Feriemodus i NTB? Ifølgje dei vil Hizbollah-leiaren i Libanon straffe «korona-brenning»

Nettstaden Journalisten melder at NTB laurdag 29.juli publiserte ein artikkel om at leiaren for Hizbollah i Libanon ber muslimar straffe «koronabrenning». Denne skrivefeilen vart i sin tur overført til NRK Dagsnytt. Ordet «korona» vart nemnt fire gonger i innslaget, til trass for at temaet ikkje var koronaviruset i det heile. I staden var det koranbrenning Hizbollah-leiaren ville at muslimar skulle straffe – men Koranen vart ikkje nemnt ein einaste gong.

Redaksjonssjefen i Nyhetsmorgen og Dagsnytt, Elise Hazel Asbjørnsen, seier til Journalisten at dette rett og slett var ein rein slurvefeil: «Saken ble lest inn midt i et vaktskifte og det gikk rett og slett for raskt i svingene […].» Asbjørnsen vedgår at redaksjonen rett og slett hadde nytta seg av klipp-og-lim-metoden (copy-paste som dei sjølv kallar det). Ho seier vidare at «Enhver glipp er lei, i den forstand at det går ut over troverdigheten som vi lever av […].»

I motsetnad til truverdigheita hovudstraumsmedia no har, etter det dei lira av seg om koronaviruset under «pandemien»? I motsetnad til alle løgnene og propagandaen dei skriv om klimakrisa, Ukraina-krigen og den politikarskapte energikrisa? Då er det kanskje treffande at nettopp orda korona og koran blir forveksla, ettersom det er dei to mest betente orda ein finn i dagens samfunnsdebatt.

Nyheitssjefen i NTB, Hilde Kristiansen, seier til Journalisten at det er pinleg at dei ikkje oppdaga feilen før redaksjonen vart gjort merksam på den av ein mediekunde:

«Vi kan ikke forklare hvordan denne feilen har oppstått, da det er en ren menneskelig feil. Det er rett og slett veldig pinlig at vi har skrevet korona-brenning når det selvfølgelig skal være koranbrenning […].»

Det var berre i tittelen at feil ord vart brukt, elles var det korrekte «koranbrenning» brukt i artikkelen. NTB la ut ein korrigert versjon då dei vart gjort kjende med feilen.

Det eg assosierer med «korona-brenning» er fyrst og fremst brenninga av munnbind som Charter-Svein og andre gjorde tilbake i 2021. Og kva vart dei no kalla av hovudstraumsmedia igjen? Utskot? Konspirasjonsteoretikarar? Høgreekstreme? Statsfiendar? Ein brenn det ein foraktar, og ein kan gjerne argumentere for at enkelte personar nærer eit lite djupt hat til «slavemaska» som dei gjer til Koranen. Begge dei to er kraftige symbol på kritikklaus underkasting overfor eit fiendtleg, totalitært regime.

Kommenter innlegget