frå politikarar. Den føderale innanriksministeren Nancy Faeser har reagert på brevet og seier at ho støttar fast tilstadevering av politiet ved «problembasseng» i Tyskland. Derimot gjer Henning Hoffgaard narr av ministeren i ein meiningsartikkel i avisa Junge Freiheit («ung fridom»): «Den same innanriksministeren som tykkjer grensekontrollar er djevelens verk ønskjer no politikontrollar på eigedommane til offentlege basseng. Kjem ho sjølv til å leggje merke til denne sjølvmotseiinga? Truleg ikkje.»

Partiet Alternative für Deutschland (AfD), som får stadig meir popularitet ifølgje spørjeundersøkingar, la skulda på den føderale regjeringa, som i lengre tid har praktisert opne grenser og lagt til rette for masseinnvandring. No betaler vanlege tyskarar prisen. Som AfD-politikaren Thorsten Weiß skriv på Twitter:

«På 90-talet, då eg var tenåring, kunne eg fare til symjebassenget i Berlin fullstendig trygg og avslappa. I dag driv arabiske menn og slæst der og praktiserer kolonisering. Løysinga er ikkje meir politi; desse folka må kome seg ut av symjebassenga og ut av Tyskland!»

Ronald Glaeser, som er leiar av AfD si parlamentsgruppe i statsparlamentet i Berlin, seier at manglande vern av grensene vil føre til stengde utandørsbasseng seinare. Han reknar dette som ein logisk konsekvens av ulovleg masseinnvandring til Tyskland, og at ein no treng eit vendepunkt for opne grenser.

Dette er berre nok eit døme på at «berikelsen» gjer stor skade på vertslanda som dei – med godkjenning frå høgste hald – invaderer og tek seg til rette i.

Kommenter innlegget