Studie antydar at covid-19-vaksinerte kan overføre partiklar til uvaksinerte gjennom dropesmitte

Lenge gjekk det rykte om at covid-19-vaksinerte kunne overføre verkestoffa i «vaksinane» til uvaksinerte via sokalla shedding, og dette vart av enkelte rekna som ein konspirasjonsteori. No ser det derimot ut til at nok ein konspirasjonsteori kan ha blitt faktum, akkurat som teorien om at der finst parti med «vaksinar» som er langt farlegare enn andre. Nettstaden 100percentfedup.com rapporterer om ein fagfellevurdert studie publisert i ImmunoHorizons, som antydar at covid-19-vaksinerte kan overføre antistoff til uvaksinerte «gjennom aerosol og dropar som blir danna som eit resultat av normal respirasjon».

Enkelt forklart kan altso dei som mottok dei eksperimentelle covid-19-sprøytene shedde partiklar på dei som ikkje mottok sprøytene. Som nettstaden skriv (mi omsetjing):

«Sjølv om eit Pfizer-dokument inneheld ein heil seksjon om moglegheita for ‘vaksine-shedding’, har fenomenet blitt avvist som ein konspirasjonsteori.»

Pfizer skal visstnok ha kome med denne innrømminga i eit dokument med den ikkje akkurat kortfatta tittelen A phaze 1/2/3, placebo-controlled, randomized, observer-blind, dose-finding study to evaluate the safety, tolerability, immunogenicity, and efficacy of SARS-CoV-2 RNA vaccine candidates against covid-19 in healthy individuals. Dokumentet kan lesast her.

Den fagfellevurderte studien kjem med døme på at shedding-fenomenet har funne stad i heimar som har covid-19-vaksinerte foreldre og uvaksinerte barn. Som vitskapsfolk ved Universitetet i Colorado fann ut i studien:

«Dataa som vi viser frå prøvar frå nasane til menneske kjem med evidens for aerosol-overføring mellom immune og ikkje-immune vertar».

Og vidare:

«Respiratorisk overføring av viralinfeksjon er bevis på at orale/nasale konstituentar kan bli kommunisert gjennom aerosolar og/eller respiratoriske dropar.»

Prøvar av nasehola vart skaffa ved Colorado Tri-County vaksinesenter i byen Aurora. Resultata til studien kan lesast her. Sjølve studien er skriven på eit teknisk krevjande språk, men The Epoch Times har grave i saka. Dei skriv: «[…]funna antydar at aerosol-overføring av antistoff kan finne stad mellom covid-19-vaksinerte foreldre og barna deira – og tendensen for denne overføringa er direkte relatert til mengda av nasale eller orale antistoff funne i dei som mottok vaksinane.»

Leiande vitskapleg offiser i Children’s Health Defense, Brian Hooker, skreiv mellom anna dette i ein e-post til The Epoch Times:

«Denne typen shedding blir kalla ‘passiv immunisering’, der antistoff […] faktisk blir utveksla mellom personar via respiratoriske dropar […]. Men dette vil gje minimal immunitet for ‘forbipasserande’ basert på det faktum at dei opphavlege mRNA-vaksinane gav so lite vern.»

Han sa òg at studien antydar at dersom antistoff kan bli overført frå ein person til ein annan, er der ein risiko for at piggproteinet som blir laga av covid-19-vaksinar òg kan bli overført. Han la til:

«Dette kan forårsake immunisering av forbipasserande so vel som problem assosiert med piggprotein-forgifting av mellom anna blodstraumen og andre vevar.»

Forskarane bak studien skreiv at den enklaste tolkinga av resultata deira er at 1) aerosol-overføring kan finne stad, og 2) at tendensen til denne overføringa, ikkje overraskande, er direkte relatert til mengda nasale/orale antistoff som er funne i den delen av befolkninga som har immunitet.

Det kan her diskuterast kor mykje «immunitet» mRNA-injeksjonane faktisk gav, ettersom det etter denne ukritiske massevaksinasjonen likevel fann stad utbrot av nye covid-19-variantar, slik som til dømes Omikron. Dei nemner konseptet flokkimmunitet, som ifølgje dei er ein sentral del av folkehelse-vaksinasjonskampanjar, der vaksineindusert immunitet hjå spesifikke personar beskyttar ikkje-immune medlemmer av samfunnet. Det skal her påpeikast at flokkimmunitet ikkje har noko med vaksinar å gjere, det er eit fenomen ein ser ved utbrot av liknande luftvegssjukdommar der mange nok utviklar naturleg immunitet via eksponering heilt til viruset døyr ut fordi det ikkje greier å spreie seg til fleire vertar. Men her vil dei altso ha det til at covid-19-«vaksinane» forårsaka flokkimmunitet, noko som jo må seiast å vere nytale, og ein nydefinisjon av konseptet flokkimmunitet.

Forskarane vedgår til slutt at det ikkje lenger var berekraftig å hente inn prøvar frå uvaksinerte, dette visstnok på grunn av problem med å rekruttere deltakarar frå denne målgruppa. Dette var ifølgje dei spesifikt på grunn av at «vaksinane» vart tilgjengelege for barn under fem år. Dette kan tolkast som at uvaksinerte testsubjekt til slutt vart for utfordrande å oppdrive.

Kommenter innlegget