ReMix News rapporterer at Johannes Wagner, parlamentsmedlem i Det grøne partiet i Tyskland, seier at tyskarar burde gje opp rikdommen sin. Kommentaren hans kjem til trass for at fattigdommen aukar i Tyskland, og at han sjølv tener meir enn ti tusen euro i månaden (over 111 000 kroner), pluss at han får dekt reiseutgifter og andre utgifter. Dette fører han inn på inntektstoppen i Tyskland. For å føre skam til skade vil han òg motta ein sjenerøs pensjon på grunn av den høge lønna han får som statleg tilsett.
Tyskarar står for tida overfor stadig fleire økonomiske problem, inkludert resesjon, inflasjon, minkande reallønn og til og med tendensar til avindustrialisering. Herr Wagner meiner likevel at tyskarar er «moralsk forplikta» til å gje opp rikdommen sin. Han gjekk ut på X (tidlegare Twitter) og uttrykte raseri over at tyskarar ikkje ønskjer å gje vekk rikdommen sin (mi omsetjing):
«Det er ei stor skam at so mange menneske ikkje ser (eller ikkje ønskjer å sjå?) kor utruleg framgangsrike vi er i Tyskland. Vi er eitt av dei rikaste landa på Jorda. Vi kan framleis gje so mykje. Og vi er òg moralsk forplikta til å gjere det.»
I ei anna Twitter-melding kravde Wagner «meir omfordeling av rikdommen til dei superrike», men nemnde ikkje korleis desse pengane skulle bli omfordelt.
Ikkje overraskande møtte Wagner ei flodbølgje av negative kommentarar på sosiale media. Brukarar påpeikte at ved sida av fattigdom og økonomisk motbør, ligg snittformua til unge tyskarar langt under den til andre EU-land, medan den føderale regjeringa har skyhøg gjeld på totalt 2,5 billionar (2500 milliardar) euro.
Det føderale kontoret for statistikk fann ut at andelen fattige menneske i Tyskland i fjor nådde eit nytt rekordnivå, og at det har skjedd eit stort skifte i den tyske økonomien. Ulrich Schneider, direktør i Den tyske foreininga for velferdslikskap (på tysk: Deutscher Paritätischer Wohlfartsverband), seier at funna er sjokkerande, og at effektane av pandemien framleis er ei sterk påverknadskraft. Foreininga hans hjelper til med å levere og koordinere sosiale velferdstenester i landet, og har 10 000 organisasjonsmedlemmer, i tillegg til foreiningsgreiner i alle 15 tyske delstatar. Schneider legg til at aldri før har fattigdommen spreidd seg so raskt som under pandemien, og at dei aldri nokosinne har sett so mange fattige menneske.
På same tid har Tyskland som mål å bruke 36 milliardar euro i 2023 åleine på innvandring. Samstundes står eit aukande tal eldre borgarar i fare for å hamne i fattigdom – føderalstatlege data publisert etter førespurnad frå partiet Alternative für Deutschland avslører at 28,1% av eldre står i fare for å hamne i fattigdom, eit tal som er høgare enn EU-gjennomsnittet på 27,4%, og langt høgare enn sine vest-europeiske naboar Frankrike (19,1%), Belgia (17,4%) og Luxembourg (9,3%).
Kort fortalt har herr Wagner i det som ser ut som den tyske utgåva av Miljøpartiet De Grønne same urealistiske og absurde syn på korleis samfunnet fungerer. Om han vil gå føre med eit godt døme, kan han jo byrje med å dele ut pengar av si eiga astronomiske lønn.
