Biletet er KI-generert.
Ein spegel er gjenstandar ein finn i dei fleste heimar og offentlege bygningar. Ingen tenkjer særleg mykje over dette fenomenet når dei pussar tennene, børstar håret, barberer seg eller sminkar seg. For dei aller fleste folk er ein spegel berre ei glasflate som reflekterer, slik at ein kan sjå seg sjølv. Og det er barnelærdom for dei aller fleste at speglar spegelvender alt som stiller seg framfor dei.
Ein spegel er derimot meir enn berre ei reflekterande glasflate. Stiller ein to speglar opp mot kvarandre, får ein eit glimt av sjølve æva. Speglar som speglar kvarandre, dannar ein endelaus «korridor» som til slutt forsvinn i ingenting. Enkelte meiner ein kan få eit glimt av parallelle univers der i det fjerne. Og sokalla spegelrom har ein desorienterande og urovekkjande effekt på mange. Helten og skurken i mange filmar jaktar til dømes på kvarandre i eit spegelrom, for i eit rom med speglar frå golv til tak, korleis kan ein skilje spegelbilete frå ekte vesen? Enkelte spegelrom har innført streng tidsgrense, for eit lengre opphald i eit slikt rom kan til slutt føre til forvirring rundt kor eins eigen kropp sluttar og spegelbileta tek over. Spegelpsykose eller spegelgalskap var ein reell psykiatrisk diagnose i gamle dagar.
Tenkjer ein over sjølve konseptet spegelvending, trur alle at høgre og venstre blir bytt om. Dette stemmer ikkje. Ein spegel fungerer i prinsippet som din eigen skugge. Din eigen skugge, prosjektert på bakken framfor deg når du har sola i ryggen, viser i røynda baksida av kroppen din. Difor bevegar skuggen på venstre arm når du bevegar på høgre hand. Sameleis fungerer ein spegel. Fordi spegelen reflekterer framsida av kroppen sin, gjev den deg illusjonen av å møte eit anna menneske. Men det er altso bak og fram som er snudd om, ikkje høgre og venstre. Spørsmålet eg i farten stiller meg, er om dette òg gjeld tekst. Er det i røynda baksida av bokstavane ein ser?
Speglar er forbundne med det som moderne vitskap kallar overtru. Ein skal aldri plassere to speglar ved sida av kvarandre, og helst ikkje framfor ytterdører. Å sjå inn i ein spegel i eit mørkt rom over lengre tid kan gje nifse hallusinasjonar. I gamle dagar, og då meiner eg den førindustrielle æraen, dekte alle til speglane i heimen sin ved solnedgang. Det innebar nemleg stor fare å sjå inn i ein spegel etter mørkets frambrot. Då kunne ein gjerne risikere å sjå andre vesen enn berre sitt eige spegelbilete, og desse vesena hadde ikkje alltid gode føremål.
Ein del av den sokalla overtrua gjekk ut på at sjela kunne bli fanga i ein spegel. Difor dekte ein til speglar i huset når ein person nettopp hadde døydd. Dersom dette ikkje vart gjort, kunne ein risikere at sjela såg sitt eige spegelbilete, vart forvirra og ved eit uhell gjekk inn i spegelen. Enkelte trudde at sjela òg gradvis kunne fangast i spegelen medan ein var i live. Difor innebar det sju års ulykke om ein knuste ein spegel, fordi ein då «knuste» delar av sjela si.
I renessansen vart speglar – som alle andre objekt av glas – handlaga. Dette kravde stor presisjon og mange års erfaring, for ikkje berre måtte overflata vere perfekt (noko som er ei teknologisk utfordring sjølv i dag), men baksida måtte ha den akkurat riktige blandinga av metall. Som Einar Lysjord skriv i ein artikkel publisert på nettsida Forbudt Kunnskap 20.februar 2026:
«De store speilene fra renessansen var teknologiske bragder. Glassflater på flere kvadratmeter – uten forvrengning. For å få det til måtte glasset støpes eller blåses, kuttes, varmes opp igjen, flates ut og poleres for hånd – i måneder.
Et avvik på brøkdeler av en millimeter kunne ødelegge refleksjonen. Likevel finnes det speil fra 1400- og 1500-tallet som holder en planhet som selv moderne produsenter omtaler med respekt. […]
Så kommer baksiden – amalgamet.
Kvikksølv, sølv og andre metaller ble lagt bak glasset i nøyaktige forhold. For mye kvikksølv og overflaten ble ustabil. For lite og refleksjonen mistet klarhet. Prosessen krevde presisjon i både temperatur, timing og blandingsforhold.
Kvikksølv er ikke et hvilket som helst metall. Det responderer på elektromagnetiske felt. Det leder. Det beveger seg. Det ble brukt i presisjonsinstrumenter nettopp fordi det reagerer på subtile variasjoner.
Et gammelt speil var derfor ikke bare en glassplate. Det var en kompleks metallisk struktur.»
Lysjord stiller spørsmålet korleis dette kunne ha blitt oppnådd utan moderne teknologi slik som vakuumkammer og digitale måleinstrument. Og her kan vi leggje til at dei store glasmeistrane på øya Murano utanfor Venezia ikkje fekk forlate øya – og produksjonshemmelegheitene vart overført munnleg frå far til son. Ingenting vart skrive ned. Saksyndig trekkjer her ein parallell til sjamanar i Nord-Noreg som kan stoppe blod på avstand (sokalla lesing). Denne kunnskapen blir òg berre munnleg overført. Enkelt forklart må personen lære gammelfinske formularar utanåt frå ein som er eldre enn seg sjølv, som regel faren. Dei må òg vete fødselsdato og tidspunkt på døgnet personen dei skal behandle er fødd. Teknikken verkar, men moderne vitskap kan ikkje forklare kvifor.
Lysjord trekkjer fram historia om ein britisk antikvitetshandlar som kjøpte ein venetiansk spegel frå 1400-talet på slutten av 1800-talet. Han gjev ikkje namnet på mannen, men andre kjelder som Saksyndig har sjekka opp namngjev han som MacGregor. Denne briten fekk etterkvart kontakt i spegelen med ein mann med klede frå same periode som spegelen vart laga, og dei greidde å kommunisere i lag. Mellom anna fann MacGregor etter instruksar frå denne fortidsherren eit skrin under ein planke i golvet. Ein fysikkprofessor var med på fleire eksperiment og noterte ned sine observasjonar – men dette vart aldri offentleggjort fordi det var stikk i strid med etablert vitskap. Det skal seiast at dette var i same periode som vitskapen nettopp hadde oppdaga at bakteriar og virus skapte dårleg helse, men eg mistenkjer at liknande skepsis hadde blitt utvist sjølv i dag.
Gamle, handlaga speglar frå Venezia vart systematisk øydelagt. Kanskje som ein protest mot den overdådige luksusen til overklassen (elitehat er ikkje eit nytt fenomen). Kanskje fordi desse gamle speglane vart rekna som farlege. Moderne speglar er industrielt framstilt og «ufarlege». Dei bør likevel brukast med varsemd. Visse spelereglar gjeld framleis.
Og sjølv utan overtru-elementet, er det eit anna fenomen tilknytt speglar som er unekteleg: Dei fleste er vande med å sjå sitt eige ansikt spegelvendt. Når ein so ser eit bilete av ansiktet sitt «rett veg» (slik alle andre ser det), kjennest det ut som noko er gale. Omvendt ser alle andre sine ansikt «rare» ut når ein ser dei i speglar. Kanskje dette er grunnen til at kameraa i moderne smarttelefonar (når du tek selfie) og på PC-ar (når du sit på Teams-møte) spegelvender ditt eige ansikt – for det er slik du er vand med å sjå deg sjølv.
Ditt eige spegelbilete er ein illusjon. Du ser ansiktet ditt slik det såg ut i «fortida», altso for nokre mikrosekund sidan. Dette heng saman med at lyset fyrst blir reflektert i spegelen, og so sendt via netthinna og synsnerven til synssenteret i hjernen. Du ser aldri ditt eige ansikt slik du ser ut akkurat no. Når du ser alle andre, ikkje-spegelvende ansikt, går lyset direkte inn i hjernen utan å ta omveg via overflata på ein spegel.
Kanskje denne tidsforseinkinga under visse forhold (til dømes i nattas mulm og mørke) var endå større i gamle speglar. Kanskje dette forklarte korleis MacGregor på 1800-talet såg ein mann som hadde vore død i 400 år. Det vil vi nok aldri få vete, for den rådande makta har øydelagt dei fleste speglar frå den perioden. Dei som er igjen blir strengt vakta, for denne forbodne kunnskapen har visse personar interesse av å halde tilbake.
